Stortinget - Møte torsdag den 17. januar 2019

Dato: 17.01.2019
President: Tone Wilhelmsen Trøen

Innhald

Voteringer

Votering

Etter at det var ringt til votering, uttalte

presidenten: Då er me klare til å gå til votering.

Votering i sak nr. 1

Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt tre forslag. Det er

  • forslaga nr. 1 og 2, frå Hadia Tajik på vegner av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslag nr. 3, frå Hadia Tajik på vegner av Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti

Det vert først votert over forslag nr. 3, frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen sikre at alle landets kommuner vedtar en strategi for heltidskultur, og opprette en statlig økonomisk tilskuddsordning for prosjekter for heltid og mot deltid.»

Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 68 mot 38 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 12.56.28)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:11 S (2018–2019) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken, Solfrid Lerbrekk, Kari Elisabeth Kaski, Sheida Sangtarash og Freddy André Øvstegård om å styrke retten til heltid i arbeidsmiljøloven – vedtas ikke.

Presidenten: Det vert votert alternativt mellom tilrådinga og forslaga nr. 1 og 2, frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Forslag nr. 1 lyder:

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå arbeidsmiljøloven og fremme forslag som sikrer retten til heltid.»

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber regjeringen styrke retten til heltid i arbeidsmiljøloven ved å stille krav om at arbeidsgiver må sannsynliggjøre sitt behov for deltidsstilling.»

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaga frå Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart tilrådinga vedteken med 55 mot 49 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 12.57.13)

Votering i sak nr. 2

Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt åtte forslag. Det er

  • forslag nr. 1, frå Per Olaf Lundteigen på vegner av Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslaga nr. 2 og 3, frå Leif Audun Sande på vegner av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslaga nr. 4–7, frå Solfrid Lerbrekk på vegner av Sosialistisk Venstreparti

  • forslag nr. 8, frå Bjørnar Moxnes på vegner av Raudt

Det vert først votert over forslag nr. 8, frå Raudt. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen fremme lovforslag om å erstatte kravet til «forsvarlig fremgangsmåte» med en klargjøring i lovteksten av fremgangsmåte ved varsling, jf. arbeidsmiljøloven § 2 A-1 (2) og skjerpe vernet mot gjengjeldelse ved varsling.»

Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Raudt vart med 94 mot 10 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 12.57.59)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 7, frå Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen oppheve medleverforskriften, slik at virksomhetene i stedet for denne forskriften benytter adgangen til å inngå avtale med fagforening med innstillingsrett eller søke Arbeidstilsynet, jf. arbeidsmiljøloven § 10-12 fjerde til syvende ledd.»

Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti vart med 95 mot 8 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 12.58.15)

Presidenten: Det vert votert over forslaga nr. 4–6, frå Sosialistisk Venstreparti.

Forslag nr. 4 lyder:

«Stortinget ber regjeringen utrede og gjennomgå hvorvidt arbeidsforholdene, herunder bemanning, er i tråd med lov- og kontraktsforhold hos kommersielle velferdsaktører innenfor helse- og omsorgssektoren, og orientere Stortinget på egnet måte om dette og si opp avtalene der det er grunnlag for dette.»

Forslag nr. 5 lyder:

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan brudd på lov- og kontraktsforhold mer effektivt kan avdekkes i velferdstjenester, og hvilke konsekvenser slike brudd skal få. I den forbindelse bes regjeringen vurdere om det bør gis adgang til ileggelse av bøter tilsvarende en andel av virksomhetens omsetning.»

Forslag nr. 6 lyder:

«Stortinget ber regjeringen sikre at det blir fremmet lovforslag som styrker vernet av varslere, og sikre at det blir fremmet forslag om et nasjonalt varslerombud i forbindelse med behandlingen av NOU 2018:6.»

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Forslaga frå Sosialistisk Venstreparti vart med 95 mot 9 røyster ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 12.58.33)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 1, frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen sikre at skattefinansierte velferdstjenester drives av det offentlige og ideelle aktører, og legge frem en plan for gradvis opptrapping av offentlig og ideelt eierskap og drift.»

Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 85 mot 19 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 12.58.51)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:7 S (2018–2019) – Representantforslag fra stortingsrepresentant Bjørnar Moxnes om gode arbeidsvilkår for gode velferdstjenester – vedtas ikke.

Presidenten: Det vert votert alternativt mellom tilrådinga og forslaga nr. 2 og 3, frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber regjeringen sikre at aktører som mottar offentlige tilskudd til drift av velferdstjenester, har lønns- og arbeidsvilkår som ikke er dårligere enn i offentlige virksomheter.»

Forslag nr. 3 lyder:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med en melding til Stortinget hvor bøter og overtredelsesgebyrer i forbindelse med brudd på lover og forskrifter innen arbeidslivet blir gjennomgått.»

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaga frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart tilrådinga vedteken med 55 mot 49 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 12.59.29)

Votering i sak nr. 3

Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt seks forslag. Det er

  • forslag nr. 1, frå Solfrid Lerbrekk på vegner av Sosialistisk Venstreparti

  • forslaga nr. 2–5, frå Une Bastholm på vegner av Miljøpartiet Dei Grøne

  • forslag nr. 6, frå Bjørnar Moxnes på vegner av Raudt

Det vert først votert over forslag nr. 6, frå Raudt. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å lovfeste 37,5 timers arbeidsuke, slik at den alminnelige arbeidstiden i arbeidsmiljøloven blir lik den ordinære arbeidstiden i tariffavtalene.»

Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Raudt vart med 95 mot 9 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 13.00.12)

Presidenten: Det vert votert over forslaga nr. 2 og 5, frå Miljøpartiet Dei Grøne.

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber regjeringen nedsette et arbeidstidsutvalg for å utrede grunnlaget for en gradvis reduksjon i dagens arbeidstid med mål om økt fleksibilitet for arbeidstakere og økt fritid og livskvalitet i Norge.»

Forslag nr. 5 lyder:

«Stortinget ber regjeringen sammenstille og vurdere erfaringer fra nasjonale og internasjonale forsøk med arbeidstidsreduksjoner i ulike bransjer og sektorer, herunder sekstimers dag eller 30 timers arbeidsuke.»

Sosialistisk Venstreparti og Raudt har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Forslaga frå Miljøpartiet Dei Grøne vart med 95 mot 9 røyster ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 13.00.32)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 1, frå Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen igangsette langsiktige forsøk med forkortet arbeidstid i flere sektorer. Forsøkene bør gjøres i samarbeid med partene i arbeidslivet.»

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti vart med 95 mot 9 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 13.00.50)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:17 S (2018–2019) – Representantforslag fra stortingsrepresentant Une Bastholm om en arbeidstidsreform for mennesker og miljø – vedtas ikke.

Presidenten: Det vert votert alternativt mellom tilrådinga og forslaga nr. 3 og 4, frå Miljøpartiet Dei Grøne.

Forslag nr. 3 lyder:

«Stortinget ber regjeringen gi arbeidstidsutvalget et mandat hvor de blant annet skal foreslå hvordan normalarbeidstiden gradvis kan reduseres fra dagens nivå på 37,5 timer til 30 timer, samtidig som arbeidstakerne får bedret sine rettigheter og økt fleksibilitet i arbeidstid gjennom forskjellige faser av karrieren. En slik arbeidstidsreform skal utvikles i samarbeid med partene i arbeidslivet og forutsettes innført over en lengre tidsperiode (10-20 år) ved at økt produktivitet i økonomien i hovedsak hentes ut i form av økt fritid og livskvalitet istedenfor økte lønninger.»

Forslag nr. 4 lyder:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å utvide den lovfestede retten til deltid og styrke retten til fast ansettelse, også for ansatte i vikarbyrå.»

Raudt har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaga frå Miljøpartiet Dei Grøne vart tilrådinga vedteken med 101 mot 3 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 13.01.27)

Presidenten: Me går til sak nr. 5.