Stortinget - Møte torsdag den 8. desember 2016

Dato: 08.12.2016
President: Olemic Thommessen
Dokument: (Innst. 96 S (2016–2017), jf. Dokument 8:127 S (2015–2016))

Innhald

Sak nr. 7 [12:03:38]

Innstilling frå næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Torgeir Knag Fylkesnes og Snorre Serigstad Valen om langsiktighet og trygghet for turistfiske (Innst. 96 S (2016–2017), jf. Dokument 8:127 S (2015–2016))

Talarar

Presidenten: Etter ønske fra næringskomiteen vil presidenten foreslå at taletiden blir begrenset til 5 minutter til hver partigruppe og 5 minutter til medlemmer av regjeringen. Videre vil presidenten foreslå at det – innenfor den fordelte taletid – blir gitt anledning til inntil seks replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen, og at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

– Det anses vedtatt

Ingrid Heggø (A) [] (ordførar for saka): Turistfisket langs kysten har auka betydeleg dei siste åra, stadig fleire reiselivsbedrifter rettar seg inn mot denne marknaden. Det er både viktig og rett å satsa på ein veksande marknad for opplevingsturisme ved å nytta vårt fremste fortrinn: fjordane og den langstrekte kysten vår.

Komiteen viser vilje til å satsa på turistfiske, og vi har også klart å samla oss om enkelte viktige punkt for framtidige reglar om turistfiske.

Det å leggja til rette for turistfiske innanfor berekraftige rammer er vi alle einige om. Men i dag er det ikkje kontroll med kor mykje fisk som vert fiska av utanlandske turistar. Dette må vi få ordna opp i. Komiteen står samla i synet på at det er viktig å få ei samla oversikt over kor mykje fisk som faktisk går til utanlandske turistar.

Komiteen støttar òg å innføra ei registreringsordning for turistfiskebedrifter og pliktig rapportering av fangsten. Dette framlegget kom Arbeidarpartiet med i den fiskeripolitiske plattforma si for ca. to år sidan, og vi er svært glade for at eit breitt politisk miljø no støttar ei registreringsordning.

Det er frå departementet si side sendt ut på høyring endringsframlegg til nye reglar for turistfiske. Høyringsframlegga varetek langt på veg framleggsstillarane sine framlegg. Unnateke er punkt 2, om innføring av fiskekort for utanlandske turistar, punkt 6, om lovendringar for å overføre forvaltninga til kommunane, og punkt 5, at fisk berre kan takast ut av landet dersom han er fiska i samarbeid med ei registrert turistfiskebedrift. Fleirtalet i komiteen går imot dei tre punkta som eg nemnde her.

Det er svært gledeleg at ein samla komité seier at det skal utarbeidast omrekningsreglar, slik at talet på kilo som turistane kan ta ut av landet, no skal reknast i rund fisk. Dagens praksis med loins og filetar er bokstaveleg talt gårsdagens løysing, der brorparten av fisken vert kasta. Dette er ikkje i tråd med stortingsfleirtalet sitt ønske og vilje når det gjeld å utnytta heile fisken og alt råstoffet. Eg håpar på støtte også for framlegget som ligg føre til behandling i denne saka i dag.

Det som komiteen ikkje greidde å samla seg om, var å gå klart og tydeleg imot ein auke frå 15 til 30 kg fisk. Men det gjer Venstre, Senterpartiet, SV og Arbeidarpartiet.

Heller ikkje vert det semje om å inkludera troféfiske. Dette vert støtta av Senterpartiet, SV og Arbeidarpartiet. Men eg tolkar dei andre i komiteen slik at ein ønskjer å venta med å ta stilling til dette inntil reiselivsmeldinga – der turistfiske skal omtalast – kjem, og at ein ikkje er imot ei inkludering av troféfiske.

Det er òg ein samla komité som peikar på at det er opplevinga av å fiska som er hovudessensen i turistfisket, ikkje matauk, og at talet på kilo til utførsel bør verta mindre når fisken ikkje er fanga ved eit registrert turistanlegg.

Komiteen peikar på at utanlandske turistar ikkje har høve til å selja fangsten. 15 kilo filetfisk er eit relativt stort kvantum, det utgjer faktisk eit års forbruk om ein tek utgangspunkt i kosthaldsråda når det gjeld fisk. Komiteen er også samla i synet på at turistfiske bør koma inn i den venta reiselivsmeldinga.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet ber òg om ei utgreiing av om utførselskravet til talet på kilo skal gjelda per år, ikkje per utførsel – som i dag – og fremjar framlegg om dette i dag.

Når det gjeld dei nærmare reglane om gjennomføringa av registrerings- og rapporteringsordningane, er alle, unnateke medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, samde med departementet i at det ikkje bør konkluderast før etter at høyringa er ferdig.

Fleirtalet vil ikkje støtta kravet i punkt 2 i dette Dokument-8-framlegget, om innføring av fiskekort for utanlandske turistar. Fleirtalet støttar heller ikkje punkt 6, framlegget om å overføra retten til å forvalta turistfiske til kommunane. Forvaltning og kontroll med dei marine ressursane ligg i dag hjå Fiskeridirektoratet. Dei har god lokalkunnskap og god kompetanse. Fleirtalet peikar på at Fiskeridirektoratet framleis vil vera best eigna til å løysa kontroll- og forvaltningsoppgåvene i turistnæringa.

Eg tek hermed opp alle mindretalsframlegga som Arbeidarpartiet er med på.

Presidenten: Representanten Ingrid Heggø har tatt opp forslagene hun refererte til.

Oskar J. Grimstad (FrP) []: I dei siste 15–20 åra har det vore ein framvekst av fleire reiselivsbedrifter som legg til rette for såkalla turistfiske. Desse bedriftene baserer næringsverksemda si på uttak av dei felles og avgrensa fiskeriressursane våre. Vi har ikkje god oversikt over kor mykje fisk denne næringsaktiviteten samla sett tar av dei felles ressursane våre, då vi manglar eit godt rammeverk knytt til denne aktiviteten.

Eg, som kjem frå Sunnmøre, har sjølv sett bedrifter der dei same gjestane årvisst kjem igjen, noko som viser kor attraktiv denne typen reiselivsnæring er. Dei fiskar – og dei fiskar godt. Moglegheitene deira for å ta opp betydelege mengder ligg det til rette for. Så det er forståeleg at diskusjonen handlar om totaluttak.

Representantane frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre viser til at regjeringa har forslag til endringar i regelverket for turistfiske på høyring, og at kunnskap frå høyringsrunden enno ikkje ligg føre. Regjeringa har også ei stortingsmelding om reiseliv under utarbeiding og ser det som hensiktsmessig at spørsmål om turistfisket blir sett i den samanhengen.

Så er det ein diskusjon om høyringsframlegget frå departementet om å auke lovleg utførsel frå 15 til 30 kilo viss turistane har fiska i regi av ei registrert turistfiskeverksemd. Diskusjonen går også på om troféfisk skal vere ein del av dette totalvolumet.

Høyringsrunden og reiselivsmeldinga vil gå nærare inn på desse spørsmåla og vil vareta det som forslagsstillarane er opptatt av, å vere langsiktig og ha tryggleik for framtidige næringar, som dette representerer.

Line Henriette Hjemdal (KrF) []: Norge er et populært reisemål av mange grunner. Vi har en nydelig natur, og vi har en lang kyst, hvor muligheten til å fiske frister mange turister.

Turistfisket har økt betraktelig de siste årene. Det kommer mennesker fra hele verden for å fiske den fineste og største kveita eller torsken. Dette er viktig for reiselivet langs kysten. Samtidig er det viktig at det skjer innenfor en bærekraftig forvaltning.

En av utfordringene knyttet til turistfiske er at det blir igjen mye fisk etter at filetene er skåret og pakket. Dette fører til at mye fisk blir kastet. Vi har jo i komiteen hatt en sak om at vi skal forebygge matkasting. Også dette inngår her. Derfor vil Kristelig Folkeparti støtte forslag nr. 3, som er fremmet av Arbeiderpartiet og, tror jeg, Senterpartiet – nå ble jeg litt i stuss – fordi vi i merknadene, men ikke i verbalforslaget, sammen med resten av komiteen ber regjeringen utarbeide en omregningsregel, slik at antall kilo blir regnet i rund fisk. Det er for å være med på å hindre at fileten blir brukt og resten kastet.

I dag har vi ikke kontroll med hvor mye fisk som fiskes som en del av turistfiskekvoten. Jeg er derfor glad for svaret, som viser at regjeringen er klar over utfordringen og allerede er i gang med tiltak som kan sikre en bedre forvaltning, bl.a. med et forslag som nå er på høring, om å innføre en registreringsordning for turistfiskebedrifter og pliktig rapportering av fangst.

Jeg forventer at regjeringen følger opp med de riktige og gode tiltakene når høringen er over, og at dette blir drøftet nærmere i reiselivsmeldingen som regjeringen skal komme med. Jeg ser fram til å jobbe videre med dette i den sammenheng.

Geir Pollestad (Sp) [] (leiar i komiteen): Turistfiske og det at folk ønskjer å koma til Noreg for å fiska, er i utgangspunktet eit stort gode, men det må skje innanfor nokre rammer.

For ikkje å dra ut debatten unødvendig vil eg berre fullt og heilt slutta meg til innlegget frå representanten Hjemdal og det som der vart sagt. Det var éin uklårleik i innlegget frå representanten Hjemdal, og det var om forslag nr. 3 var frå Arbeidarpartiet eller frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Det rette er at det er frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Senterpartiet si grunngjeving for å gå imot forslaga nr. 4, 5 og 6, frå SV, er at me fryktar at det her vert lagt opp til ei ordning som i ei ideell verd ville ha vore god, men som vil påføra mykje unødvendig byråkrati, som ikkje står i samsvar med den nytten som forslaga ville gje.

Pål Farstad (V) []: Fiskeriministeren gir et godt svarbrev med relevante vurderinger til komiteen, slik det ligger ved denne saken. Det som skrives om registreringsordning for turistfiskebedrifter og pliktig rapportering av fangst, er tiltak som vil gi bedre oversikt – ja faktisk nødvendig oversikt. Det er en samlet komité som poengterer at det er viktig å få en oversikt over hvor mye fisk som faktisk går til turistfiske.

Turistfiske er viktig for mange kystsamfunn, og Venstre ønsker at dette skal være og bli en attraktiv næringsvei for både eksisterende og nye turistbedrifter. Fiskerinæringen og reiselivsnæringen lever side om side mange steder, og det vil raskt oppstå situasjoner der det murres om ressursuttak fra havet. Hvor mye av bestemte kystbestander blir høstet? Fiskerne har rapporteringsplikt. Det har ikke turistbedriftene. Jeg er glad for at det foreslås innført.

Denne saken, fra SV, kommer midt i en høringsrunde som Nærings- og fiskeridepartementet gjennomfører, knyttet til turistfiske. I dette bildet er jeg glad for at et stort flertall i komiteen, alle unntatt SVs representant, er enig med departementet i at det ikke må konkluderes med nærmere regler om gjennomføring av registrerings- og rapporteringsordningene før etter at høringsprosessen er avsluttet.

Noe annet som jeg er glad for at et stort flertall i komiteen avviser, er forslaget om å overføre retten til å forvalte turistfiske til kommunene. Fiskeressursene er nasjonale og må forvaltes nasjonalt. Det har vært påpekt av flere. Det er jeg helt enig i.

Avslutningsvis vil jeg tilkjennegi at Venstre støtter forslag nr. 3, fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet, som omhandler omregningsregler.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) []: Fisketurismen er ei fantastisk spennande næring. Ho har vakse og vakse og begynner no å bli ei verkeleg stor nasjonal næring. Antakeleg har det ikkje stoppa med det. Denne næringa kjem til å vekse ytterlegare i åra som kjem. Det er fantastisk. Det som gjer det så spennande, er at dette er ei næring som så til dei gradar er knytt til distriktsbusetjing og til arbeidsplassar i distrikta. Ein kan spe på inntekta ved at det kan vere ei attåtnæring, ei hovudnæring eller ei mellomsesongnæring – det er veldig mange spennande sider ved dette. Det er såleis ikkje ei grunnæring, men ho supplerer andre næringar på ein veldig fin måte.

Så langt har det vore lite regulering rundt denne delen av næringa. Det har ikkje vore bestemte krav knytte til bedrifter som opererer i dette feltet, det har ikkje vore bestemte krav til båtar som ein tar i bruk her, og ein har lenge hatt ei utførselskvote, som ikkje har vore sett under kritisk søkjelys, samtidig som ein veit at veldig mykje fisk forsvinn ut av landet, mykje meir enn ein klarer å fange opp med dei få kontrollane som er. Det er bakgrunnen for at SV før sommaren fremja dette forslaget.

Det som er bra, er at komiteen er einig i at ein treng å bevege seg inn i dette, men like etter at SV fremja dette forslaget før sommaren, kom regjeringa med eit høyringsnotat på dette området og starta arbeidet sitt. Plutseleg, i løpet av eit halvår, er alle einige om at vi no treng å gjere noko, no treng vi å ramme inn denne næringa. Det har kanskje vore riktig ikkje å ramme ho inn i ein oppstartsfase for å sjå kva type vekstnivå ho kan ha, men no, når omfanget av dette har blitt så stort både i inntekter og i aktivitet på havet, er det på tide å ramme ho ordentleg inn.

Da er vårt forslag at ein må ha ei registrering av bedriftene. Det må vere ei godkjenningsordning for båtar. Vi veit at veldig mange av ulykkene til havs gjeld utlendingar, og at ein del av dei som forliser på havet, er utlendingar. Dei er overrepresenterte i desse statistikkane.

Hovudtenkinga vår er at vi ønskjer å knyte dei utanlandske turistfiskarane til desse bedriftene, slik at dei fleste rettar og positive ordningar er knytte til registrerte bedrifter.

Så ønskjer vi å skape ei lokal forvaltning, etter modell av elveforvaltninga, ikkje at uttaksforvaltninga skal vere lokal, slik ein kanskje kan forstå – eller misforstå – av innlegget til representanten Farstad at det betyr, men at ein byggjer opp ei lokal forvaltning gjennom etablering av fiskekort. Det er akkurat det same som vi har i elveforvaltninga, og det er alle einige om er ein kjempestor suksess. Det betyr at ein har folk lokalt som bryr seg om korleis turistfisket går føre seg, ikkje berre næringsaktørar eller eventuelt turistfiskarar, ein har også nokon frå det kommunale eller regionale nivået som bryr seg og følgjer med på kva som skjer.

Dette er jo eit område der vi ikkje veit kor mykje som faktisk blir tatt opp, altså kor stort uttaket frå turistfisket faktisk er. Det har vore estimat frå enkelte forskarar på heilt opp mot 30 000 tonn – det er altså betydelege uttak. I dag har ein sett det til rundt 7 000 tonn i forhandlingane med Russland, men antakeleg er dette talet vesentleg høgare. Så det at det frå norsk side blir etablert ei forvaltning der vi får større kontroll med dette turistfisket, trur eg er veldig viktig også for forhandlingane med Russland. Dette har vore noko som har gått under radaren, stilltiande, med russarane, men som kanskje – når ein begynner å sjå omfanget av dette – er noko også russarane ønskjer å få betre kontroll med.

Så er det for meg heilt utruleg vanskeleg å forstå kvifor ein skal ha ei ordning der det er lov for utlendingar å ta med seg fisk ut av landet, med ei utførselskvote på 15 kg. Representanten Heggø var inne på dette. Det er heilt ubegripeleg. Ein klarer ikkje å finne nokon andre område i det norske samfunnet der ein faktisk kan gjere det same. Og det finst ingen land – eg har spurt statsråden, som ikkje klarer å vise til nokon andre land – som har ei liknande ordning. Det er særnorsk. Eg synest det er på sin plass å spørje kvifor ein ikkje skal ta heile fisken i bruk, når ein for andre delar av samfunnet er opptatt av at ein skal ta det heile i bruk. Så kan ein også spørje seg, når ein har ein minister frå Framstegspartiet og ein på andre område er så opptatt av at utlendingar ikkje skal ta seg til rette, kvifor ein verkeleg skal få lov til det når det gjeld turistfisket.

Statsråd Per Sandberg []: Selv om jeg representerer Fremskrittspartiet, er jeg ikke noen tilhenger av at man skal ta seg til rette uten at det i hvert fall på forhånd er avtalt at man kan ta seg til rette, og det er jo det vi diskuterer her.

Forslag til lovendring og ny forskrift om turistfiskevirksomheter har vært på høring. Det mest sentrale i høringsforslaget er at det i havressursloven § 22 eventuelt skal etableres en hjemmel for rapporteringsplikt av ressursuttaket som skjer i regi av denne typen virksomhet.

I dette foreslår vi å innføre en obligatorisk registrering av turistfiskevirksomheter. Vi foreslår videre å opprette en enkel rapporteringsordning – hvis denne typen rapportering kan kalles «enkel» å drive. Men for ressursuttaket er det viktig.

Målsettingen er å få et bedre bilde, en større og bedre oversikt over det totale ressursuttaket som stammer fra turistfisket. Her ble det foreslått å øke utførselskvoten fra 15 kg til 30 kg for turister som har fangstet i regi av registrerte turistfiskevirksomheter. Jeg merker meg for øvrig at næringskomiteens flertall gir uttrykk for stor støtte til høringsforslagets viktigste punkter når det gjelder registrering av turistfiskebedrifter og rapporteringsordning for uttak av fisk. Det er bra.

Når det gjelder høringen av forslaget, var høringsfristen 9. november. Responsen har vært stor. Vi har mottatt over 50 høringsinnspill. Det bare bekrefter det store engasjementet som finnes der ute om denne næringens framtid. Inntrykket er at det har kommet inn mange gode og konstruktive innspill.

Jeg vil også nevne at det ble avholdt en konferanse om sjøfisketurisme i Tromsø 17.–18. november. Deltakerne på konferansen var i stor grad turistfiskebedrifter. Dette førte til en rekke nyttige og viktige diskusjoner og innspill i forbindelse med høringen. Tilbakemeldingene vi mottok under konferansen, forsterker den generelle positiviteten fra de skriftlige innspillene i høringsrunden.

Når det gjelder den generelle tilbakemeldingen på forslagene, virker det som om det er bred enighet om støtte til å innføre registrering av bedrifter.

Innføring av en fangstrapportering ønskes velkommen hos det store flertallet av innspillene. Innvendingene går mer på hvordan dette skal gjøres i praksis, slik at ordningen kan fungere på en praktisk og minst mulig byrdefull måte for aktørene.

Når det gjelder forslaget om å øke utførselskvoten til 30 kg for dem som har benyttet bedrifter som oppfyller regelverket, er det delte meninger om det. Mens noen støtter ideen om å øke til 30 kg, tar andre til orde for at det ikke bør endres fra dagens 15 kg.

Jeg jobber nå med å ferdigstille forskriften og lovendringsproposisjonen og tar sikte på å fremme proposisjonen så fort som mulig.

Jeg har noen kommentarer til punktene 2 og 6 i representantforslaget fra representantene Knag Fylkesnes og Serigstad Valen.

Når det gjelder innføring av fiskekort for utenlandske turister, holder jeg fast ved min skepsis. I Norge har vi lang tradisjon for et fritt fritidsfiske i sjøen, og vi krever ikke fiskekort. Dette mener jeg er bra. Innføring av fiskekort for utlendinger vil sannsynligvis innebære en helt ny form for diskriminering basert på nasjonalitet som vil måtte vurderes nærmere i forhold til en viss avtale.

Jeg mener det lov- og forskriftsforslaget vi har på bordet nå, er et riktig steg på veien mot en mer oversiktlig situasjon for aktører som tilrettelegger for uttak av fisk i næringsøyemed.

Når det gjelder forslaget om lovendringer for å gi kommunene rett til å forvalte profesjonelt turistfiske, ser jeg ingen grunn til å gå videre med det.

Forvaltningen av marine ressurser skjer i dag på nasjonalt nivå. Det er flere årsaker til dette, bl.a. dreier det seg om levende ressurser i havet som ikke naturlig tilhører en bestemt kommune.

Oppgaven med forvaltning av og kontroll med marine ressurser ligger i dag hos Fiskeridirektoratet. Jeg mener derfor at forslaget om å flytte denne oppgaven fra fiskeriforvaltningsmyndighetene er uheldig. Jeg er ikke i tvil om at den forvaltningen vi har i dag, er best egnet til kontroll- og forvaltningsoppgaver knyttet til turistfiskenæringen.

Presidenten: Det blir replikkordskifte.

Presidenten gjør igjen oppmerksom på at teknologien svikter her, og at de som ønsker ordet til replikk, må tegne seg på den gammeldagse måten.

Ingrid Heggø (A) []: Utanlandske turistar har ikkje høve til å selja fangsten sin, og Stortinget påpeikar at det er opplevinga og ikkje matauk som er essensen i turistfisket. I tillegg har vi eit ernæringsråd som tilseier at 15 kilo er passeleg volum å eta, og at av dei 15 kiloa bør to tredelar vera feit fisk. At 30 kilo er eit riktig volum, kva byggjer statsråden det på?

Statsråd Per Sandberg []: Det er et godt spørsmål. 30 kilo er ikke noe absolutt. 30 kilo var det vi sendte ut. Jeg driver nå og vurderer ulike modeller for det. Kanskje skal man lage et skille med 20 kilo for dem som er registrert, og opprettholde 15 kilo for dem som ikke er registrert, eller 20 kilo for dem som er registrert, og 10 kilo for dem som er uregistrert, osv. Det er flere modeller jeg vurderer der. 30 kilo er ikke absolutt, og jeg lytter til høringsinnspillene jeg har fått. Jeg lytter også til Stortinget og hvilke meninger de har om det. Så 30 kilo er ikke absolutt på noen som helst måte.

Ingrid Heggø (A) []: Det var eit beroligande svar. Komiteen er jo òg veldig klar på at det skal vera ein skilnad mellom registrerte og uregistrerte. Så det synet deler vi. Då er det berre å kryssa fingrane og håpa på at statsråden høyrer på dei som meiner at 30 kilo er altfor mykje, i alle fall sidan ein ikkje ser ut til å ha lyst til å inkludera troféfisken. For viss forslaget om 30 kilo går igjennom, vil ein få ein troféfisk på toppen av desse 30 kiloa. Det er etter mitt syn veldig bortkasta. Når ein får ei kveite på 10 kilo éin dag, og så ei på 15 kilo neste dag, og så kastar ein den på 15 kilo. Det er ikkje i tråd med det som stortingsfleirtalet meiner, og heller ikkje det som ministeren meiner, sånn som eg oppfattar det med å nytta heile fisken. Så kan ministeren forklara kvifor han meiner at troféfisk ikkje skal inkluderast?

Statsråd Per Sandberg []: Jeg er helt enig med representanten Heggø i at vi skal ta vare på hele fisken. Vi må slutte å sløse. Nå skal vi lage noen strategier for å fjerne mest mulig sløsing fra hav til bord. Det tror jeg er en viktig oppgave for oss alle sammen.

Når det gjelder å inkludere troféfisk i grensen, er det noe jeg ser nærmere på. Jeg fikk noen gode innspill under høringen, og også under turistkonferansen i Tromsø kom det mange gode innspill, som gjør at dette med å inkludere troféfisk i praksis gjør det enda mer komplisert enn det som er nødvendig. Derfor har jeg ikke konkludert på noen slags måte der ennå.

Jeg så at landbruksministeren også prøvde seg på en replikk. Jeg skal i hvert fall lytte til Stortinget. Det er jeg helt avhengig av. I utgangspunktet blir dette mer komplisert enn det vi kanskje trodde.

Dette ikke noe som har skjedd plutselig, det er en prosess som har gått over lang tid. Næringen har jo ønsket dette siden 2010 – tror jeg det var – så her er det viktig at vi har gode prosesser.

Ingrid Heggø (A) []: Eg takkar for svaret.

Eg har eit siste spørsmål. Det dreier seg om reiselivsmeldinga – om turistfiske vil vera inkludert i det som kjem i reiselivsmeldinga. Kan statsråden bekrefta at det ikkje vert noka utsetjing av reiselivsmeldinga om turistfiske vert inkludert?

Statsråd Per Sandberg []: Jeg registrerer at det nå er flertall i Stortinget for forslag nr. 3. Jeg stiller spørsmål ved hvorvidt dette skal legges inn i reiselivsmeldingen. Jeg har ambisjoner om å komme til Stortinget med en lovproposisjon og få på plass forskriften om turistfiske før det. Jeg vet ikke om jeg tolker stortingsflertallet riktig, men da blir det snakk om en omtale i reiselivsmeldingen når den eventuelt måtte komme. Jeg har ambisjoner om å komme med en lovproposisjon litt før reiselivsmeldingen for å få på plass dette raskest mulig.

Presidenten: Neste replikant er representanten Torgeir Knag Fylkesnes.

Før representanten får ordet til replikk, vil presidenten anta at han skal ta opp forslagene 4, 5 og 6?

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) []: Takk for påminninga. Ja, eg vil ta opp dei forslaga.

Presidenten: Da har representanten tatt opp de forslagene han har referert til.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) []: Når det gjeld det som er utgangspunktet for statsråden, at ein skal utvide utførselskvoten frå 15 til 30 kilo, er grunngivinga primært registreringsbehovet. Her er forslaget frå SV og forslaget frå regjeringa like: Ein tenkjer at ved å få dette inn i organiserte former gjennom registrerte bedrifter vil ein få mykje betre oversikt. Men eg ser ikkje kva som er grunngivinga for at ein vel å gjere dette ved å auke frå 15 til 30 kilo. Kvifor kan ikkje regjeringa gå inn for ein modell der ein ikkje kan føre fisk ut av landet med mindre ein er knytt til den typen bedrifter? Det ville jo skape eit regime som var mykje meir oversiktleg, slik at turistar ikkje trong å vege og vurdere osv. før dei reiste ut – dei kan rett og slett ikkje ta med seg fisk med mindre dei har fått ein sluttpakkesetel frå ei registrert bedrift.

Statsråd Per Sandberg []: Det kunne vært en løsning. Årsaken til at vi hever grensen, er jo at vi vil gjøre det attraktivt å registrere seg, først og fremst.

Så har jeg sagt at tallet 30 ikke er absolutt. Det trenger ikke være noen innertier. Men det å skape en forskjell mellom dem som registrerer seg, kontra dem som ikke gjør det, slik at vi får kontroll og systemer rundt det, tror jeg er viktig. Om det blir 10 og 20 kilo eller 10 og 25 kilo, har jeg ikke tatt noen beslutning om ennå.

Jeg registrerer også at SV ber regjeringen greie ut nærmere utførselskravet når det gjelder om tallet på kilo skal gjelde per år. Der slet jeg litt, for jeg er litt usikker på hva forslaget går ut på. Jeg tenker at det er lettere å knytte kilokravet til selve utførselen ved grensen, framfor å sette en årskvote. Her må jeg nesten be representanten utdype det litt mer for meg, for jeg er ikke sikker på om jeg skjønner forslaget.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) []: Det er eg som ber om svar frå statsråden.

Viss ein går kritisk gjennom det, er det primære ønsket til SV at ein ikkje skal kunne utføre fisk i det heile. Så dette er eit slags sekundært standpunkt for oss, der vi går inn for at ein skal ha ei rund vurdering, altså slik at ein ikkje berre har fileten, skjer ut dei beste delane og hiver resten. Slik systemet er i dag, gjeld jo utførselssystemet per gong.

Viss vi no kjem tilbake til det ordentlege forholdet mellom storting og regjering, skal eg kome tilbake til eit spørsmål. Det å dra og kaste, dra og kaste til ein får den storleiken på fisken ein vil ha, veit vi skjer masse langs kysten. Det er ein slags småskalavariant av det vi er veldig imot at dei store trålarane gjer – at dei dreg opp og så spyler daud fisk ut i havet. Det er omtrent det ein ser at dei som er ute etter den store troféfisken, faktisk gjer. Er det aukande omfanget av dette langs kysten noko som bekymrar statsråden?

Statsråd Per Sandberg []: Ja, det er jo noe av grunnen til at vi ønsker å få dette inn i regulerte former – bedre kontroll med hva som hentes ut, og hensynet til ressursene våre – få dette innenfor rammer som gjør at vi har større kontroll.

Med mer tilsyn og mer kontroll med registreringen blir det noe mer omfattende byråkrati og litt mer rapportering også for næringslivet, men næringslivet, særlig alle de bedriftene som er involvert i dette, har selv sagt at dette ønsker de.

Men det er klart at en av årsakene til at man ønsker å ha turistfisket i kontrollerte former, er at man er bekymret for dette.

Kysttorsken har også vært en bekymring i dette. Derfor er det greit å få dette under kontroll, så vi vet hva som faktisk hentes ut. Det er ulike rapporter fra 2008 og fram til nå som peker på hvor stort omfang dette har. Det er snakk om store mengder i noen rapporter, og så er det noen som er litt mer beskjedne når det gjelder hva som hentes ut. Nå tror jeg vi kan få svaret på det.

Presidenten: Replikkordskiftet er omme.

Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 7.