2. Merverdiavgiftsfritak for elektroniske tidsskrifter og bøker

2.1 Sammendrag

I behandlinga av Prop. 1 S (2017–2018) Statsbudsjettet 2018 og tilhøyrande Innst. 2 S (2017–2018) fatta Stortinget 4. desember 2017 følgjande oppmodingsvedtak (nr. 37 (2017–2018)):

«Stortinget ber regjeringen utrede utvidelse av merverdiavgiftsfritaket for medier til å gjelde all digital journalistikk, herunder betydningen for uavhengige journalister, og legge dette frem i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2018.»

I Prop. 86 LS (2017–2018) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga foreslo regjeringa å innføre eit fritak for meirverdiavgift slik at trykte tidsskrift som er fritekne for meirverdiavgift, òg kan gjevast ut elektronisk med meirverdiavgiftsfritak. Det vart samstundes foreslått ikkje å innføre fritak for meirverdiavgift for enkeltartiklar, idet ei slik utviding av fritaket reiser fleire administrative og avgiftstekniske problem, samstundes som faren for press for ytterlegare fritak aukar. I Prop. 1 LS (2018–2019) Skatter, avgifter og toll 2019 vart det varsla at regjeringa ville innføre eit fritak for meirverdiavgift for elektroniske utgåver av trykte tidsskrift, som ikkje treng å vere identiske med det trykte tidsskriftet. Vidare vart det varsla at regjeringa ville innføre eit fritak for meirverdiavgift for elektroniske bøker. Regjeringa varsla at ein ville kome attende med endeleg framlegg og provenyanslag i revidert nasjonalbudsjett 2019.

Dagens fritak for meirverdiavgift for trykte tidsskrift og bøker inneber ulik avgiftsbehandling av trykte og elektroniske tidsskrift og bøker. Det er uheldig med ulik avgiftsbehandling av varer og tenester med same innhald og bruksområde. For å oppnå lik behandling av trykte og elektroniske tidsskrift og bøker, og for å leggje til rette for at tilbydarane av tidsskrift og bøker skal kunne følgje med i den digitale utviklinga og nyttiggjere seg moglegheitene som ligg i digital publisering, foreslår regjeringa å innføre fritak for meirverdiavgift for elektroniske tidsskrift og bøker. Framlegget tek sikte på å gjere det nøytralt for ein eksisterande tilbydar å gå over til (heil)digital publisering, og at valet av publiseringsform skal vere nøytralt for nye tilbydarar.

Skattedirektoratet har hatt framlegg til lov- og forskriftsendringar på høyring. Framlegga inneber ei avveging mellom omsynet til lik avgiftsbehandling av trykte og elektroniske tidsskrift og bøker og omsynet til å avgrense fritaka slik at dei ikkje vil omfatte fleire typar av publikasjonar enn dei som er fritekne i dag. Framlegga i denne proposisjonen følgjer opp framlegga i høyringsnotatet, men med enkelte endringar. Regjeringa foreslår å opne for moderate innslag av lyd og rørlege bilete i dei elektroniske publikasjonane, som ikkje må endre eller utvide bruksområdet til publikasjonen. Vidare foreslår regjeringa å fjerne kravet om at det må liggje føre ei trykt utgåve av det elektroniske tidsskriftet. Regjeringa foreslår òg å omfatte strøyming og nedlasting av lydbøker av fritaket, på lik line med nogjeldande fritak for tradisjonelle lydbøker. For å bidra til at fritaka for elektroniske tidsskrift og bøker ikkje vil omfatte fleire typar av publikasjonar enn dei som er fritekne i dag, vert det lagt opp til at føresegnene i merverdiavgiftsforskriften kapittel 6, som inneheld definisjonar av tidsskrift og bøker og dei nærare vilkåra for fritak, så langt dei høver skal gjelde tilsvarande for elektroniske tidsskrift og bøker. Regjeringa vil her gjere greie for hovudinnhaldet i forskriftsføresegna som ein tek sikte på å innføre. Den endelege utforminga og vedtakinga av forskrift vert gjort av departementet.

Tapet av proveny av å frita elektroniske tidsskrift og bøker er anslått til 27,5 mill. kroner påløpt og 18 mill. kroner bokført i 2019. Tapet av proveny er forventa å auke over tid i takt med aukande handel med elektroniske tidsskrift og bøker.

Departementet syner til framlegg om endringar i merverdiavgiftsloven § 6-3 og § 6-4.

Endringane skal ta til å gjelde 1. juli 2019.

2.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens lovforslag.

Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti, viser til Granavolden-erklæringen, der det heter at nullmoms for nettidsskrifter skal «ivareta utviklingen av det digitale mediesamfunnet gjennom å tilrettelegge for elektroniske utgaver som ikke må være helt identiske med den trykte utgaven», og er en oppfølging av regjeringens omtale i Prop. 86 LS (2017–2018) og Prop. 1 LS (2018–2019). Dette er viktig for å sikre innovasjon og for å hindre konkurransevridning mellom tilbydere av elektroniske og trykte tidsskrifter. Det bør imidlertid gjøres enkelte justeringer i gjeldende kriterier for trykte tidsskrifter for å tilpasse fritaket til digital publisering. Flertallet ber regjeringen om å bruke tiden frem til 1. juli 2019 på å utforme og vedta forskriften slik at ovennevnte ivaretas i størst mulig grad.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rødt registrerer at regjeringen Solberg i forslag til revidert nasjonalbudsjett 2019 utvider merverdiavgiftsfritaket for elektroniske tidsskrifter og bøker fra og med 1. juli 2019. Forslaget innebærer en konkurransevridning mellom elektroniske publikasjoner som ikke oppdateres fortløpende, og elektroniske utgaver som oppdateres fortløpende. Disse medlemmer mener dette er en lite fremtidsrettet løsning, og viser til at flere aktører i bransjen har skissert alternative løsninger for avgrensning av merverdiavgiftsfritaket.

På bakgrunn av dette fremmer disse medlemmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag om en ikke-diskriminerende ordning for merverdiavgiftsfritak for alle nyhets- og aktualitetsmedier i statsbudsjettet 2020.»