Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om Årsmelding 2019 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Dette dokument

Til Stortinget

Sammendrag

Innleiing

Lov 16. desember 2011 nr. 60 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter og regjeringsmedlemmer (stortings- og regjeringspensjonsloven) blei sett i kraft 1. januar 2012. Frå same tidspunkt blei lov 14. desember 1951 nr. 11 om pensjonsordning for statsråder og lov 12. juni 1981 nr. 61 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter oppheva.

I samsvar med denne føresegna blir det her lagt fram ei melding om utviklinga i pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer i 2018. Meldinga inneheld ei oversikt over dei viktigaste ytingane i pensjonsordninga etter nye og gamle oppteningsreglar og ei oversikt over utviklinga i ordninga i 2018.

I kapittel 2 i meldinga er det gjort greie for pensjonsordninga.

Utviklinga i 2019 for pensjonar opptent som stortingsrepresentant

Totalt 384 personar fekk ved utgangen av 2019 pensjon på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som stortingsrepresentant (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

Det er i kapittel 3 i meldinga gjort nærare greie for gjennomsnittleg månadleg utbetaling, fordeling på kvinner og menn samt gjennomsnittleg pensjonsalder.

Alderspensjon

Ved inngangen til 2019 var det 274 alderspensjonistar i ordninga. Det har vore ein avgang på 13 personar og ein tilgang på 16 personar. Per 31. desember 2019 var talet på alderspensjonistar derfor 277 personar.

Uførepensjon

Ved inngangen til 2019 var det tre uførepensjonistar i ordninga. Det har vore to avgangar i løpet av året. Per 31. desember 2019 var derfor talet på uførepensjonistar éin person.

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2019.

Etterlatnepensjon (ektefelle- og barnepensjon)

Ved inngangen til 2019 var det 107 ektefellepensjonistar i ordninga. Det har vore ein avgang på ni personar og ein tilgang på sju personar. Per 31. desember 2019 var talet på ektefellepensjonistar derfor 105 personar.

I 2019 blei sju personar innvilga ektefellepensjon.

Ved inngangen til 2019 tok éin person imot barnepensjon. Det har ikkje vore avgang eller tilgang på personar med barnepensjon i løpet av året.

Rekneskap for 2019

Pensjonane blir dekte over kapittel 41 «Stortinget». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 68 151 262 kroner til pensjonar. Dette er ein liten auke frå 2018. Administrasjonskostnadene var i sum 1 542 327 kroner. Dette er ein liten nedgang frå 2018.

Utviklinga i 2019 for pensjonar opptent som regjeringsmedlem

Ved utgangen av 2019 fekk totalt 107 personar ein pensjon frå pensjonsordninga på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som regjeringsmedlem (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

Det er i kapittel 4 i meldinga gjort nærare greie for gjennomsnittleg månadleg utbetaling, fordeling på kvinner og menn samt gjennomsnittleg pensjonsalder.

Alderspensjon

Ved inngangen til 2019 var det 74 alderspensjonistar i ordninga. Det har vore ein avgang på tre personar og ein tilgang på fire personar. Per 31. desember 2019 var talet på alderspensjonistar derfor 75 personar.

Uførepensjon

Ved inngangen til 2019 var det éin uførepensjonist i ordninga. Det har vore ein avgang på éin person. Per 31. desember 2019 var det derfor ingen uførepensjonistar i ordninga.

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2019.

Etterlatnepensjon

Ved inngangen til 2019 var det 29 ektefellepensjonistar i ordninga. Det har vore ein avgang på to personar og ein tilgang på tre personar. Per 31. desember 2019 var talet på ektefellepensjonistar derfor 30 personar.

I 2019 tok tre personar ut ektefellepensjon i ordninga for første gong.

Ved inngangen til 2019 var det to personar som tok imot barnepensjon. Det har ikkje vore avgang eller tilgang på personar med barnepensjon i løpet av året.

Rekneskap for 2019

Pensjonsordninga for regjeringsmedlemer blir gitt tilskot til under kapittel 612 «Tilskudd til Statens pensjonskasse». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 13 933 452 kroner til pensjonar og 377 595 kroner til administrasjonskostnader. Dette er mindre enn i 2018.

Sentrale hendingar i 2019

Det blei utført inntektskontroll på alle som tok imot pensjon etter 75-årsregelen. Denne regelen gir stortingsrepresentantar som har oppteningstid i den tidlegare pensjonsordninga for stortingsrepresentantar, moglegheit til å ta ut pensjon før 65 år. Inntektskontrollen på dei seks som tok imot pensjon etter 75-årsregelen, blei utført i byrjinga av 2019. Kontrollen gjaldt for inntektsåret 2017.

Hausten 2019 blei det gjennomført etteroppgjer for uførepensjonistar som ut frå skatteoppgjeret for 2018 hadde fått utbetalt for mykje eller for lite uførepensjon.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Elise Bjørnebekk-Waagen, Lise Christoffersen, Arild Grande og fungerende leder Rigmor Aasrud, fra Høyre, Margret Hagerup, Heidi Nordby Lunde og Kristian Tonning Riise, fra Fremskrittspartiet, Bjørnar Laabak og Gisle Meininger Saudland, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Sosialistisk Venstreparti, Solfrid Lerbrekk, og fra Kristelig Folkeparti, Torill Selsvold Nyborg, viser til Meld. St. 21 (2019–2020) Årsmelding 2019 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer og har ingen merknader.

Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Meld. St. 21 (2019–2020) – Årsmelding 2019 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer – vedlegges protokollen.

Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den 19. mai 2020

Rigmor Aasrud

fung. leder og ordfører