Kommunal- og moderniseringsdepartementet legg
i proposisjonen fram saker om lønsregulering frå 1. mai 2015 for
arbeidstakarar i det statlege tariffområdet mv. og om endringar
i statsbudsjettet for 2015.
Hovudtariffavtala i staten for perioden 1. mai 2014
til 30. april 2016 mellom staten v/Kommunal- og moderniseringsdepartementet
og hovudsamanslutningane for tenestemenn, LO Stat, Akademikerne,
Unio og YS Stat, har ei reguleringsføresegn for andre avtaleår som
Stortinget har samtykka i.
Forhandlingane vart innleia 20. april 2015.
Den 30. april kl. 01:00 la staten fram det endelege tilbod. Hovudsamanslutningane
aksepterte tilbodet kl. 03:00.
Oppgjeret for andre avtaleår inneber ein årslønsauke
på 2,7 pst. frå 2014 til 2015, på linje med arbeidslivet elles.
Partane konstaterer i eit tillegg til protokollen at omstilling
og reformer vil prege staten i tida som kjem. Det blir i proposisjonen
vist til at det det er viktig at slike prosessar skjer i tråd med
hovudtariffavtala i staten.
Med verknad frå 1. mai 2015 er det gitt 0,19
pst. på hovudlønstabellen – tabell A. Frå og med lønstrinn 19 til
og med lønstrinn 39 er tillegget på kr 700.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet ber
i proposisjonen om fullmakt til å gjere avtalane gjeldande for arbeidstakarar
som ikkje er medlem av organisasjonar med forhandlingsrett – og
som difor ikkje direkte blir omfatta av dei avtalane som er inngått.
Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for
arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 1. mai 2015, er
for tidsrommet 1. mai–31. desember 2015 rekna til om lag 551 mill. kroner.
Overslaget omfattar alle tilsette som går inn
under hovudtariffavtalane i staten. Meirutgifter som følgje av auka
satsar for overtid og arbeidsgivaravgift er medrekna.
Meirutgifter i samband med lønsreguleringane for
forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og forvaltningsbedrifter,
blir dekte innanfor verksemdenes budsjett.
Verksemder med arbeidstakarar som får løn administrativt
fastsett i kontrakt, må dekkje meirutgifta av lønsregulering innanfor
eksisterande budsjett.
Det går fram av proposisjonen at etter fråtrekk
av det ovanfor nemnde er meirutgiftene rekna til om lag 413 mill.
kroner. Etter vanleg praksis blir slike meirutgifter dekte ved at
det blir ført opp løyving under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar
i det statlege tariffområdet, som Finansdepartementet får fullmakt
til å fordele.
Departementet foreslår i proposisjonen at tilskotet
blir auka med 8,2 mill. kroner.
Det går fram av proposisjonen at det er avsett midlar
til dekning av meirutgiftene ved lønsregulering for arbeidstakarar
i det statlege tariffområdet mv. Løyvinga under kap. 2309 Tilfeldige utgifter
vil bli redusert i samband med proposisjonen om ny saldering av
statsbudsjettet for 2015 til hausten.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Jan Bøhler, Stine Renate Håheim, Stein Erik Lauvås, Helga Pedersen,
og Eirik Sivertsen, frå Høgre, Frank J. Jenssen, Mudassar Kapur,
Bjørn Lødemel og Ingjerd Schou, frå Framstegspartiet, Peter N. Myhre
og leiaren Helge André Njåstad, frå Kristeleg Folkeparti, Geir S.
Toskedal, frå Senterpartiet, Heidi Greni, frå Venstre, André N.
Skjelstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen,
har ingen merknader og sluttar seg til proposisjonen.
Komiteen har elles
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjere følgjande
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2015 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter |
2315 | 1 | Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet.
Driftsutgifter, vert løyvd med | 413 000 000 |
0503 | 70 | Midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde. Tilskot,
vert auka med | 8 200 000 |
| | frå kr 166 200 000 til kr 174 400 000 | |
II
Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai
2015 blir gjort regulering av lønene mv. for arbeidstakarar i det
statlege tariffområdet som er medlemmer av LO Stat, Akademikerne, Unio
og YS Stat i samsvar med forhandlingsforslaget i protokoll av 30. april
2015.
III
For embets- og tenestemenn som ikkje er medlem
av organisasjonar som nemnde i romertall II og difor ikkje får sine
løns- og arbeidsvilkår fastsett i hovudtariffavtale, skal same løns-
og arbeidsvilkår som etter romertall II gjelde. Embets- og tenestemenn
som er tekne ut av hovudtariffavtala, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette
administrativt i eigen kontrakt.
IV
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet får
fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for
arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 Driftsutgifter,
på dei postane på statsbudsjettet som har lønsløyving.
Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den
9. juni 2015
Helge André Njåstad |
leiar og ordførar |