Søk

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeiderpartiet, Kjell-Idar Juvik, Anne Odenmarck, Magne Rommetveit, Eirik Sivertsen og Karianne O. Tung, frå Høgre, leiaren Nikolai Astrup, Torill Eidsheim, Nils Aage Jegstad og Helge Orten, frå Framstegspartiet, Tor André Johnsen, Åse Michaelsen og Morten Stordalen, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, frå Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, og frå Venstre, Abid Q. Raja, viser til proposisjonen om delvis finansiering av fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal med bompengar. Dette er eit viktig ferjeavløysingsprosjekt som bind saman øyane Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya, Fjørtofta og Harøya i Haram og Sandøy kommunar, og erstattar to ferjesamband. Komiteen merkar seg at Nordøyvegen er eit særs etterlengta vegprosjekt som vil gje 2 900 personar på Nordøyane fastlandssamband, og legg til rette for fortsatt stor verdiskaping frå eit aktivt næringsliv på desse øyane.

Komiteen viser til at prosjektet er tenkt finansiert med fylkeskommunale midlar, bompengar og lokale bidrag, og at fylkeskommunen er ansvarleg for låneopptak knytt til lokale bidrag. Komiteen merkar seg at dette prosjektet er det første store fylkeskommunale ferjeavløysingsprosjektet etter at ordninga med alternativ bruk av ferjetilskot for fylkesvegferjer vart etablert.

Komiteen viser til at fylkeskommunen i brev av 8. februar 2017 har søkt om ferjeavløysingsmidlar etter denne ordninga og at Samferdselsdepartementet i brev av 15. mars 2017 har stadfesta at prosjektet fell inn under denne ordninga, men at beløpet enno ikkje er fastsett.

Komiteen vil oppmode regjeringa om å handsame denne søknaden raskt slik at framdrifta og gjennomføringa av prosjektet kan gjennomførast med planlagt anleggsstart i 2017 og ferdigstilling i 2023, slik fylkeskommunen legg opp til.

Komiteen merkar seg at styringsramma for prosjektet er sett til 3 442 mill. 2017-kroner, og at bompengar utgjer 460 mill. kroner.

Komiteen merkar seg vidare at sparte ferjekostnadar og ordninga med ferjeavløysingsmidlar i inntil 40 år er ein viktig del av finansieringa for fylkeskommunen, i tillegg til lokale tilskot.

Komiteen viser til at det er lagt opp til tovegs innkrevjing av bompengar i ein bomstasjon på Skjelten, og at dette betyr at det berre vert innkrevjing av bompengar ved køyring til og frå fastlandet. Komiteen er samd i at dette er ei fornuftig løysing, og at ein på denne måten unngår bompengar på køyring mellom øyane.

Komiteen viser til at betalingsviljen for å få avløyst ferjer med eit fast samband av bruer og tunnelar, er stor. Alternativet for fylkeskommunen er å oppretthalde ferjesamband som er dyre å drive, og for innbyggarane er ferjer ein evigvarande bomstasjon. Utrekna i 2017-kroner er bomtakstane sett til 131 kroner i takstgruppe 1 og 262 kroner i takstgruppe 2. Komiteen meiner dette er eit rimeleg nivå samanlikna med dagens ferjetakstar.

Komiteen viser til at dagens marknadsrente eller binding av rentenivået vil gje ei lågare faktisk rente enn den berekningstekniske. Eit gunstigare rentenivå kan i hovudsak gje tre ulike fordelar: Lågare bompengetakstar, raskare nedbetaling eller ytterlegare satsing på infrastruktur. Komiteen legg til grunn at bompengetakstane kan setjast lågare basert på marknadsrente eller binding av renta, og meiner dette er ein moglegheit fylkeskommunen kan gjere seg nytte av dersom det er eit lokalt ønskje om det.