Stortinget - Møte mandag den 17. juni 2019

Dato: 17.06.2019
President: Tone Wilhelmsen Trøen
Dokument: (Innst. 399 S (2018–2019), jf. Dokument 3:8 (2018–2019))

Innhald

Sak nr. 4 [13:50:14]

Innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens undersøking av det norsk-russiske bilaterale miljøsamarbeidet – ein parallellrevisjon med Den russiske føderasjons riksrevisjon (Innst. 399 S (2018–2019), jf. Dokument 3:8 (2018–2019))

Talarar

Presidenten: Etter ønske fra kontroll- og konstitusjonskomiteen vil presidenten foreslå at taletiden blir begrenset til 5 minutter til hver partigruppe og 5 minutter til medlemmer av regjeringen.

Videre vil presidenten foreslå at det – innenfor den fordelte taletid – blir gitt anledning til inntil seks replikker med svar etter innlegg fra medlemmer fra regjeringen, og at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

– Det anses vedtatt.

Nils T. Bjørke (Sp) [] (ordførar for saka): «Voda», «vozdukh», «zemlja» – vatn, luft og jord. Det er det dette handlar om, det grensenære samarbeidet ved grensene mellom Noreg, Russland og Finland, som Riksrevisjonen har sett nærare på i si undersøking av det norsk-russiske bilaterale miljøsamarbeidet. Det er ein samla komité som står bak innstillinga, og eg vil takka komiteen for godt samarbeid.

I rapporten har dei tre hovudfunn som er verdt å merka seg: Det er framleis rom for å styrkja samarbeidet i fleire av prosjekta og synleggjera den kunnskapen som kjem fram i samarbeidet. Framleis manglar det eit felles regelverk for gjennomføring av arbeidet. Midlane til å finansiera arbeidet verkar å verta utbetalt unødig seint.

Komiteen sluttar seg samrøystes til dette og dei tilrådingane Riksrevisjonen kjem med i rapporten sin. Kvifor gjer me det? Jo, fordi det er ingen tvil om at godt samarbeid mellom grannane Noreg og Russland er avgjerande om me skal få betra miljøtilstanden i grenseområda. I denne saka har me sett på kor viktig det er med eit samarbeid mellom landa. Sjølv om det frå tid til anna er usemje om både verkemiddel og mål, er det ingen tvil om at me treng meir samarbeid om dette skal me få gjort noko på miljøfeltet.

Eg vil takka Riksrevisjonen for ein god rapport. Riksrevisjonen har utstrekt internasjonalt samarbeid med andre statlege riksrevisjonar. I denne saka har det vore eit godt samarbeid med den russiske riksrevisjonen. Me treng meir av dette. Eg trur det er viktig at ein på den måten òg kan få meir oppslutnad om det på russisk side.

Sjølv om me som komité ikkje har makt og myndigheit til å avgjera det, har me bedt om at Klima- og miljødepartementet og Utanriksdepartementet set seg saman for å sjå på om det kunne ha vore mogleg at det er tid for å innleia ny kontakt om ein ny miljøvernavtale mellom Noreg og Russland. Avtalen me har i dag, har passert 27 år. Når me veit kor fort miljø- og klimatilstanden har endra seg, treng me meir samarbeid, ikkje mindre. Den parallellrevisjonen me har hatt i denne saka, kan kanskje vera med på å byggja opp under eit tettare samarbeid.

Det er ingen tvil om at ulik verksemd på ulike sider av Pasvikelva påverkar vatnet i elva. Me veit at det er høge verdiar av nikkel og kopar i elva, og me har fått høyra om innsjøane i Jarfjordfjellet som er påverka av tungmetall. Vidare har me fått høyra om fisk i russiske innsjøar som er deformerte, og som har stuttare levetid.

I jordsmonnet er det meir tungmetall enn kva godt er. Det gjev seg utslag i at me finn att desse tungmetalla i fuglar og pattedyr. Svovel, kopar og nikkel er funne i mose og furunåler. Det er ingen tvil om at i dette området har utvinning av naturressursar hatt innverknad på det som er rundt denne produksjonen.

Så langt verkar ikkje grunnvatnet å vera så sterkt påverka, men dette treng ein å vera på vakt overfor framover. Når nedbøren kjem med tungmetall ned i jordsmonnet, kan det truleg på sikt påverka grunnvatnet. Difor må ein overvaka dette nøye.

Ein samla komité meiner det er viktig å ha eit godt samarbeid mellom Noreg og Russland. Me er m.a. glade for eit arbeidsprogram som ligg til grunn for den norsk-russiske miljøvernkommisjonen. Me treng meir samarbeid for at me i fellesskap kan koma fram til gode løysingar på dei miljøutfordringane me står overfor. Eit tettare samarbeid vil kanskje fjerna det som i dag vert oppfatta som hindringar i samarbeidet. Til dømes gjeld dette å registrera talet på isbjørnar på russisk side og registrering av det biologiske mangfaldet.

Me er elles samde med Riksrevisjonen i at det er ein veikskap i samarbeidet, i og med at me ikkje har noko semje om kva som bør vera felles grenseverdiar. Men det er nettopp det eit nærare samarbeid bør handla om, at ein i fellesskap kjem fram til eit regelverk det går an å halda seg til, til felles beste for både innbyggjarane og det dyre- og plantelivet som er i grenseområdet. Det gjeld ikkje minst å få på plass ein heilskapleg plan for forvalting av Barentshavet som òg inkluderer dei russiske havområda. Me legg til grunn at me som nasjon vil følgja opp det russiske arbeidet som er sett i verk med å laga ein forvaltingsplan for den russiske delen av Barentshavet. Dette havområdet er særs viktig og sårbart, noko som gjer det avgjerande å verta samde om finansiering, metodikk og ikkje minst dei miljømåla som skal verta sette i arbeid.

Eg vil til slutt få takka dei som var med og utarbeidde program for synfaringa me hadde i Aust-Finnmark og i Russland. Dette gjeld våre komitésekretærar, Fylkesmannen i Troms og Finnmark, ikkje minst dei frå miljøvernavdelinga der oppe, og elles dei som har stilt seg til rådvelde for oss i samband med handsaminga av denne saka. Det var lærerikt å få sjå korleis samarbeidet fungerer i praksis, og det var mange engasjerte som verkeleg vil få til dette samarbeidet. Det gjev håp for framtida.

Statsråd Ola Elvestuen []: Miljøsamarbeidet med Russland er en viktig del av regjeringens nordområdepolitikk og Norges forhold til Russland. Arbeidet er forankret i miljøvernavtalen av 1992 og den norsk-russiske miljøvernkommisjonen.

Samarbeid med Russland er svært viktig for å kunne bevare et godt miljø i Barentshavet og i grenseområdene og ta vare på felles sårbare og truede arter. Havmiljøsamarbeidet og det grensenære samarbeidet er spesielt høyt prioritert. Vi har nylig initiert et nytt og viktig samarbeid mot marin forsøpling i Barentshavet.

Riksrevisjonens rapport viser at det norsk-russiske miljøvernsamarbeidet i det store og hele fungerer godt og etter hensikten. En hovedkonklusjon er at miljøvernkommisjonen er en viktig samarbeidsarena, som bidrar til å bygge gjensidig tillit mellom Norge og Russland på flere myndighetsnivå.

Riksrevisjonen peker i sin rapport også på noen muligheter til å forbedre samarbeidet under miljøvernkommisjonen. For å styrke arbeidet anbefaler Riksrevisjonen at man utvikler regler og prosedyrer for arbeidet under miljøvernkommisjonen. Dette har vi fulgt opp, og vi er i gang med dette arbeidet sammen med våre russiske partnere.

Et nytt arbeidsprogram for miljøvernsamarbeidet for 2019–2021 ble vedtatt 19. februar i år. Arbeidsprogrammet har prosjekter hvor Riksrevisjonens anbefalinger nå blir fulgt opp.

Prosjektet med å lage en flerbruksplan for Pasvikvassdraget er alt kommet i gang, og det samme gjelder tiltak for å få sammenlignbare metoder for overvåking av tungmetaller.

Riksrevisjonen påpeker at utslippene fra nikkelverket ved grensen fortsatt er høye. Utslippene er fortsatt altfor høye. De har riktignok gått ned de siste tre årene, og gruveselskapet Nornickel, tidligere Norilsk Nickel, har varslet tiltak for å få utslippene ytterligere ned.

Miljødirektoratet gjør, på oppdrag fra departementet, vurderinger av hva de russiske tiltakene vil bety for situasjonen framover. Miljødirektoratets foreløpige vurdering er at tiltakene trolig vil redusere antallet episoder med høy luftforurensning på norsk side, men at man ikke kan utelukke at slike episoder oppstår når vinden står fra smelteverket mot Norge. Det betyr at det er behov for ytterligere innsats for å få ned utslippene i Nikel.

Det er et russisk ansvar å redusere utslippene. Norge har vært en pådriver for å få utslippene ned. Vi vil fortsette å ta saken opp politisk helt til utslippene ikke lenger skader helse og miljø i grenseområdene.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 4.