Innstilling fra helse- og omsorgskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2015 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar)

Dette dokument

  • Innst. 391 S (2014–2015)
  • Kjeldedokument: Prop. 136 S (2014–2015)
  • Dato: 11.06.2015
  • Utgjevar: helse- og omsorgskomiteen
  • Sidetal: 2

Til Stortinget

Sammendrag

Helse- og omsorgsdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om at departementet får fullmakt til å gjere endringar i basistilskot, driftstilskot og folketrygdrefusjonar for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2015. Endringane for legehjelp og psykologhjelp vert gjort på grunnlag av forhandlingar med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening. Endringane for fysioterapi vert gjort på grunnlag av forhandlingar med dei tre fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund. Endringar i refusjonstakstane vert fastsette i forskrifter. Forhandlingane med dei nemnde organisasjonane er enno ikkje avslutta.

Regjeringa vil kome attende til Stortinget med framlegg om eventuelle løyvingsendringar.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Ruth Grung, Tove Karoline Knutsen, Freddy de Ruiter, Niclas Tokerud og Karianne O. Tung, fra Høyre, Kristin Ørmen Johnsen, Elisabeth Røbekk Nørve, Sveinung Stensland og Tone Wilhelmsen Trøen, fra Fremskrittspartiet, lederen Kari Kjønaas Kjos, Bård Hoksrud og Morten Wold, fra Kristelig Folkeparti, Marie Ljones Brekke, fra Senterpartiet, Kjersti Toppe, fra Venstre, Ketil Kjenseth, og fra Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken, viser til proposisjonen og støtter forslaget om at departementet får fullmakt til å gjøre endringer i statsbudsjettet under Helse- og omsorgsdepartementet for 2015 som følge av endrede takster for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi fra 1. juli 2015.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget samtykker i at Helse- og omsorgsdepartementet får fullmakt til å gjere endringar i løyvingane til dei regionale helseføretaka, kommunane og trygderefusjonane for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2015. Endringane vil bli gjort på bakgrunn av forhandlingane med Den norske legeforening, Norsk Psykologforening, Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund.

Oslo, i helse- og omsorgskomiteen, den 11. juni 2015

Kari Kjønaas Kjos

leder og ordfører