Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2014 under Landbruks- og matdepartementet

Dette dokument

  • Innst. 110 S (2014–2015)
  • Kjeldedokument: Prop. 28 S (2014–2015), kap. 1137
  • Dato: 09.12.2014
  • Utgjevar: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
  • Sidetal: 2

Til Stortinget

Samandrag

Landbruks- og matdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingar under enkelte kapittel og postar i statsbudsjettet for 2014. Denne innstillinga handsamar berre endringane under kap. 1137:

Kap. 1137 Forsking og innovasjon

Post 50 Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd

I Prop. 1 S (2013–2014) blei det gjort greie for at departementet ville setje i verk ein samanliknande studie av utviklingstrekk innan landbruk og landbrukspolitikk i Noreg og dei andre nordiske landa dei siste 20 åra, med ei kostnadsramme på inntil 2 mill. kroner over post 50. Desse midlane vil bli omdisponerte og øyremerka forsking på antibiotikaresistens.

Post 53 Omstillingsmidlar instituttsektoren mv.

Grunna behovet for å auke løyvinga i samband med planlegging av fusjonen av tre forskingsinstitutt, foreslår departementet omdisponeringar innafor ramma, slik at post 53 blir auka med 0,7 mill. kroner. Midlane vert å hente frå kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet post 21 og post 50.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Christian Tynning Bjørnø, leiaren Trond Giske, Martin Henriksen, Tone Merete Sønsterud og Marianne Aasen, frå Høgre, Henrik Asheim, Norunn Tveiten Benestad, Kent Gudmundsen og Kristin Vinje, frå Framstegspartiet, Sivert Bjørnstad og Bente Thorsen, frå Kristeleg Folkeparti, Anders Tyvand, frå Senterpartiet, Anne Tingelstad Wøien, frå Venstre, Iselin Nybø, og frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, viser til proposisjonen.

Komiteen viser til framlegget om å omprioritere løyvinga på 2,0 mill. kroner under post 50 til forsking på antibiotikaresistens. Komiteen ser det som viktig at forsking på antibiotikaresistens vert prioritert av omsyn til god dyrehelse og trygg mat for befolkninga, og stør framlegget om omprioritering på budsjettet for 2014.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti er vidare opptekne av at den vedtekne samanliknande studien av utviklinga innafor landbruk og landbrukspolitikk mellom Noreg og dei andre nordiske landa dei siste 20 åra vert gjennomførd.

Tilråding frå komiteen

Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2014 blir det gjort følgjande endring:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

1137

Forsking og innovasjon

53

Omstillingsmidlar instituttsektoren mv., blir auka med

679 000

frå kr 3 379 000 til kr 4 058 000

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 9. desember 2014

Trond Giske

Anne Tingelstad Wøien

leiar

ordførar