Stortinget - Møte torsdag den 14. juni 2018

Dato: 14.06.2018
President: Magne Rommetveit

Søk

Innhald

Formalia

President: Magne Rommetveit

* Sak nr. 14 er under møtet endret fra tidligere oppsatt dagsorden. Referat er dermed blitt ny sak nr. 15.

Presidenten: Representanten Freddy André Øvstegård vil leggja fram eit representantforslag.

– Representanten er ikkje til stades i salen.

Representanten Tuva Moflag vil leggja fram eit representantforslag.

Tuva Moflag (A) []: På vegne av representantene Ingvild Kjerkol, Tuva Moflag, Tellef Inge Mørland, Elise Bjørnebekk-Waagen og Tore Hagebakken vil jeg legge fram et representantforslag om å utrede og utarbeide forslag til lovhjemmel slik at kommuner som ønsker det, kan forsøke en ordning med obligatorisk innkalling til MMR-vaksinering.

Presidenten: Representanten Per Espen Stoknes vil leggja fram eit representantforslag.

Per Espen Stoknes (MDG) []: På vegne av representantene Elise Bjørnebekk-Waagen, Ingvild Kjerkol og meg selv vil jeg fremme et forslag om bedre kommunetilbud til volds- og overgrepsutsatte unge.

Presidenten: Representanten Ivar Odnes vil leggja fram eit representantforslag.

Ivar Odnes (Sp) []: På vegner av representantane Siv Mossleth, Åslaug Sem-Jacobsen, Liv Signe Navarsete og meg sjølv vil eg leggja fram eit representantforslag om eit rimelegare og betre ekspressbusstilbod i heile landet.

Presidenten: Forslaga vil verta handsama etter reglementet.

Før sakene på dagens kart vert tekne opp til handsaming, vil presidenten opplysa om at Stortingets møte i dag fortset utover kl. 16 til kartet for i dag er ferdig handsama.

Den første saka som her ligg til handsaming, har ikkje lege ute den reglementsbestemte tida, dvs. 48 timar. Med heimel i forretningsordenens § 46 vil presidenten føreslå at Stortinget likevel handsamar denne saka no.

– Ingen innvendingar har kome mot forslaget frå presidenten, og det er å sjå som vedteke.