Søk

Innhald

2. Utviklingstrekk i forbruket

2.1 Sammendrag

2.1.1 Innleiing

I meldinga blir viktige utviklingstrekk ved forbruket i Noreg dei siste tiåra omtalte. Kunnskap om forbruk og forbrukarutfordringar skal gi eit solid grunnlag for å peike ut innsatsområde i forbrukarpolitikken.

Dei viktigaste kjeldene til kunnskap om forbruk og forbrukarutfordringar er Forbruksforskingsinstituttet SIFO, dei norske forbrukarverksemdene (Forbrukarrådet og Forbrukartilsynet), EU-kommisjonen og Statistisk sentralbyrå (SSB). SIFO samlar årleg inn store mengder data om ulike sider ved forbruket og forbrukarane sin situasjon i marknaden, mellom anna gjennom SIFO-surveyen.

Nordmenn sine forbruksutgifter har auka i takt med kjøpekrafta. Den største delen av forbruksutgiftene går til bustad- og transportrelaterte kostnader. Fordelinga av forbruksutgiftene har vore relativt stabil over tid. Dei siste tiåra har tendensen vore at ein mindre del av forbruksutgiftene går til basisvarer som mat og klede, og at ein større del går til reiser, utanlandskonsum og underhaldning. Samstundes har gjeldsbelastinga i hushalda auka kraftig dei siste tiåra.

2.1.2 Meir av forbruket skjer digitalt

Dei aller fleste nordmenn bruker i dag nettet regelmessig. Tilgangen til internett viser seg att i innbyggjarane sine forbruksvanar. Tal frå SSB viser at omsetninga til nettbutikkane aukar.

Omgrepet «tinga sitt internett» skildrar ei utvikling der gjenstandar som bilar, kjøleskåp, låsar og straumbrytarar blir kopla til internett. Tinga blir utstyrte med sensorar, og ein kan ofte styre dei gjennom smarttelefonen. Når dei daglegdagse tinga vi omgir oss med, blir «smarte» og kan kommunisere med brukarane og kvarandre, opnar det store moglegheiter for forbrukarane.

Store digitale plattformer som Amazon, Facebook, eBay, Google, Airbnb, Uber, Netflix og Spotify har på kort tid utfordra tradisjonelle forretningsmodellar og verdikjeder i bransjar som finans, musikk og film, overnatting og varehandel. Dette har ført til at forbrukarane har fått tilgang til ei rekkje nye varer og tenester.

Digitale plattformer gir forbrukarane nye moglegheiter. Dei fungerer som inngangsportar for forbrukarane til informasjon og tilgang til varer og tenester frå heile verda. Tilbydarane får på si side tilgang til ein stor kundemasse og kan tilby noko som det elles kanskje ikkje ville vore mogleg å omsetje utan ei stor digital kontaktflate mot forbrukarane.

Ein del av desse plattformene inngår i det som ofte blir omtala som «delingsøkonomien». Uber og Airbnb er kjende døme på plattformer i delingsøkonomien. I Noreg er Finn.no og Nabobil.no døme på delingsplattformer.

Delingsøkonomiutvalet presenterte i 2017 si utgreiing om moglegheiter og utfordringar i delingsøkonomien. Utvalet understreka at framveksten av delingstenester representerte ei positiv utvikling for forbrukarane. Det fann lite empirisk bevis for utbreidde forbrukarproblem ved bruk av delingstenester.

Mange av dei digitale plattformene har ein datadriven forretningsmodell. I staden for at forbrukarane må betale for å bruke plattforma, får dei tilgang i byte mot persondata.

Når forbrukarar betaler for digitale tenester med personopplysingane sine, kjem det ikkje direkte til uttrykk som ein økonomisk storleik på lik linje med utgifter til bustadlån, transport, mat og klede. Det er likevel ein transaksjon som både inneber ein ny type kostnad for forbrukarane og ei inntektskjelde for mange næringsdrivande i den digitale økonomien. Ein framtidsretta forbrukarpolitikk må derfor også sikre forbrukarane sine rettar i eit personvernperspektiv.

2.2 Komiteens merknader

Komiteen merker seg at forbrukervanene har endret seg de siste tiårene. Forbrukerutgiftene har økt i takt med kjøpekraften. Komiteen viser til at den største delen av forbruket går til bosted og transport. Utgifter til utenlandsreiser har den største volumendringen per person i perioden 2000–2017. Komiteen merker seg at gjeldsbelastningen til husholdningene har økt betraktelig. Det gjelder også forbruksgjeld.

Komiteen viser videre til at en stadig større andel av forbruket skjer digitalt. Forbrukerne handler stadig mer på nettet, både varer og tjenester, og bruker mer av sin tid på digitale plattformer. Digitale plattformer gir muligheter, men også utfordringer. Komiteen mener det er særdeles viktig at personopplysninger og forbrukerrettigheter sikres, også i en digitalisert økonomi.