Vedlegg - Brev fra Kunnskapsdepartementet v/statsråd Iselin Nybø til utdannings- og forskningskomiteen, datert 7. mai 2019

Vedlegg
Representantforslag 120 S (2018–2019) om at mållova skal gjelde for studentsamskipnader

Studentsamskipnader er teneste- og velferdsleverandør for eit stort mangfald av studentar ved dei ulike lærestadane. Dei fleste utdanningsinstitusjonane rekrutterer studentar frå heile landet, og det skapar også eit språkleg mangfald. Men det følgjer klart av studentsamskipnadslova at mållova ikkje gjeld for studentsamskipnadene. I studentsamskipnadslova § 11 første punktum om forholdet til anna lovgiving heiter det:

"Forvaltningsloven, arkivloven og lov om målbruk i offentlig teneste gjelder ikke for studentsamskipnadene."

Unntaket for mållova vart lovfesta i studentsamskipnadslova i 2012. I forarbeida til lovendringa, Prop. 92 L (2011–2012) punkt 9.2, heiter det:

"I lov om målbruk om offentleg teneste § 1 står det at: "Bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal sikre jamstelte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune. Når privat rettssubjekt gjer vedtak eller gjev føresegn på vegner av stat, fylkeskommune eller kommune, skal det i denne samanhengen reknast for slikt organ."

Etter departementets vurdering fatter ikke studentsamskipnadene vedtak på vegne av departementet, og skal dermed ikke omfattes av denne loven."

Lovfestinga var ei kodifisering av det som allereie var gjeldande rett på området, og møtte ikkje motbør i høyringa. Under Stortinget si handsaming fekk det tilslutnad frå alle partia på Stortinget.

I Ot. prop. nr. 52 (1978–1979) om mållova, sitert ovanfor, heiter det om § 1 i mållova at denne lovføresegna tek utgangspunkt i det generelle verkeområdet til forvaltningslova. Forvaltningslova gjeld for eitkvart organ for stat eller kommune og private rettssubjekt som gjer enkeltvedtak eller utferdar forskrifter.

Studentsamskipnadene fell, som eg ovanfor har gjort greie for, utanfor verkeområdet til både forvaltningslova og mållova. Ei oppheving av unntaket i studentsamskipnadslova vil heller ikkje i seg sjølv føre til at studentsamskipnader fell inn under verkeområdet til mållova. Som forslagsstillarane er inne på, finst det likevel døme på særlovsselskap som er underlagde mållova utan at dei gjer enkeltvedtak eller utferdar forskrifter.

Kulturministeren har varsla at Regjeringa har sett i gang arbeidet med ei heilskapleg språklov og ei ny stortingsmelding om språk. Lovforslaget og meldinga skal etter planen leggjast fram for Stortinget våren 2020. Dette er ei oppfølging av Granavoll-plattforma om å "fremje forslag om ei ny heilskapleg språklov som fører vidare prinsippa i lovverket i dag knytt til jamstilte målformer, teiknspråk og minoritetsspråk". KD meiner det vil vere naturleg å vurdere om den særlege lovreguleringa i vår sektor passar inn i overordna lovgjeving på språkområdet først etter at Stortinget har hatt høve til å handsame den heilskaplege språkpolitikken.