Søk

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit, fra Høyre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, fra Fremskrittspartiet, Grethe Andersen, fra Senterpartiet, Nils T. Bjørke, fra Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, og uavhengig representant Ulf Leirstein, viser til at målet med undersøkinga har vore å vurdera i kva grad forvaltninga bidreg til å vareta omsynet til miljø og fiskeri ved petroleumsverksemda i nordområda, og kva som er årsakene til eventuelle manglar. Undersøkinga omhandlar i hovudsak perioden 2015–2018.

Komiteen merkar seg at leiteaktiviteten i Barentshavet har auka dei siste åra, og Norge er gjennom internasjonale avtalar og petroleumslova forplikta til å vareta miljø og fiskeri i samband med petroleumsverksemda.

Komiteen registrerer at det er mange involverte instansar, og vil peika på at rettshavaren har ansvar for å vareta tryggleik, miljø og beredskap. Olje- og energidepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet og Klima- og miljødepartementet med underliggjande etatar har ansvar for å stilla krav til og følgja opp rettshavaren for mellom anna å redusera påverknaden på miljøet, vareta fiskeria og redusera konsekvensane dersom det skulle skje ei ulukke. Samferdselsdepartementet ved Kystverket har ansvar for den statlege oljevernberedskapen, og Nærings- og fiskeridepartementet har ansvar for fiskeripolitikken. Undersøkinga har også sitt utgangspunkt i både petroleumslova, forureiningslova og naturmangfaldslova, samt ei rad forskrifter og stortingsmeldingar.

Komiteen viser til Riksrevisjonen sine hovudfunn:

  • Ved tildeling av utvinningsløyve varetar Olje- og energidepartementet ressursperspektivet i tråd med petroleumslova.

  • Klima- og miljødepartementet gjer for lite for å sikra eit betre grunnlag for å vurdera risikoreduserande tiltak.

  • Det er for lite samhandling mellom Klima- og miljødepartementet og Olje- og energidepartementet i arbeidet med utbyggingsplanar.

  • Seismikkrådgjevinga frå styresmaktene er ikkje tilstrekkeleg systematisk og kunnskapsbasert.

  • Styresmaktene har ikkje sørgd for at oljeberedskapen er godt nok tilpassa dei særskilte forholda i nordområda.

  • Samferdselsdepartementet har gjort for lite for å styrka forsking som kan bidra til ny og meir effektiv oljevernteknologi for nordområda.

  • Samordninga av oljevernberedskapen i Barentshavet er ikkje godt nok avklart.

  • Miljødirektoratet og Kystverket utnyttar ikkje kvarandre sin kompetanse godt nok for å sikra ein robust og effektiv beredskap.

Komiteen merkar seg Riksrevisjonen sine hovudfunn og vil spesielt peika på at det her kjem klart fram at fleire departement og andre statlege instansar kvar for seg har gode rutinar, men at dei ikkje har hatt god nok samhandling seg imellom.

Komiteen registrerer at Oljedirektoratet og Petroleumstilsynet har tett kontakt med operatøren i planleggingsfasen for utvikling og drift (PUD) og arbeider for å sikra at miljøet blir varetatt innanfor rammer og regelverk.

Komiteen deler Riksrevisjonen sin kritikk av at Oljedirektoratet og Petroleumstilsynet involverer Miljødirektoratet i for liten grad i vurderinga av kostnadene ved og nytten av miljøtiltak. Først etter at PUD er godkjent begynner miljøstyresmaktene å behandla søknaden om løyve etter forureiningslova. Dette kan bidra til at tiltak som kan redusera den negative påverknaden på miljøet, ikkje blir tidsnok og tilstrekkeleg vurderte i planleggingsfasen av ei utbygging. Miljøstyresmaktene si rolle blir med dette avgrensa til å vera høyringspart i denne prosessen. Når Miljødirektoratet først begynner å behandla søknaden om løyve etter forureiningslova når utbygginga er fullført, kan det då vera urimeleg kostbart å gjennomføra tiltak.

Komiteen er einig med Riksrevisjonen i kor viktig det er at miljøstyresmaktene er meir aktive tidlegare i prosessen med PUD for å bidra til at nytten av og kostnadene ved løysingar som reduserer påverknaden på miljøet, blir godt nok vurderte.

Komiteen deler Riksrevisjonen si oppfatning av at det er kritikkverdig at petroleumsstyresmaktene og miljøstyresmaktene ikkje samhandlar betre ved planlegging, behandling og oppfølging av utbyggingsplanar i petroleumsverksemda.

Komiteen støttar Riksrevisjonen sine tilrådingar når det gjeld Olje- og energidepartementet om å:

  • vera meir opne om korleis høyringsinnspela til forslag til utlysing av utvinningsløyve blir vurderte og handterte.

  • ha ein betre fagleg dialog med Klima- og miljødepartementet om vilkår i utvinningsløyve der det er særskilte utfordringar.

  • involvera miljøstyresmaktene tettare i sakshandsaminga av utbyggingsplanar i petroleumsverksemda.

  • i samarbeid med Nærings- og fiskeridepartementet setja i verk tiltak for å gjera seismikkrådgjevinga meir systematisk og kunnskapsbasert, og sørgja for at seismikkrådgjevinga også tek i vare omsyna til sjøpattedyr.

Komiteen støttar Riksrevisjonen sine tilrådingar når det gjeld Klima- og miljødepartementet (Miljødirektoratet) om å:

  • styrka samarbeidet med næringa for å heva kvaliteten på miljørisikoanalysane og beredskapsanalysane.

  • vurdera å setja i gang behandlinga av søknader om løyve etter forureiningslova tidlegare for feltutbyggingar i petroleumsverksemda.

  • betra sakshandsaminga og krava som blir stilte til operatørane sin oljevernberedskap.

  • følgja tettare opp den kommunale beredskapen i samarbeid med Samferdselsdepartementet (Kystverket).

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet syner til at kommunane i nordområda har eit tungt ansvar for vernebuinga langs kysten. Likevel er det lite støtte å hente frå ein stat som ikkje har makta å koordinere innsatsen. Denne medlemen legg til grunn at kommunane i langt større grad må vere involverte i dette arbeidet og samstundes få dei økonomiske midlane som dette fordrar.

Komiteen støttar Riksrevisjonen sine tilrådingar når det gjeld Samferdseldepartementet (Kystverket) om å:

  • vurdera tiltak for å styrka forskinga på nye metodar for oljevern i is.

  • sikra betre kjennskap til innhaldet i operatørane sine beredskapsplanar.

  • vurdera det nasjonale beredskapssystemet i nordområda ved å gjennomføra beredskapsanalysar og øvingar i samarbeid med næringa og andre styresmakter.

Komiteen merkar seg at Klima- og miljødepartementet og Samferdselsdepartementet i hovudsak er samde i Riksrevisjonen sine tilrådingar, og at dei vil følgja desse opp.

Komiteen registrerer at statsråden for Olje- og energidepartementet ikkje kjenner seg igjen i Riksrevisjonen si vurdering av at det er lite samhandling mellom petroleumsstyresmaktene og miljøstyresmaktene ved planlegging, behandling og oppfølging av utbyggingsplanar i petroleumsverksemda.

Komiteen viser til at Riksrevisjonen si undersøking peikar på at medan Oljedirektoratet og Petroleumstilsynet er tett involverte i planlegginga av ei utbygging, er Miljødirektoratet ikkje på den same måten i direkte dialog med operatørane i planleggingsfasen for PUD. Miljødirektoratet har vidare lite kontakt med Oljedirektoratet og Petroleumstilsynet i denne fasen.

Komiteen ser det som kritikkverdig at dei aktuelle departementa og underliggjande organa ikkje samarbeider betre, slik at ein kan vareta miljø og fiskeri ved petroleumsverksemd i nordområda betre.

Komiteen vil spesielt peika på at det er naudsynt at Olje- og energidepartementet har ein betre dialog med Klima- og miljødepartementet for å avklara om det er behov for strengare vilkår i utvinningsløyve der det er særlege utfordringar.

Komiteen vil understreka at det er regjeringa som må ta ansvar for å sikra god samordning mellom departementa for å vareta heilskapen ved utbyggingar. Ikkje minst er dette viktig i Barentshavet, der det er ein aukande kritisk debatt både nasjonalt og internasjonalt om norsk oljeverksemd. Derfor er det også viktig at ein har gode samarbeidsrelasjonar mellom aktørane, og at ein tek miljøperspektiva inn i all verksemd, men også at ein kan dokumentera det ein gjer, og det føreset at det er openheit om vurderingane.

Komiteen ventar at spørsmåla kring oljeverksemda i Barentshavet vil bli meir inngåande framover, og då må også svara vera betre, og me kan ikkje ha heftande ved aktiviteten eit inntrykk av at Olje- og energidepartementet ikkje involverer Klima- og miljødepartementet med fleire så godt som Stortinget forventar.

Komiteen viser til at undersøkinga omfattar heile fem departement:

  • Arbeids- og sosialdepartementet

  • Klima- og miljødepartementet

  • Nærings- og fiskeridepartementet

  • Olje- og energidepartementet

  • Samferdselsdepartementet

Gjennomgåande mangelfull samordning og samhandling, der alle departementa, unnateke Olje- og energidepartementet, i hovudsak sluttar seg til Riksrevisjonen sine tilrådingar, inneber ikkje at komiteen her utelukkande er kritisk til Olje- og energidepartementet. Det er ei samla regjering som har ansvaret for god samhandling mellom departementa, og komiteen forventar at regjeringa tar grep som gjer at ein samla sett betre varetar miljø og fiskeri ved petroleumsverksemd i nordområda.