Søk

Innhald

3. Økonomiske virkemidler

3.1 Sammendrag

Kapittelet tek for seg dei økonomiske verkemidla på mediefeltet i dag og korleis dei har utvikla seg over tid. Kapittelet gjer òg greie for korleis ulike land har innretta mediestøtta si, og for rammevilkåra for allmennkringkastinga og korleis denne blir finansiert.

Mediepolitiske verkemiddel har sidan innføringa av pressestøtta vore forankra i eit ønske om å bevare eit mangfald av medium som ein føresetnad for ytringsfridom og demokrati. Hovudmålet er å fremje god nyheitsproduksjon og ein open offentleg samtale og å bevare eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium. Mediestøtta er forankra i Grunnlova § 100 sjette ledd, som slår fast at «[d]ei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte».

Dei økonomiske verkemidla til staten omfattar både indirekte verkemiddel som fritak for meirverdiavgift og direkte verkemiddel som produksjonstilskotet til nyheits- og aktualitetsmedium. Direkte mediestøtte er i større grad målretta mot medium som har behov for tilskot, og blir tildelt ut frå kriterium som skal sikre mangfald. Tilskot blir løyvd over statsbudsjettet. Indirekte verkemiddel er ordningar som har eit generelt formål, og som omfattar eit fleirtal av nyheits- og aktualitetsmedia. Den økonomiske fordelen blir gitt gjennom reduserte avgifter. Til dømes har fritak for meirverdiavgift for aviser og elektroniske nyheitstenester ein samla verdi berekna til 2,2 mrd. kroner i 2018.

Allmennkringkasting er eit eige statleg verkemiddel. Målet er å sikre innhaldsmangfaldet i kringkastingstilbodet. Som verkemiddel inneber allmennkringkasting økonomiske fordelar/privilegium til kringkastingsselskap, som til gjengjeld tek på seg visse plikter med omsyn til innhald.

Tilskotsordninga for lokale lyd- og biletmedium blei etablert i 1994 og er forvalta av Medietilsynet. Ordninga omfattar lokalkringkastingskonsesjonærar og registrerte kringkastarar som tilbyr innhald som i hovudsak rettar seg mot eit lokalt publikum, nasjonale samanslutningar for lokale lyd- og biletmedium og anleggskonsesjonærar for lokalkringkasting.

Ulike land har valt ulike modellar for støtte til pressa og finansiering av allmennkringkasting, men dei fleste landa i Europa har reduserte satsar på meirverdiavgift for trykte nyheitsmedium. I tillegg har fleire land ei form for direkte støtteordningar for pressa.

3.2 Komiteens merknader

Komiteen deler den historiske beskrivelsen om at de økonomiske virkemidlene for pressen er forankret i et ønske om å bevare mangfoldet i mediebransjen. Hovedmålet er å fremme god nyhetsproduksjon og en åpen, offentlig samtale i en mangfoldig mediebransje. Ifølge Medietilsynet fordeler statens økonomiske virkemidler på medieområdet i 2018 seg blant annet med 5,7 mrd. kroner til NRK, 313 mill. kroner i produksjonstilskudd, 500 mill. kroner i mva.-fritak for tidsskrift og fagpresse og 2,2 mrd. kroner i mva.-fritak for nyhetsmedia.