Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om Finansiering av prosjektet fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal

Dette dokument

  • Innst. 468 S (2016–2017)
  • Kjeldedokument: Prop. 140 S (2016–2017)
  • Utgjevar: transport- og kommunikasjonskomiteen
  • Sidetal: 2
Til Stortinget

1. Samandrag

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om finansiering av ny fv. 659 på strekninga Skjeltene–Harøya (Nordøyvegen) i Møre og Romsdal.

Prosjektet omfattar bygging av eitt brusamband og tre undersjøiske tunnelar som skal gje fast vegsamband mellom øyane Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya, Fjørtofta og Harøya – Nordøyane.

Nordøyvegen vil gje fastlandssamband for rundt 2 900 personar.

Finansieringa av prosjektet fv. 659 Nordøyvegen er basert på fylkeskommunale midlar og bompengar. Det kan vere mogleg med anleggsstart i 2017 og opning for trafikk i 2023.

Eksisterande veg har varierande vegbreidde og delvis dårleg kurvatur. Årsdøgntrafikk (ÅDT) er på om lag 700 køyretøy. Trasé og standard vart fastsett gjennom vedtak av kommunedelplan med konsekvensutgreiing i 2006.

Prosjektet omfattar bygging av til saman om lag 5 km ny veg som skal binde nytt og eksisterande vegnett saman. Utbygginga omfattar totalt om lag 24 km ny veg.

Våren 2016 vart det gjennomført ekstern kvalitetssikring av prosjektet fv. 659 Nordøyvegen (KS2). Kvalitetssikringa omfatta prosjektunderlag, kostnadsoverslag og trafikkgrunnlag. Ekstern kvalitetssikrar tilrådde ei styringsramme for utbygginga på 3 250 mill. 2016-kroner og ei kostnadsramme på 3 670 mill. 2016-kroner.

Som følgje av at tunnelsikkerheitsforskrifta for fylkesveg m.m. tredde i kraft 1. januar 2015, vart det behov for nokre mindre endringar av reguleringsplanane. Desse endringane vart vedtekne hausten 2016. Statens vegvesen har på bakgrunn av dette gått gjennom kostnadene for prosjektet på nytt. Etter dette legg Møre og Romsdal fylkeskommune til grunn ei styringsramme på 3 442 mill. 2017-kroner og ei kostnadsramme på 3 786 mill. 2017-kroner. I proposisjonen er dette lagt til grunn.

Prosjektet sin samfunnsøkonomiske netto nytte er rekna til om lag -0,3 mrd. kroner. Netto nytte pr. budsjettkrone er rekna til -0,14. Netto nytte over totale kostnader er rekna til -0,09.

Finansieringsopplegget omfattar fylkeskommunale midlar og bompengar. Dette inneber at Møre og Romsdal fylkeskommune er ansvarleg for nødvendige låneopptak for å finansiere framtidige kommunale tilskot knytte til prosjektet, jf. kap. 3 i proposisjonen.

Fylkeskommunen har søkt om midlar til prosjektet frå ordninga med alternativ bruk av ferjetilskot for fylkesvegferjer. Samferdselsdepartementet har stadfesta at prosjektet fell inn under ordninga, men storleiken på tilskotet er enno ikkje fastsett. Det er ikkje teke atterhald om slikt tilskot i fylkeskommunen sitt vedtak, jf. kap. 3 i proposisjonen. Fylkeskommunen er ansvarleg for nødvendige låneopptak for å finansiere prosjektet, uavhengig av storleiken på framtidige ferjeavløysingsmidlar.

I tråd med dei lokalpolitiske vedtaka er det lagt opp til tovegs etterskotsinnkrevjing av bompengar i ein automatisk bomstasjon ved Skjeltene på fastlandet i Haram kommune. Mellom øyane skal det ikkje krevjast inn bompengar.

Gjennom vedtak i fylkestinget 14. desember 2016 har Møre og Romsdal fylkeskommune stilt sjølvskuldnargaranti for eit maksimalt bompengelån på 525 mill. 2016-kroner, jf. kap. 3 i proposisjonen.

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeiderpartiet, Kjell-Idar Juvik, Anne Odenmarck, Magne Rommetveit, Eirik Sivertsen og Karianne O. Tung, frå Høgre, leiaren Nikolai Astrup, Torill Eidsheim, Nils Aage Jegstad og Helge Orten, frå Framstegspartiet, Tor André Johnsen, Åse Michaelsen og Morten Stordalen, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, frå Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, og frå Venstre, Abid Q. Raja, viser til proposisjonen om delvis finansiering av fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal med bompengar. Dette er eit viktig ferjeavløysingsprosjekt som bind saman øyane Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya, Fjørtofta og Harøya i Haram og Sandøy kommunar, og erstattar to ferjesamband. Komiteen merkar seg at Nordøyvegen er eit særs etterlengta vegprosjekt som vil gje 2 900 personar på Nordøyane fastlandssamband, og legg til rette for fortsatt stor verdiskaping frå eit aktivt næringsliv på desse øyane.

Komiteen viser til at prosjektet er tenkt finansiert med fylkeskommunale midlar, bompengar og lokale bidrag, og at fylkeskommunen er ansvarleg for låneopptak knytt til lokale bidrag. Komiteen merkar seg at dette prosjektet er det første store fylkeskommunale ferjeavløysingsprosjektet etter at ordninga med alternativ bruk av ferjetilskot for fylkesvegferjer vart etablert.

Komiteen viser til at fylkeskommunen i brev av 8. februar 2017 har søkt om ferjeavløysingsmidlar etter denne ordninga og at Samferdselsdepartementet i brev av 15. mars 2017 har stadfesta at prosjektet fell inn under denne ordninga, men at beløpet enno ikkje er fastsett.

Komiteen vil oppmode regjeringa om å handsame denne søknaden raskt slik at framdrifta og gjennomføringa av prosjektet kan gjennomførast med planlagt anleggsstart i 2017 og ferdigstilling i 2023, slik fylkeskommunen legg opp til.

Komiteen merkar seg at styringsramma for prosjektet er sett til 3 442 mill. 2017-kroner, og at bompengar utgjer 460 mill. kroner.

Komiteen merkar seg vidare at sparte ferjekostnadar og ordninga med ferjeavløysingsmidlar i inntil 40 år er ein viktig del av finansieringa for fylkeskommunen, i tillegg til lokale tilskot.

Komiteen viser til at det er lagt opp til tovegs innkrevjing av bompengar i ein bomstasjon på Skjelten, og at dette betyr at det berre vert innkrevjing av bompengar ved køyring til og frå fastlandet. Komiteen er samd i at dette er ei fornuftig løysing, og at ein på denne måten unngår bompengar på køyring mellom øyane.

Komiteen viser til at betalingsviljen for å få avløyst ferjer med eit fast samband av bruer og tunnelar, er stor. Alternativet for fylkeskommunen er å oppretthalde ferjesamband som er dyre å drive, og for innbyggarane er ferjer ein evigvarande bomstasjon. Utrekna i 2017-kroner er bomtakstane sett til 131 kroner i takstgruppe 1 og 262 kroner i takstgruppe 2. Komiteen meiner dette er eit rimeleg nivå samanlikna med dagens ferjetakstar.

Komiteen viser til at dagens marknadsrente eller binding av rentenivået vil gje ei lågare faktisk rente enn den berekningstekniske. Eit gunstigare rentenivå kan i hovudsak gje tre ulike fordelar: Lågare bompengetakstar, raskare nedbetaling eller ytterlegare satsing på infrastruktur. Komiteen legg til grunn at bompengetakstane kan setjast lågare basert på marknadsrente eller binding av renta, og meiner dette er ein moglegheit fylkeskommunen kan gjere seg nytte av dersom det er eit lokalt ønskje om det.

3. Tilråding frå komiteen

Komiteen syner til proposisjonen og sine merknader, og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:
  • 1. Stortinget samtykkjer i at bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån og krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av prosjektet fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal. Vilkåra går fram av Prop. 140 S (2016–2017).

  • 2. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.

  • 3. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å justere takstane slik at gjennomsnittstaksten vert som føresett i Prop. 140 S (2016–2017).

Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 13. juni 2017

Nikolai Astrup

Helge Orten

leder

ordfører