Innstilling fra justiskomiteen om endringar i oreigningslova

Dette dokument

  • Innst. 245 L (2014–2015)
  • Kjeldedokument: Prop. 67 L (2014–2015)
  • Dato: 28.04.2015
  • Utgjevar: justiskomiteen
  • Sidetal: 3

Til Stortinget

Sammendrag

Justis- og beredskapsdepartementet legg fram eit forslag til endringar i oreigningslova.

Det sentrale momentet i proposisjonen er at det blir gjort framlegg om å fastsetja i eit nytt fjerde ledd i oreigningslova § 4 at eit endeleg vedtak om førehandsundersøkingar til bruk for eit påtenkt ekspropriasjonsinngrep skal utgjera eit særleg tvangsgrunnlag etter tvangsfullføringslova.

I tillegg blir det utdaterte ordet «etterrøking» etter framlegget erstatta av «førehandsundersøkingar» i oreigningslova §§ 4 og 19, og det blir gjort nokre andre mindre, språklege endringar i §§ 4 og 19. Ingenting av dette medfører realitetsendringar.

Etter gjeldande rett må eigar og rettshavar til eigedom som er, eller er tenkt å bli, gjenstand for ekspropriasjonsinngrep, tole at det blir gjort «mæling, utstikking og anna etterrøking til bruk for eit påtenkt oreigningsinngrep» på eigedomen. I dette ligg det at ein må tole at det blir gjort undersøkingar på eigedomen i påvente av eit eventuelt ekspropriasjonsinngrep. Dette skjer som ledd i vurderinga av om det skal gjerast vedtak om eller gjevast samtykke til ekspropriasjon av den aktuelle eigedomen, og føremålet er å avklare om den aktuelle grunnen eignar seg til ekspropriasjonsføremålet, til dømes veg eller byggjeområde. Berre den som kan vera ekspropriant for det aktuelle ekspropriasjonsføremålet, kan få løyve til å gjennomføre slike undersøkingar.

Dersom grunneigar eller rettshavar set seg mot eit endeleg vedtak om førehandsundersøkingar, må eksproprianten få toleplikta fastslått gjennom dom for å kunne få tvangsgjennomført vedtaket etter reglane i tvangsfullføringslova kapittel 13. Dette er til dømes aktuelt dersom eksproprianten fysisk blir nekta tilgang til eigedomen av eigar eller rettshavar, eller på andre måtar blir hindra i å kunne gjennomføre førehandsundersøkingane.

Samferdselsdepartementet og Statens vegvesen har i samband med dette påpeika at sjølv om ein i dei fleste tilfella oppnår semje med grunneigarar og rettshavarar, fører dette i mange saker til at viktige tiltak, som til dømes vegutbygging og byggjetiltak, blir sterkt forseinka. Det kan ta år før det ligg føre ein rettskraftig dom som gjev tvangsgrunnlag. Dette har av mange vore peika på som uheldig, både av omsynet til dei enkelte prosjekta og i ein større samanheng, sidan ein korkje får avklara eller gjennomført tiltak, og ressursane såleis ikkje blir utnytta på nokon god måte.

Samferdselsdepartementet og Statens vegvesen har vidare halde fram at dersom eit endeleg vedtak om førehandsundersøkingar blir gjort til eit særskilt tvangsgrunnlag etter tvangsfullføringslova kapittel 13, vil ein i langt mindre grad stå overfor slike problem med manglande gjennomføring av førehandsundersøkingar.

Justis- og beredskapsdepartementet har notert seg at nesten alle som har kommentert framlegget til endringar, støttar høyringsframlegget. Høyringa har elles stadfesta at dette er ei aktuell problemstilling på mange ulike felt innanfor både statleg og kommunal sektor, og det er no gjort endå klarare for departementet at det er naudsynt med ei endring av oreigningslova § 4. Departementet held difor fast ved framlegget som var på høyring, og framlegget går framleis ut på at endringslova skal ta til å gjelde straks. Departementet foreslår å presisere i ei overgangsføresegn at berre vedtak som blir gjorde etter at endringslova tek til å gjelde, skal utgjera eit særleg tvangsgrunnlag. Dette gjeld uavhengig av om vedtaket blir gjort av ein fyrsteinstans eller ein klageinstans.

Justis- og beredskapsdepartementet legg til grunn at lovforslaget vil ha positive økonomiske og administrative konsekvensar. Ein vil ikkje ha behov for å gjennomføre rettssaker eller vidtgåande forhandlingar for å få gjennomført naudsynte førehandsundersøkingar, og såleis vil ein langt enklare få avklara om det skal setjast i verk ekspropriasjonstiltak. Det blir vidare lettare å få oversikt over kva slags område som eignar seg for ulike slags tiltak, og slik kan ein planleggje arealbruk og annan ressursbruk på ein betre måte.

Kostnadane til gjennomføring av sjølve undersøkingane vil samla sett neppe auke som følgje av utkastet, sidan slike undersøkingar må gjennomførast i alle tilfelle. På kort sikt kan det derimot tenkjast å oppstå nokre auka kostnadar, sidan fleire undersøkingstiltak kan gjennomførast på kortare tid. Desse eventuelle kostnadane vil bli dekte innanfor gjeldande rammer.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jorodd Asphjell, Kari Henriksen, lederen Hadia Tajik og Lene Vågslid, fra Høyre, Margunn Ebbesen, Hårek Elvenes, Peter Christian Frølich og Anders B. Werp, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild Ellingsen og Ulf Leirstein, fra Kristelig Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, og fra Senterpartiet, Jenny Klinge, viser til Prop. 67 L (2014–2015), og har følgende merknader:

Komiteen viser til at forslaget innebærer å forenkle ekspropriasjonssaker ved at endelige vedtak om forhåndsundersøkelser (i forbindelse med ekspropriasjoner) skal utgjøre et særskilt tvangsgrunnlag.

Komiteen viser til at dagens praksis fører til at enkelte prosjekter, som veiprosjekter eller byggeprosjekter, blir kraftig forsinket. Det kan i visse tilfeller ta flere år før en endelig, rettskraftig dom foreligger. Etter komiteens syn er derfor den foreslåtte endringen i oreigningslova nødvendig. Komiteen er også av den oppfatning at rettighetene til den som vedtaket retter seg mot, fortsatt vil være godt ivaretatt. Det bemerkes her at adgangen til midlertidig forføyning ikke påvirkes av endringene. Det er derfor ikke fare for at irreversible inngrep foretas i forbindelse med undersøkelsene, uten mulighet for en rettslig prøving.

Komiteen viser til høringsinnspillene, og registrerer at det store flertallet av disse er positive til den foreslåtte endringen.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak til lov

om endringar i oreigningslova

I

I lov 23. oktober 1959 nr. 3 om oreigning av fast eigedom blir det gjort følgjande endringar:

§ 4 skal lyde:

Eigar til og rettshavar i slik eigedom som er nemnd i § 1, lyt tola at det på eigedomen vert gjort mæling, utstikking og andre førehandsundersøkingar til bruk for eit påtenkt oreigningsinngrep. Ingen må gå i gang med slike førehandsundersøkingar før eigar eller brukar er varsla. Løyve til å gjera førehandsundersøkingar vert gjeve av den styremakt Kongen fastset. I løyvet skal det stå kva tid førehandsundersøkingane kan gjerast.

Om gjennomføringa av førehandsundersøkingar etter fyrste ledd gjeld § 15 i forvaltningslova.

Lid eigar eller rettshavar tap av di førehandsundersøkingar som nemnd i fyrste ledd, gjer skade eller valdar ulempe, har skadelidde rett til skadebot, jf. § 19.

Eit endeleg vedtak som gjev løyve til å gjera førehandsundersøkingar etter fyrste ledd, er eit særleg tvangsgrunnlag etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 13.

§ 19 fyrste ledd fyrste punktum skal lyde:

Skadebot for skade eller ulempe som er valda ved førehandsundersøkingar i samhøve med § 4 fyrste ledd, skal det skjønet fastsetja som fastset vederlag for inngrepet, så framt partane er samde om det.

§ 19 andre ledd fyrste punktum skal lyde:

Vert ikkje inngrepet sett i verk, kan skjønet, så framt eigar eller rettshavar krev det, fastsetja at den ansvarlege for gjennomføringa av førehandsundersøkingane skal vøla skaden i staden for å svara skadebot.

II

  • 1. Lova tek til å gjelde straks.

  • 2. Nytt § 4 fjerde ledd får verknad for vedtak om løyve til å gjera førehandsundersøkingar etter § 4 fyrste ledd som blir gjorde etter at lova tek til å gjelde.

Oslo, i justiskomiteen, den 28. april 2015

Hadia Tajik

Peter Christian Frølich

leder

ordfører