Sammendrag

I dokumentet fremmes følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringa gjennomføre ei kartlegging av gamle avfallsdeponi i Noreg, med ei oppdatert vurdering av helserisiko, og på denne bakgrunnen vurdere behovet for nye nasjonale tilrådingar og tiltak.»

I dokumentet viser ein til at det finst to tusen nedlagde avfallsdeponi i Noreg. Mange av dei ligg i nærleiken av tettbygde strok. Over 1 600 av deponia har forureiningsgrad gul eller raud.

Det finst i dag ikkje offisielle nasjonale tal på kor mange som bur på eller ved nedlagde deponi.

Forslagsstillarane viser til at det har vore ei rekke ulykker med deponigass dei siste tiåra i Noreg.

Forslagsstillarane viser til at Folkehelseinstituttet har vurdert helserisikoen ved å bygge nær eller på gamle avfallsdeponi og no vurderer å endre sine generelle nasjonale helseråd.

Ifølgje folkehelseloven har kommunar og fylkeskommunar ei lovfesta plikt til å setje i verk tiltak og samordne si verksemd i folkehelsearbeidet på ein forsvarleg måte.

Forslagsstillarane viser til at det er ulik praksis i kommunar med omsyn til det å tillate bygging på gamle avfallsdeponi, og det er usikkerheit om faktagrunnlaget.