Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om endringar i statsbudsjettet 2014 under Justis- og beredskapsdepartementet

Dette dokument

  • Innst. 116 S (2014–2015)
  • Kjeldedokument: Prop. 24 S (2014–2015), kap. 456 og kap. 3456
  • Dato: 09.12.2014
  • Utgjevar: transport- og kommunikasjonskomiteen
  • Sidetal: 2

Til Stortinget

Sammendrag

Kap. 456 Direktoratet for nødkommunikasjon

I forbindelse med avslutning av landsdekkjande utbygging av nytt digitalt radiosamband, Nødnett, er det gjort justeringar i utrullingsplanen som fører til flytting av betalingstidspunkt frå 2014 til 2015 og 2016. Målsettinga om å byggje ut Nødnett i heile landet og gje nødetatane moglegheit til å ta nettet i bruk innan utgangen av 2015 vert ikkje påverka av forslaget om endra periodisering av betalingstidspunkt.

Post 1 Driftsutgifter

Som følgje av Stortinget sitt vedtak om landsdekkjande Nødnett omfattar løyvinga m.a. kostnader til prosjektering i direktoratet knytt til trinn 2, driftskostnader for innføringsprosjekt brann, tilleggselement innan brann og helse og drift av nettet i trinn 2 i utbyggingsperioden.

Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 456 post 1 mot tilsvarande meirinntekt under kap. 3456 post 2.

Når det gjeld drift av Nødnett trinn 2 er det venta auka kostnader som følgje av endringar i behov for betaling av anleggsbidrag når ein inngår leigeavtalar for basestasjonar. Justis- og beredskapsdepartementet foreslår i den forbindelse å auke løyvinga under kap. 456 post 1 med 27 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3456 post 2.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Justis- og beredskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 456 post 45 med 247 mill. kroner. Forslaget er knytt til flytting av betalingstidspunkt frå 2014 til 2015 og 2016, men påverkar ikkje målsettinga om landsdekkjande utbygd Nødnett innan utgangen av 2015. Vidare er det innanfor løyvinga satt av 100 mill. kroner til venta tillegg, men det er usikkerheit knytt til om leverandøren vil oppnå enkelte betalingstidspunkt mot slutten av året og om desse midlane vil bli nytta.

Kap. 3456 Direktoratet for nødkommunikasjon

Post 1 Brukarbetaling

Som følgje av at enkelte brukarar i trinn 2-området har teke Nødnett i bruk noko seinare enn planlagt, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3456 post 1 med 20 mill. kroner.

Post 2 Variable refusjonar

Justis- og beredskapsdepartementet viser til forslaget om å auke løyvinga under kap. 456 post 1. Som følgje av auke av refusjonar frå leverandøren vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3456 post 2 med 27 mill. kroner.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Are Helseth, Kjell-Idar Juvik, Ingvild Kjerkol, Magne Rommetveit og Eirin Sund, fra Høyre, Torill Eidsheim, lederen Linda C. Hofstad Helleland, Nils Aage Jegstad og Helge Orten, fra Fremskrittspartiet, Ingebjørg Amanda Godskesen, Åse Michaelsen og Roy Steffensen, fra Kristelig Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, fra Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, og fra Venstre, Abid Q. Raja, viser til Prop. 24 S (2014–2015) og brev fra justis- og beredskapsminister Anders Anundsen til transport- og kommunikasjonskomiteen datert 25. november 2014. Komiteen er fornøyd med at utrullingen av Nødnett har god fremdrift og følger målsettingen om å ta Nødnett i operativ bruk i samtlige politidistrikter innen utløpet av 2015. Komiteen viser til Justis- og beredskapsministerens redegjørelse i brev av 25. november 2014 for en nærmere beskrivelse av utrullingen av Nødnett.

Komiteen har registrert at det er forventet økte kostnader knyttet til anleggsbidrag ved inngåelse av leieavtale for basestasjoner, og at de økte kostnadene motsvares av en tilsvarende økning i refusjoner.

Komiteen har merket seg at det er gjort endringer i betalingstidspunkt fra 2014 til 2015 og 2016, og at dette gjør det nødvendig å redusere bevilgningen på kap. 456 post 45 med 247 mill. kroner. Komiteen legger til grunn at dette kun er et periodiseringsspørsmål, og at det ikke påvirker målsettingen om landsdekkende utbygd Nødnett innen utgangen av 2015, jf. for øvrig brev av 25. november 2014 fra justisministeren.

Komiteen har også merket seg at enkelte brukere i trinn 2-området har tatt Nødnett i bruk noe senere enn planlagt, og at forventet brukerbetaling for 2014 blir redusert med 20 mill. kroner.

Komiteens tilråding

Komiteen viser til proposisjonen og merknadene og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

I statsbudsjettet for 2014 vert det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

456

Direktoratet for nødkommunikasjon

1

Driftsutgifter, vert auka med

27 000 000

frå kr 505 633 000 til kr 532 633 000

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, vert redusert med

247 000 000

frå kr 1 495 793 000 til kr 1 248 793 000

Inntekter

3456

Direktoratet for nødkommunikasjon

1

Brukarbetaling, vert redusert med

20 000 000

frå kr 124 725 000 til kr 104 725 000

2

Variable refusjonar, vert auka med

27 000 000

frå kr 107 729 000 til kr 134 729 000

Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 9. desember 2014

Linda C. Hofstad Helleland

Helge Orten

leder

ordfører