Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen vert fremja av medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti.

Komiteen har elles ingen merknader, syner til representantforslaget og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

Dokument 8:111 S (2018–2019) – Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe, Nils T. Bjørke, Per Olaf Lundteigen og Marit Knutsdatter Strand om openheit om prioriteringar i det offentlege helsevesenet og å avslutte praksisen med hemmeleghald av Statens legemiddelverk sitt avgjerdsgrunnlag og kostnytte-vurderingar av nye legemiddel – vert ikkje vedteke.