Finansdepartementet legg fram forslag om å etablere
ein heimel for å offentleggjere statsstøtte i form av redusert differensiert
arbeidsgivaravgift. Forslaget har si årsak i at EU-kommisjonen og
EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) har vedteke nye retningslinjer
for regionalstøtte (Guidelines on Regional State Aid for 2014–2020).
Artikkel 135 i retningslinjene stiller krav om at statsstøtte etter
desse retningslinjene blir offentleggjort. Dette inneber mellom anna
at statsstøtte i form av redusert differensiert arbeidsgivaravgift
må gjerast offentleg tilgjengeleg.
Opplysningar om statsstøtte skal gjerast offentleg
tilgjengelege på Internett. Departementet foreslår å gjere opplysningar
om redusert differensiert arbeidsgivaravgift tilgjengelege på skatteetaten.no.
I dag har vi ikkje ein felles nettstad for offentleggjering av opplysningar
om alle ordningar kor det blir gitt statsstøtte i Noreg. Om det
seinare blir etablert ein felles nettstad for offentleggjering av
statsstøtte, vil det bli vurdert om opplysningar om redusert differensiert
arbeidsgivaravgift òg skal gjerast offentlege på denne nettstaden.
Offentleggjeringa må omfatte opplysningar om støttemottakar,
støttebeløp og støtteintensitet. Det er støtte i form av redusert
avgift, dvs. differansen mellom avgift berekna etter full sats og
redusert sats, som må gjerast offentleg. Grunnlaget for utrekninga
av avgifta skal ikkje gjerast offentleg.
Opplysningane skal gjerast offentlege etter avgjerd
om tildeling. Opplysningane må takast hand om i minst ti år og dei
må vere tilgjengelege for publikum utan restriksjonar.
Departementet foreslår at det blir lovfesta
i folketrygdlova at statsstøtte i form av redusert differensiert
arbeidsgivaravgift kan gjerast offentleg, og at det i føresegna
blir presisert at opplysningane kan gjerast offentlege utan hinder av
teieplikt.
Departementet foreslår vidare å lovfeste at
det i forskrift kan bli gitt nærare reglar om gjennomføring av ordninga.
Myndigheita til å fastsetje forskrifta er foreslått lagt til departementet. Føresegna
vil gi heimel til å fastsetje nærare reglar om kva for opplysningar
som skal vere offentlege og om kor og korleis offentleggjering skal
skje. Føresegna vil òg gi heimel for å fastsetje nærare reglar om
når opplysningane skal leggjast ut og om kor lenge opplysningane
skal vere offentleg tilgjengelege på Internett.
Retningslinjene om regionalstøtte tek til å
gjelde frå 1. juli 2014. Departementet foreslår at lovendringa gjeld
frå same tid, dvs. frå 1. juli 2014.
Dei økonomiske kostnadene ved ordninga vil bli dekt
innan skatteetaten sitt ordinære budsjett.
Departementet viser til endring i folketrygdlova § 23-2
nest siste ledd.
Komiteen slutter seg
til regjeringens forslag.