Vedlegg 2 - Brev fra Samferdselsdepartementet v/statsråd Jon Georg Dale til transport- og kommunikasjonskomiteen, datert 31. oktober 2018

Vedlegg 2
Spørsmål 1 og 2 til Dok. 8:5 (2018-2019) - svar

Eg viser til brev av 25.10.18 om reforhandling av Bypakke Nord-Jæren. Transport- og kommunikasjonskomiteen har følgjande spørsmål:

  1. Er det mulig å nå nullvekstmålet på Nord-Jæren uten å bruke bompenger?

  2. Hvilke tiltak ser samferdselsministeren som aktuelle for å nå nullvekstmålet dersom det ikke skal brukes bompenger?

Utgangspunktet mitt er at bompengeinnkrevjing skal byggje på lokalt initiativ og vedtak. Det er eit viktig prinsipp ved all bompengefinansiering. Staten pålegg ikkje bompengefinansiering. Det er altså lokale myndigheiter sjølv som må gjere den vurderinga at dei ønskjer bompengeinnkrevjing – anten føremålet er rein finansiering eller både trafikkregulering og finansiering slik det er mogleg å gjere i byområda.

Bypakke Nord-Jæren (Bymiljøpakken) er ein del av byvekstavtalen for byområdet. I brevet mitt av 18.10.18 har eg derfor gjort greie for dei to føresetnadene frå staten i det lokale arbeidet med å revidere bompengeopplegget på Nord-Jæren: Byvekstavtalen skal bidra til å nå målet om nullvekst i persontransport med bil. Det er vidare viktig at det i reforhandlingane blir lagt til grunn at dei økonomiske rammene som staten bidreg med i Bymiljøpakken, allereie er avklart gjennom stortingshandsaming. Ut over dette har dei lokale styresmaktene stor fridom til å utforme pakken sjølv, men det må vere balanse mellom inntekter og utgifter. Dersom dei ønskjer eit revidert bompengeopplegg og vedtek dette, vil eg ta det vidare til Stortinget basert på dei lokale vedtaka.

Eg har meir tru på tiltak som er positive for å nå nullvekstmålet, som til dømes betre kollektivtransport og betre gang- og sykkelvegar, enn restriktive tiltak som blir oppfatta som negative av folk. Dette legg regjeringa til rette for ved ei betydeleg satsing på byområda. Det er sett av 66,4 mrd. kr til bymiljø-/byvekstavtalane og belønningsordninga i Nasjonal transportplan 2018-2029. Regjeringa følgjer no dette opp i dei årlege budsjetta. I 2019 foreslår vi over 3,7 mrd. kr til dette formålet som ein del av ei viktig statleg satsing for å nå nullvekstmålet. I den gjeldande byvekstavtalen for Nord-Jæren bidreg staten mellom anna til utbygginga av Bussveien, som vil styrke kollektivtilbodet på Nord-Jæren betydeleg. Det er også sett av midlar til sykkelvegutbygging og tilskot til lokale tiltak gjennom belønningsmidlar. Samstundes må lokale styresmakter bidra innanfor ansvarsområda sine dersom vi skal nå nullvekstmålet. I dette arbeidet må det vere opp til dei å velje dei konkrete tiltaka ut frå utfordringane dei ser i byområdet sitt.

Byvekstavtalen for Nord-Jæren blir no reforhandla, og det lokale arbeidet med å revidere bompengeopplegget må sjåast i samanheng med det. Samla sett må dei lokale partane og staten komme fram til ei tiltakspakke for byvekstavtalen, som inkluderer bypakken, som gjer det mogleg å nå nullvekstmålet. Ein ny, lokalt vedteke bypakke vil måtte leggjast fram for Stortinget på nytt.