Innhald

3. Skattefavorisert sparing til pensjon

3.1 Sammendrag

3.1.1 Skattefavorisert individuell sparing til pensjon

I Sundvolden-erklæringa slo regjeringa fast at ho ville stimulere til auka pensjonssparing gjennom å auke dei årlege sparebeløpa, og vurdere innføring av lik sats i skattlegging ved sparing og uttak i ordninga for individuell pensjonssparing (IPS-ordninga).

IPS-ordninga er ei skattefavorisert, individuell pensjonsspareordning. Innskot i ordninga, med ei øvre grense på 15 000 kroner årleg, kjem til frådrag i alminneleg inntekt i innskotsåret. Inneståande beløp i ordninga er unnateke frå formuesskatt, og avkastinga vert ikkje skattlagd laupande. Utbetalingar frå ordninga vert skattlagde som pensjonsinntekt.

For mange har IPS-ordninga vorte mindre gunstig dei seinare åra. Det har mellom anna samanheng med at mange pensjonistar har fått høgare marginalskatt på pensjon som fylgje av endringar i skattereglane for pensjon (2011), og at reduksjonar i skattesatsen for alminneleg inntekt har redusert skatteverdien av frådrag, inkludert innskot i ordninga. Dette har ført til at færre IPS-kontraktar har vorte teikna.

Regjeringa foreslår på denne bakgrunn at det vert innført ei ny ordning for skattefavorisert individuell sparing til pensjon, der uttak frå ordninga vert skattlagt som alminneleg inntekt, i staden for som pensjonsinntekt med trinnskatt og trygdeavgift. Den nye ordninga skal elles skattleggast på same måte som den gjeldande IPS-ordninga, og ho vidarefører i hovudsak dagens løysingar for individuelle pensjonsspareavtalar. I den nye ordninga vil det likevel ikkje vere høve til å inngå skattefavoriserte pensjonsforsikringsavtalar. I samband med innføringa av den nye ordninga for individuell sparing til pensjon foreslår regjeringa at gjeldande IPS-ordning vert stengd for nye avtalar, men at eksisterande avtalar kan vidareførast med den same skattemessige behandlinga som i dag.

Vidare foreslår regjeringa å auke den øvre grensa for sparing i den nye ordninga til 40 000 kroner årleg. Det vert ikkje sett noka grense for maksimal samla sparing i ordninga.

Detaljane i den nye ordninga skal regulerast i forskrift, som ein tek sikte på å sende på høyring i laupet av våren 2017. Departementet legg opp til at ordninga kan tre i kraft i laupet av hausten 2017.

Departementet anslår på usikkert grunnlag at ei ny ordning for skattefavorisert individuell sparing til pensjon vil redusere provenyet med 430 mill. kroner påløpt og 45 mill. kroner bokført i 2017.

Det vert vist til framlegg om endring i skatteloven § 5-20 andre ledd og § 6-47 fyrste ledd bokstav c og d, skatteforvaltningsloven § 7-3 andre ledd bokstav f og til framlegg om ny § 1-1 a i lov om individuell pensjonsordning. Departementet foreslår at endringane i skatteloven og lov om individuell pensjonsordning tek til å gjelde frå den tid Kongen bestemmer, og at endringane i skatteforvaltningsloven tek til å gjelde straks.

3.1.2 Pensjonssparing for selvstendig næringsdrivende m.m.

Sjølvstendig næringsdrivande, deltakarar i selskap med deltakarfastsetjing og tilsett eigar i aksjeselskap eller allmennaksjeselskap kan få inntektsfrådrag for tilskot til pensjonsordning som tilfredsstiller vilkår fastsette i lov om innskuddspensjon. Frådraget kan maksimalt utgjere 4 pst. av berekna personinntekt frå næring mellom 1 G og 12 G. Næringsdrivande m.m. vil òg kunne spare i den nye ordninga for skattefavorisert individuell sparing til pensjon. For at næringsdrivande m.m. skal få endå betre moglegheit til skattefavorisert sparing til pensjon gjer regjeringa framlegg om òg å auke grensa for skattefavorisert sparing til pensjon for næringsdrivande m.m. til 6 pst. av berekna personinntekt frå næring. Departementet gjer òg framlegg om enkelte opprettingar.

Departementet anslår på usikkert grunnlag at framlegget vil redusere provenyet med om lag 150 mill. kroner påløpt og 80 mill. kroner bokført i 2017.

Det vert vist til framlegg om endring i innskuddspensjonsloven § 2-3 andre ledd. Departementet foreslår at endringane i skatteloven tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2017.

3.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.