Stortinget - Møte tirsdag den 12. desember 2017

Dato: 12.12.2017
President: Magne Rommetveit

Søk

Innhald

Formalia

President: Magne Rommetveit

Minnetale over tidlegare stortingsrepresentant Hans Olav Tungesvik

Presidenten: Vyrde medrepresentantar!

Tidlegare stortingsrepresentant for Hordaland Kristeleg Folkeparti, Hans Olav Tungesvik, er gått bort. Han døydde 16. juni i år, 81 år gamal.

Med Hans Olav Tungesvik er ein av veteranane i Kristeleg Folkeparti gått bort.

Måndag 12. juni la han ut på ein sykkeltur, som den sprekingen han var. Dessverre kolliderte han med ein bil. Han vart hardt skadd og døydde fredag 16. juni på Haukeland sjukehus.

Hans Olav Tungesvik var ei sann eldsjel, med eit varmt hjarta, eit klart hovud og med ei uvanleg god formuleringsevne, både munnleg og skriftleg.

Tungesvik var cand.med. frå Universitetet i Oslo i 1964 og spesialist i psykiatri frå 1975.

Som psykiater vart han rekna blant dei fremste i landet.

Erling Rimehaug, tidlegare redaktør i Vårt Land, skreiv i samband med bortgangen til Tungesvik: «Jeg husker fremdeles den trygge varmen som preget stemmen til Radiolegen.»

Programmet «Et kvarter med legen» på NRK gjorde Hans Olav Tungesvik kjend i heile Noreg og til ein populær mann.

Sin politiske innsats starta han i partiet Venstre og var m.a. fylkesleiar i Hordaland Venstrelag frå 1972 til 1974. Men i 1975 melde han seg inn i Kristeleg Folkeparti og var aktiv her gjennom meir enn 40 år. Så seint som då han var 80 år, var han styremedlem i Etne Kristeleg Folkeparti. Han har stått last og brast med partiet i medgang og motgang og var aktiv både i det offentlege ordskiftet og internt i organisasjonen.

Ved valet i 1977 kom Hans Olav Tungesvik inn på Stortinget som representant for Hordaland Kristeleg Folkeparti. Han var stortingsrepresentant i to periodar. Både som lege og som politikar profilerte han seg særleg sterkt i kampen for det ufødde liv.

Her på Løvebakken vart han opplevd som ein glad og humørfylt mann, og ein utprega samarbeidspolitikar som var oppteken av å få ting til. Samtidig greidde han å kombinera varme med gode prinsipp og med det å vera tydeleg.

Som stortingsrepresentant var han medlem av kyrkje- og undervisningskomiteen og den utvida utanrikskomiteen. Trass ei etter forholda kort karriere som stortingsrepresentant vert Hans Olav Tungesvik hugsa som ein markant og dyktig parlamentarikar.

At det ikkje vart meir enn to periodar på Løvebakken, var hans eiga avgjerd. Han følte rett og slett at han var for mykje borte frå kona, Liv, og dei fem borna deira.

Etter tida på Stortinget grunnla han det psykiatriske hjelpetilbodet Frihamnsenteret i Skånevik.

Hans Olav Tungesvik var ein særs medviten brukar av det nynorske skriftspråket og var leiar i Noregs Mållag i ein femårsperiode, der han også seinare vart utnemnd til æresmedlem.

Bøker og artiklar vart alltid skrivne på eit malmfullt og godt nynorsk. Han er tildelt Hans Majestet Kongens fortenestemedalje i gull.

Til 80-årsdagen sin gav Tungesvik ut den sjølvbiografiske boka «Ei forfriskande livsreis».

No er den livsreisa slutt. Ein lang arbeidsdag for samfunn og for medmenneske er avslutta.

Hans Olav Tungesvik står som ein bauta både innanfor politikken og sitt fagfelt. Han hadde eit brennande engasjement, for menneskeverdet, for livet og for å gjera noko for menneska rundt seg.

Me er mange som har gode og takksame minne om Hans Olav Tungesvik. Det er med sorg me har motteke meldinga om hans bortgang.

Me minnest Hans Olav Tungesvik for hans virke i Stortinget og lyser fred over hans minne.

Representantane høyrde ståande på presidentens minnetale.

Presidenten: Representanten Per Espen Stoknes vil setja fram eit representantforslag.

(Per Espen Stoknes har med seg ei røyrpostpatron på talarstolen.)

Før representanten begynner, vil presidenten minna om at rekvisittar ikkje skal vera på talarstolen.

Per Espen Stoknes (MDG) []: På Stortinget er vi gode på rørpost. Nå er det snart mulig å sende folk og fisk i rørpost fra Oslo til København på 30 minutter. Jeg legger derfor inn et forslag om en mulighetsstudie om et nordisk Hyperloop-initiativ.

Presidenten: Røyrposten vil verta behandla etter reglementet. (Munterheit i salen)

Før sakene på dagens kart vert tekne opp til behandling, vil presidenten føreslå at Stortinget fråvik forretningsordenen § 59 første ledd og voterer etter at sakene nr. 1 og 2 er ferdigbehandla, og har deretter samla votering etter sakene nr. 3–6 ved slutten av dagens møte.

– Det er ingen innvendingar mot presidentens forslag, og det er å sjå som vedteke.

Vidare vil presidenten opplysa om at møtet i dag held fram utover kl. 16.

Presidenten vil føreslå at sakene nr. 1 og 2 vert behandla under eitt.

– Det er vedteke.