Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2018 under Justis- og beredskapsdepartementet

Dette dokument

  • Innst. 117 S (2018–2019)
  • Kjeldedokument: Prop. 28 S (2018–2019), kap. 490, 491 og 3490
  • Utgjevar: kommunal- og forvaltningskomiteen
  • Sidetal: 4
Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

Justis- og beredskapsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet 2018.

1.2 Forslag om endringar

Kap. 490 Utlendingsdirektoratet

Post 21 Spesielle driftsutgifter, asylmottak

Det blir i proposisjonen vist til at prognosen for asylsøkarar til Noreg i 2018 er nedjustert frå 3 000 til 2 500 personar. Isolert sett er behovet for mottaksplassar redusert. Det er utfordrande å redusere kapasiteten raskt nok når mottakskapasiteten er så låg som i dag, på grunn av logistikkutfordringar som oppstår når mottak skal leggjast ned. Bebuarar i mottak som skal leggjast ned, må flyttast til andre mottak, slik at det i ein periode vil vere behov for to plassar. Vidare er mottakskapasiteten for einslege mindreårige no så låg at ytterlegare nedlegging vil føre til at det ved ein eventuell auke i talet på einslege mindreårige ikkje vil vere ledig plass i EMA-mottak. På bakgrunn av dette er mottakskapasiteten ikkje redusert i tråd med den nye prognosen.

Talet på mottak er vesentleg redusert i 2018. Ved inngangen til året var det 58 mottak i drift, medan det ved utgangen av september var 40. Kapasiteten i mottaka er likevel noko høgare enn forventa i samband med revidert nasjonalbudsjett. Dette kjem av at det har blitt utløyst opsjonsplassar som følgje av ein rask auke i asylsøkarar frå Tyrkia i juni, og at det ikkje har vore mogleg å gjennomføre nedbygginga av plassar i transittmottak slik ein hadde forventa. Opsjonsplassane vart utløyste for å sørge for at det var god nok kapasitet dersom auken i asylsøkarar heldt fram utover sommaren. Talet på asylsøkarar som kom til Noreg frå Tyrkia, fall raskare enn venta frå august. Som følgje av nedgangen i talet på mottak og bebuarar blir det foreslått å redusere løyvinga til diverse tiltak i mottak, som returtiltak, dialoggrupper mot vald og tiltak for bebuarar i mottak for einslege mindreårige asylsøkarar. Vidare er det venta at kostnaden per bebuar i mottak blir høgare enn det som er lagt til grunn i gjeldande budsjett. Dette kjem i hovudsak av at det no er færre bebuarar å fordele dei faste kostnadene på.

Departementet foreslår i proposisjonen å auke løyvinga på posten med 31,3 mill. kroner.

Post 22 Spesielle driftsutgifter, tolk og omsetjing

Det blir i proposisjonen vist til at prognosen for kor mange asylsøkarar som kjem til landet, er redusert samanlikna med forventa nivå, og dette fører til at det blir færre innkomstsamtalar med nye asylsøkarar. Vidare har UDI gjennomført færre intervju enn det som har vore lagt til grunn.

Departementet foreslår i proposisjonen å redusere løyvinga på posten med 10 mill. kroner.

Post 60 Tilskot til vertskommunar for asylmottak

Det blir i proposisjonen vist til at det er venta at talet på asylsøkarar vil gå ned i 2018, noko som gjer at det er mindre behov for løyving på posten. Behovet for løyving er likevel høgare enn rein volumjustering skulle tilseie. Dette fordi mottakskapasiteten er høgare enn det som ligg til grunn for gjeldande budsjett, jf. nærmare omtale under post 21.

Vidare er det ein auke i talet på personar som bur i alternativ mottaksplassering (AMOT). Årsaka til auken er at utflyttinga frå AMOT har vore lågare enn forventa som følgje av at ein stor del av bebuarane har avgrensa løyve på grunn av uavklart identitet. Med unntak av barnefamiliar og einslege mindreårige blir ikkje denne gruppa busett før identiteten er avklart. Regjeringa bestemte i 2018 at barnefamiliar med slike løyve skal busetjast etter første gongen dei har fornya eit løyve. Men det tek tid frå vedtak til busetjing, og det er framleis barnefamiliar i AMOT som ventar på busetjing. Vidare er det innvilga fleire søknader om AMOT i samband med nedlegging av mottak, slik at personar med nære relasjonar i kommunen kan bli buande i kommunen.

Samla foreslår departementet i proposisjonen å auke løyvinga på posten med 17,7 mill. kroner.

Post 70 Stønader til bebuarar i asylmottak

Det blir i proposisjonen vist til at det er venta at talet på asylsøkarar vil gå ned i 2018, noko som gjer at det er mindre behov for løyving på posten. Behovet for løyving er likevel noko høgare enn det volumjusteringa tilseier, som følgje av auka utbetalingar til tilleggsytingar.

Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 6,4 mill. kroner.

Post 71 Tilskot til aktivitetstilbod for barn i asylmottak

Det blir i proposisjonen vist til at det er venta eit mindreforbruk på posten knytt til aktivitetsmidlar for barn i mottak fordi det ikkje har komme inn nok søknader til å tildele heile løyvinga. Dette har truleg samanheng med reduksjonen i talet på mottak.

Departementet foreslår i proposisjonen å redusere løyvinga på posten med 2,6 mill. kroner.

Post 72 Retur av asylsøkarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, overslagsløyving

Det blir i proposisjonen vist til at det er venta eit mindreforbruk på posten, bl.a. fordi det er venta færre returar enn det som er lagt til grunn for gjeldande løyving.

Departementet foreslår i proposisjonen å redusere løyvinga på posten med 19,6 mill. kroner.

Post 75 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, kan overførast

Det blir i proposisjonen vist til at det er venta at det vil komme nokre færre overføringsflyktningar enn det som er lagt til grunn for gjeldande budsjett. Dette gir reduserte offentlege utgifter. Det er derimot forventa eit meirforbruk på posten på grunn av auka reiseutgifter i samband med uttak av overføringsflyktningar som blir evakuerte frå Libya. I tillegg er dollarkursen høgare enn det som har vore lagt til grunn.

Departementet foreslår i proposisjonen å auke løyvinga på posten med 0,5 mill. kroner.

Kap. 3490 Utlendingsdirektoratet

Post 1 Retur av asylsøkarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, ODA-godkjende utgifter

Det blir i proposisjonen vist til at visse utgifter knytte til retur og tilbakevending av flyktningar på kap. 490 post 1 og post 72 i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

Departementet foreslår i proposisjonen å redusere løyvinga på posten med 34,9 mill. kroner.

Post 3 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, ODA-godkjende utgifter

Det blir i proposisjonen vist til at reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, over kap. 490 post 75, i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

På bakgrunn av forslag om å auke løyvinga på kap. 490 post 75, foreslår departementet i proposisjonen å auke løyvinga på posten med 0,5 mill. kroner.

Post 4 Asylmottak, ODA-godkjende utgifter

Det blir i proposisjonen vist til at visse innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkarar og flyktningar, på kap. 490 post 21, post 60 og post 70, i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

På bakgrunn av foreslåtte endringar på kap. 490 post 21, post 60 og post 70, foreslår departementet i proposisjonen å redusere løyvinga på posten med 126,7 mill. kroner.

Post 5 Refusjonsinntekter

Det blir i proposisjonen vist til at UDIs IKT-løysingar i mindre grad enn tidlegare har blitt brukte av andre etatar, og det blir dermed mindre refusjonar til UDI. Nedgangen i bruk kjem av at det kom færre asylsøkarar enn venta i 2018. Det er også etablert andre system som erstattar bruken av UDIs IKT-løysingar, og som gir mindre refusjonar til direktoratet.

Departementet foreslår i proposisjonen å redusere løyvinga på posten med 1,9 mill. kroner.

Kap. 491 Utlendingsnemnda

Post 1 Driftsutgifter, kan nyttast under post 21

Det blir i proposisjonen vist til at utgifter knytte til sakskostnader til klagar etter forvaltningslova § 36 og UNEs utbetalingar i samband med tvunge verneting sidan 2016 har blitt budsjetterte og rekneskapsførte på post 1. For 2018 skulle desse utgiftene ha blitt løyvde på kap. 491 post 21, jf. postomtale i Prop. 1 S (2017–2018). Departementet foreslår følgjeleg i proposisjonen å redusere løyvinga på posten med 4 mill. kroner mot ein tilsvarande auke i løyvinga på kap. 491 post 21.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, nemndbehandling, kan nyttast under post 1

Departementet foreslår i proposisjonen å auke løyvinga på posten med 4 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 491 post 1. Vi viser til omtalen under den nemnde posten.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Masud Gharahkhani, Stein Erik Lauvås, Eirik Sivertsen og Siri Gåsemyr Staalesen, fra Høyre, Norunn Tveiten Benestad, Mari Holm Lønseth, Olemic Thommessen og Ove Trellevik, fra Fremskrittspartiet, Jon Engen-Helgheim og Kari Kjønaas Kjos, fra Senterpartiet, Geir Arild Espnes og Willfred Nordlund, fra Sosialistisk Venstreparti, lederen Karin Andersen, og fra Kristelig Folkeparti, Torhild Bransdal, viser til Prop. 28 S (2018–2019). I denne innstillingen behandles kapitlene 490, 491 og 3490.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til at regjeringen i flere av omgrupperingsproposisjonene foreslår endringer som er rent politisk begrunnet og ikke budsjettekniske. Flertallet mener derfor at dette åpner for at også Stortinget kan bruke omgrupperingene til politiske prioriteringer.

Kap. 490 post 70

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til at flere frivillige og humanitære organisasjoner har meldt fra om at satsene for livsopphold på mottak er så lave at flere sulter, og at det har vært nødvendig for organisasjonene å bidra med mat for å unngå sult. Dette er regjeringen klar over og har fått informasjon om.

Dette medlem viser til at matsikkerhet er en grunnleggende menneskerettighet, nedfelt i FNs verdenserklæring om menneskerettighetene Art. 25. OsloMet gjennomførte i 2017 en studie om matsikkerhet blant 205 voksne mannlige og kvinnelige beboere på asylmottak. Studien viste at 93 pst. er matusikre. Av disse opplever 12 pst. matusikkerhet uten sult, 84 pst. mat-usikkerhet med sult, og 4 pst. at deres barn sulter. Ser man kun på barnefamilier, opplever 20 pst. av disse at deres barn sulter. For å forhindre matusikkerhet, anbefaler OsloMet at den økonomiske støtten til beboere i mottak økes. Dette medlem viser til egne forslag om at de økonomiske ytelsene må høynes for å sikre at barn og voksne ikke går sultne, og for å sikre at de gis bedre levevilkår og mulighet til et verdig liv mens de bor på asylmottak.

Dette medlem viser til at når det nå er midler til overs på denne budsjettposten, bør de brukes til å heve satsene nå opp til nivået på ytelsene før innstrammingen og overføres til 2019 for å heve satsene. En mer normal tilværelse i mottak vil gi langt bedre forutsetninger for integrering og beboernes evne til å ta ansvar for egen situasjon.

Dette medlem fremmer derfor følgende forslag:

«På kap. 490 post 70 tilføyes stikkordet ‘kan overføres’.»

«Stortinget ber regjeringen så raskt som mulig heve satsene for livsopphold i mottak innenfor rammen av bevilgningen.»

3. Forslag fra mindretall

Forslag fra Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1

På kap. 490 post 70 tilføyes stikkordet «kan overføres».

Forslag 2

Stortinget ber regjeringen så raskt som mulig heve satsene for livsopphold i mottak innenfor rammen av bevilgningen.

4. Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Høyre, Fremskrittspartiet, Senterpartiet og Kristelig Folkeparti.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og råder Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

I statsbudsjettet for 2018 blir det gjort følgende endringer:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

490

Utlendingsdirektoratet

21

Spesielle driftsutgifter, asylmottak, forhøyes med

31 294 000

fra kr 795 168 000 til kr 826 462 000

22

Spesielle driftsutgifter, tolk og oversettelse, nedsettes med

9 953 000

fra kr 21 453 000 til kr 11 500 000

60

Tilskudd til vertskommuner for asylmottak, forhøyes med

17 730 000

fra kr 185 894 000 til kr 203 624 000

70

Stønader til beboere i asylmottak, nedsettes med

6 410 000

fra kr 116 986 000 til kr 110 576 000

71

Tilskudd til aktivitetstilbud for barn i asylmottak, nedsettes med

2 643 000

fra kr 29 415 000 til kr 26 772 000

72

Retur av asylsøkere med avslag og tilbakevending for flyktninger, overslagsbevilgning, nedsettes med

19 568 000

fra kr 87 597 000 til kr 68 029 000

75

Reiseutgifter for flyktninger til og fra utlandet, kan overføres, forhøyes med

459 000

fra kr 11 920 000 til kr 12 379 000

491

Utlendingsnemnda

1

Driftsutgifter, kan nyttes under post 21, nedsettes med

4 000 000

fra kr 313 700 000 til kr 309 700 000

21

Spesielle driftsutgifter, nemndbehandling, kan nyttes under post 1, forhøyes med

4 000 000

fra kr 6 221 000 til kr 10 221 000

Inntekter

3490

Utlendingsdirektoratet

1

Retur av asylsøkere med avslag og tilbakevending for flyktninger, ODA-godkjente utgifter, nedsettes med

34 941 000

fra kr 100 028 000 til kr 65 087 000

3

Reiseutgifter for flyktninger til og fra utlandet, ODA-godkjente utgifter, forhøyes med

483 000

fra kr 14 150 000 til kr 14 633 000

4

Asylmottak, ODA-godkjente utgifter, nedsettes med

126 718 000

fra kr 485 253 000 til kr 358 535 000

5

Refusjonsinntekter, nedsettes med

1 855 000

fra kr 8 655 000 til kr 6 800 000

Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 11. desember 2018

Karin Andersen

leder og ordfører