Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2018 under Olje- og energidepartementet

Søk

Innhald

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

I Prop. 18 S (2018–2019) kjem Olje- og energidepartementet med framlegg til endringar i statsbudsjettet 2018 i samsvar med kapittel 2. I kapittel 3 i proposisjonen gjer departementet greie for behandlinga av meirverdiavgift når det gjeld forprosjektering av fullskala CO2-handtering. I kapittel 4 i proposisjonen gjer departementet greie for bruk av fullmakter under petroleumsverksemda.

1.2 Nærare om endringar i statsbudsjettet 2018

Kap. 1800 Olje- og energidepartementet

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 72

Det er foreslått å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner, til om lag 19,4 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsauke under kap. 1800 post 71 Tilskot til Norsk Oljemuseum.

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar mv.

Det er sett av 1,8 mill. kroner under post 70 i 2018 for å dekkje uteståande forpliktingar for den norske deltakinga i EUs rammeprogram for konkurranseevne og innovasjon. Det vil ikkje vil bli utbetalingar til CIP i 2018.

Det er sett av 2,8 mill. kroner i økonomisk bidrag til ACER under posten som ikkje vil påløpe i 2018.

På denne bakgrunnen er det foreslått å redusere løyvinga med til saman 4,6 mill. kroner, til 3,2 mill. kroner.

Post 71 Tilskot til Norsk Oljemuseum

Det er foreslått at staten støttar ei ny utstilling med 1,5 mill. kroner over Olje- og energidepartementets budsjett. På denne bakgrunnen er det foreslått å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner, til 15 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande reduksjon under kap. 1800 post 21 Spesielle driftsutgifter.

Kap. 1810 Oljedirektoratet

Post 1 Driftsutgifter

Det er foreslått å auke løyvinga med 3,5 mill. kroner, til 305,7 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande inntektsauke under kap. 4810 post 1 Gebyrinntekter.

Post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast

Utgifter til Oljedirektoratets samarbeidsavtale med Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad) om rådgiving innanfor petroleumsforvaltning for utviklingsland (Olje for utvikling) er anslått å bli 10 mill. kroner lågare enn gjeldande løyving.

På denne bakgrunnen er det foreslått å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, til om lag 106,8 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande inntektsreduksjon under kap. 4810 post 2 Oppdrags- og samarbeidsinntekter.

Kap. 1815 Petoro AS

Post 72 Administrasjon, Petoro Iceland AS

Post 73 Statleg deltaking i petroleumsverksemd på islandsk kontinentalsokkel, kan overførast

Petoro Iceland AS har frå 2013 til 2018 forvalta statens deltakarpartar i tre utvinningsløyve på islandsk sokkel. Det vart i januar 2018 bestemt ikkje å føre vidare aktiviteten i det siste aktive løyvet. På denne bakgrunnen er det foreslått å redusere løyvinga under post 72 Administrasjon, Petoro Iceland AS med om lag 1,1 mill. kroner, til 400 000 kroner for dekning av utgifter som har komme til i 2018. Vidare er det foreslått å redusere løyvinga under post 73 Statleg deltaking i petroleumsverksemd på islandsk kontinentalsokkel med om lag 18,4 mill. kroner, til 350 000 kroner.

Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 22 Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 45, 60 og 72

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har berekna eit løyvingsbehov på til saman 55 mill. kroner til krise- og hastetiltak som følgje av flaumen i oktober. På denne bakgrunnen er det foreslått å auke løyvinga med totalt 55 mill. kroner, til om lag 316,5 mill. kroner.

Post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast

Det er foreslått å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, til om lag 81,8 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande inntektsreduksjon under kap. 4820 post 2 Oppdrags- og samarbeidsinntekter.

Kap. 1830 Forsking og næringsutvikling

Post 70 Tilskot til Nordisk Energiforsking

Olje- og energidepartementet har utbetalt om lag 10,3 mill. kroner til Nordisk Energiforsking i 2018. Det er foreslått å redusere løyvinga med 1 mill. kroner, til 10,3 mill. kroner.

Kap. 1840 CO2-handtering

Post 71 Tilskot til Teknologisenter for CO2-fangst på Mongstad

Det er foreslått å redusere løyvinga med 2 mill. kroner, til 193 mill. kroner. Reduksjonen har samanheng med tilbakebetaling/avrekning av driftsutgifter for 2017.

Kap. 2440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE)

Post 30 Investeringar

Overslaget for kap. 2440 post 30 Investeringar er redusert med 1 000 mill. kroner, til 24 000 mill. kroner. Nedgangen kjem av lågare investeringsoverslag for Johan Sverdrup, redusert produksjonsboring som følgje av forseinka oppstart av Cat J-riggane på Oseberg og Gullfaks, og endra boreplanar for enkelte felt.

Kap. 5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE)

Post 24 Driftsresultat, post 30 Avskrivingar, post 80 Renter av statens kapital

Endringar i underpostar av post 24 som er omtalte i proposisjonen, medfører at overslaget for driftsresultatet til SDØE er auka med 31 200 mill. kroner, frå 93 500 mill. kroner til 124 700 mill. kroner.

Overslaget for netto kontantstraum frå SDØE er auka frå 97 800 mill. kroner til 127 800 mill. kroner, ein auke på 30 000 mill. kroner frå gjeldande løyving for 2018.

Kap. 2490 NVE Anlegg

Post 24 Driftsresultat

Overslaget for kap. 2490 underpost 24.1 Driftsinntekter er auka med 26,5 mill. kroner, til 106,5 mill. kroner. Overslaget for kap. 2490 underpost 24.2 Driftsutgifter er auka med 26,5 mill. kroner, til 101,7 mill. kroner. Ovannemnde endringar medfører inga endring i NVE Anlegg sitt driftsresultat.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

NVE Anlegg legg opp til å selje utstyr mv. som til saman er venta å gi netto om lag 1,4 mill. kroner i auka inntekter. På denne bakgrunnen er det foreslått løyvd 1,4 mill. kroner.

Kap. 4800 Olje- og energidepartementet

Post 2 Ymse inntekter

Gjennom behandlinga av Prop. 119 S (2014–2015), jf. Innst. 360 S (2014–2015), og Prop. 122 S (2015–2016), jf. Innst. 400 S (2015–2016), vart løyvinga til Petoro auka med høvesvis 7 mill. kroner og 5,3 mill. kroner til dekning av ekstern juridisk og teknisk bistand. Petoro vil betale tilbake unytta midlar til Olje- og energidepartementet. På denne bakgrunnen er det foreslått løyvd 1,3 mill. kroner på post 2.

Kap. 4810 Oljedirektoratet

Post 1 Gebyrinntekter

Det er foreslått å auke løyvinga med 3,5 mill. kroner, til om lag 29,1 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande utgiftsauke under kap. 1810 post 1 Driftsutgifter.

Post 2 Oppdrags- og samarbeidsinntekter

Det er foreslått å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, til om lag 106,8 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1810 post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.

Kap. 4820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 2 Oppdrags- og samarbeidsinntekter

Det er foreslått å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, til om lag 81,8 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1820 post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.

Post 40 Flaum- og skredførebygging

Posten omfattar inntekter frå kommunar for sikrings- og miljøtiltak som er gjennomførte i regi av NVE. Nytt overslag gir grunnlag for å auke løyvinga med 6 mill. kroner, til 27 mill. kroner.

Kap. 5490 NVE Anlegg

Post 1 Sal av utstyr mv.

Det er foreslått å auke løyvinga med 1,4 mill. kroner, til 1,6 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande auke under kap. 2490, post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald.

Kap. 5685 Aksjar i Equinor ASA

Post 85 Utbytte

For budsjettformål er det lagt til grunn eit kontantutbytte for andre kvartal 2018 tilsvarande utbetalinga for første kvartal 2018. På denne bakgrunnen er det foreslått å auke løyvinga med 366 mill. kroner, til 14 910 mill. kroner.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Åsmund Aukrust, Else-May Botten, Espen Barth Eide, Hege Haukeland Liadal og Runar Sjåstad, fra Høyre, Liv Kari Eskeland, Stefan Heggelund, Aase Simonsen og Renate Sølversen, fra Fremskrittspartiet, Terje Halleland og Gisle Meininger Saudland, fra Senterpartiet, Sandra Borch og Ole André Myhrvold, fra Sosialistisk Venstreparti, Lars Haltbrekken, fra Venstre, lederen Ketil Kjenseth, fra Kristelig Folkeparti, Tore Storehaug, og fra Miljøpartiet De Grønne, Per Espen Stoknes, viser til de foreslåtte endringene i statsbudsjettet for 2018 under Olje- og energidepartementet.

Komiteen viser til omtalen av de store nedbørsmengdene i særlig Oppland, Sogn og Fjordane og Hordaland og støtter regjeringens forslag om å øke bevilgningen til NVEs flom- og skredforebygging med 55 mill. kroner i 2018 til krise- og hastetiltak.

Komiteen viser til omtalen av Nordisk Energiforskning og merker seg at det foreslås å redusere bevilgningen med 1 mill. kroner til 10, 3 mill. kroner i 2018. Komiteen vil understreke betydningen av både nordisk energisamarbeid og ikke minst felles forsknings- og utviklingssamarbeid om energi i Norden, senest nevnt i rapporten «Nordisk energisamarbeid; Sterkt i dag – sterkere i morgen» utarbeidet av Jorma Ollila for Nordisk råd. Mer forskningssamarbeid blir her pekt på som et av de viktigste felles tiltakene og innsatsområdene de neste årene.

3. Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

I statsbudsjettet for 2018 blir det gjort følgende endringer:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

1800

Olje- og energidepartementet

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 72, blir sett ned med

1 500 000

frå kr 20 946 000 til kr 19 446 000

70

Tilskot til internasjonale organisasjonar mv., blir sett ned med

4 600 000

frå kr 7 800 000 til kr 3 200 000

71

Tilskot til Norsk Oljemuseum, blir sett opp med

1 500 000

frå kr 13 500 000 til kr 15 000 000

1810

Oljedirektoratet

1

Driftsutgifter, blir sett opp med

3 500 000

frå kr 302 200 000 til kr 305 700 000

23

Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast, blir sett ned med

10 000 000

frå kr 116 750 000 til kr 106 750 000

1815

Petoro AS

72

Administrasjon, Petoro Iceland AS, blir sett ned med

1 097 000

frå kr 1 497 000 til kr 400 000

73

Statleg deltaking i petroleumsverksemd på islandsk kontinentalsokkel, kan overførast, blir sett ned med

18 350 000

frå kr 18 700 000 til kr 350 000

1820

Noregs vassdrags- og energidirektorat

22

Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 45, 60 og 72, blir sett opp med

55 000 000

frå kr 261 454 000 til kr 316 454 000

23

Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast, blir sett ned med

5 000 000

frå kr 86 820 000 til kr 81 820 000

1830

Forsking og næringsutvikling

70

Tilskot til Nordisk Energiforsking, blir sett ned med

1 000 000

frå kr 11 300 000 til kr 10 300 000

1840

CO2-handtering

71

Tilskot til Teknologisenter for CO2-fangst på Mongstad, blir sett ned med

2 000 000

frå kr 195 000 000 til kr 193 000 000

2440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

30

Investeringar, blir sett ned med

1 000 000 000

frå kr 25 000 000 000 til kr 24 000 000 000

2490

NVE Anlegg

24

Driftsresultat

0

1 Driftsinntekter

-106 500 000

2 Driftsutgifter

101 700 000

3 Avskrivingar

4 600 000

4 Renter av statens kapital

200 000

5 Investeringsformål

0

6 Reguleringsfond

-5 000 000

-5 000 000

45 (NY)

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, blir løyvd med

1 400 000

Inntekter

4800

Olje- og energidepartementet

2 (NY)

Ymse inntekter, blir løyvd med

1 300 000

4810

Oljedirektoratet

1

Gebyrinntekter, blir sett opp med

3 500 000

frå kr 25 627 000 til kr 29 127 000

2

Oppdrags- og samarbeidsinntekter, blir sett ned med

10 000 000

frå kr 116 751 000 til kr 106 751 000

4820

Noregs vassdrags- og energidirektorat

2

Oppdrags- og samarbeidsinntekter, blir sett ned med

5 000 000

frå kr 86 820 000 til kr 81 820 000

40

Flaum- og skredførebygging, blir sett opp med

6 000 000

frå kr 21 000 000 til kr 27 000 000

5440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

24

Driftsresultat, blir sett opp med

31 200 000 000

frå kr 93 500 000 000 til kr 124 700 000 000

1 Driftsinntekter

184 000 000 000

2 Driftsutgifter

-30 100 000 000

3 Leite- og feltutviklingsutgifter

-2 100 000 000

4 Avskrivingar

-24 000 000 000

5 Renter av statens kapital

-3 100 000 000

124 700 000 000

30

Avskrivingar, blir sett ned med

2 000 000 000

frå kr 26 000 000 000 til kr 24 000 000 000

80

Renter av statens kapital, blir sett ned med

200 000 000

frå kr 3 300 000 000 til kr 3 100 000 000

5490

NVE Anlegg

1

Sal av utstyr mv., blir sett opp med

1 400 000

frå kr 200 000 til kr 1 600 000

5685

Aksjar i Equinor ASA

85

Utbytte, blir sett opp med

366 000 000

frå kr 14 544 000 000 til kr 14 910 000 000

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 6. desember 2018

Ketil Kjenseth

leder og ordfører