Stortinget - Møte onsdag den 12. juni 2019 *

Dato: 12.06.2019
President: Nils T. Bjørke

Innhald

*) Referatet er foreløpig, ikke korrekturlest.

Formalia

President: Nils T. Bjørke

Presidenten: Den innkalla vararepresentanten for Nordland fylke, Kjell-Idar Juvik, tek no sete.

Det ligg føre fire permisjonssøknader:

  • frå Senterpartiets stortingsgruppe om sjukepermisjon for representanten Geir Adelsten Iversen frå og med 12. juni og inntil vidare

  • frå Arbeidarpartiets stortingsgruppe om velferdspermisjon for representanten Øystein Langholm Hansen i dagane 13. og 14. juni

  • frå Sosialistisk Venstrepartis stortingsgruppe om permisjon for representanten Petter Eide i dagane 13. og 14. juni for å delta i møte i Europarådets parlamentariske forsamling i Paris

  • frå Arbeidarpartiets stortingsgruppe om permisjon for representanten Espen Barth Eide i dagane 13. og 14. juni for å delta i styremøte for Centre for Humanitarian Dialogue i Genève

Desse søknadene vert føreslått behandla straks og innvilga. – Det er vedteke.

Frå fyrste vararepresentant for Oslo, Olivia Corso Salles, ligg det føre søknad om fritak for å møta i Stortinget under representanten Petter Eides permisjon på grunn av foreldrepermisjon.

Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:

  1. Søknaden vert behandla straks og innvilga.

  2. Følgjande vararepresentantar vert innkalla for å møta i permisjonstida:

    • For Finnmark fylke: Nancy P. Anti

    • For Oslo: Zaineb Al-Samarai og Marian Hussein

    • For Rogaland fylke: Julia Wong

Presidenten:Nancy P. Anti er til stades og vil ta sete.

Før sakene på dagens kart vert tekne opp til behandling, vil presidenten opplysa om at møtet i dag held fram utover kl. 16.