2. Petroleumsskatt – overgangsregel til friinntektsreduksjon

2.1 Sammendrag

Regjeringa foreslår nokre endringar i overgangsregelen til friinntektsendringa i lov 21. juni 2013 nr. 66 del IV. Ved behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2013 vedtok Stortinget å redusere satsen for friinntekt i lov 13. juni nr. 35 om skattlegging av undersjøiske petroleumsforekomster m.v. (petroleumsskattelova) § 5 frå 7,5 pst. til 5,5 pst. over fire år. Endringa har verknad for kostnader til erverv av driftsmiddel pådratt frå og med 5. mai 2013. Samstundes vart det vedteke ein overgangsregel som inneber at den reduserte friinntektssatsen ikkje skal gjelde kostnader pådratt til erverv av driftsmiddel omfatta av plan eller søknad etter petroleumslova §§ 4-2 og 4-3, kommen inn til Olje- og energidepartementet før 5. mai 2013. Overgangsregelen omfattar likevel berre kostnader pådratt seinast i året for produksjonsstart for petroleumsførekomsten, eller året for driftsstart for innretninga.

Regjeringa foreslår å utvide overgangsregelen til å gjelde for samla prosjekt for utbygging og transportanlegg sjølv om berre plan for utbygging og drift (PUD) eller plan for anlegg og drift (PAD) for den eine delen av det samla prosjektet er kommen inn til Olje- og energidepartementet før 5. mai 2013. Når det er ein naudsynt samanheng mellom utbyggings- og røyrleidningsprosjektet, bør det samla prosjektet omfattast av overgangsregelen. For å fjerne uvisse når det gjeld EØS-retten, foreslår departementet vidare at overgangsregelen blir utvida så han på nærare vilkår får verknad for tilsvarande investeringar i EØS-statar. Til slutt gjer departementet framlegg om ei endeleg tidsavgrensing for overgangsregelen så han ikkje får verknad for kostnader pådratt frå og med inntektsåret 2021.

Provenytapet ved høg friinntektssats over investeringsperioden for dei prosjekta departementet kjenner til, blir anslått til 1,1 mrd. kroner målt som noverdi. For 2014 blir provenytapet anslått til 35 mill. kroner påløpt og 30 mill. kroner bokført.

Utvidinga av overgangsregelen vil krevje auka oppfølging frå skattestyresmaktene, medan endeleg opphøyr av overgangsregelen for kostnader pådratt frå og med inntektsåret 2021 inneber ei lette i oppfølginga.

Endringane i overgangsregelen skal etter forslaget gjelde straks med verknad for kostnader pådratt frå og med 5. mai 2013.

Departementet viser til forslag til endring i ledd nr. 2 til nr. 6 i del IV i endringslov 21. juni 2013 nr. 66 til petroleumsskattelova.

2.2 Komiteens merknader

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, slutter seg til regjeringens forslag.