I dokumentet vert dette forslaget sett fram:
«Stortinget ber regjeringen legge til rette
for at det arrangeres eksamen i norsk og engelsk på slutten av elevenes
sommerferie, med oppstart høsten 2011.»
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Tor Bremer, Svein Gjelseth, Knut Petter Torgersen, Truls Wickholm,
Karin Yrvin og leiaren Marianne Aasen, frå Framstegsspartiet, Jon
Georg Dale, Tord Lien og Bente Thorsen, frå Høgre, Elisabeth Aspaker,
Svein Harberg og Henning Warloe, frå Sosialistisk Venstreparti,
Aksel Hagen, frå Senterpartiet, Anne Tingelstad Wøien, frå Kristeleg
Folkeparti, Dagrun Eriksen, og frå Venstre, Trine Skei Grande,
viser til representantforslaget.
Komiteen meiner dagens situasjon
knytt til fråfall frå vidaregåande opplæring representerer ei stor
utfordring for samfunnet generelt og utdanningssystemet spesielt.
Fråfall i skulen bidreg ikkje berre til at fleire unge menneske
slit med å kome inn i arbeidsmarknaden, men også til å forsterke
problema med å rekruttere kompetent arbeidskraft i fleire sektorar.
Komiteen understrekar at dersom
ein skal klare å redusere fråfallet frå vidaregåande opplæring,
krev det mange ulike tiltak og ei brei tilnærming til problemstillinga.
Komiteen er oppteken av at opplæringa
er innretta slik at flest mogleg skal klare å kome gjennom utdanningsløpet
på normert tid. Likevel er det behov for tiltak for dei som av ulike
årsaker ikkje er i stand til å gjennomføre det. Det er heva over
tvil at den einskilde elev i mange tilfelle vil få betre føresetnader
for å kome gjennom utdanninga dersom det vert lagt til rette for
at ein kan studere gjennom sommaren, fullføre eksamen og deretter
følgje studiekameratane inn i det neste skuleåret. Dette kan også
bidra til auka motivasjon for å halde fram med studiane i staden
for å avslutte utdanninga.
Fleirtalet i komiteen, medlemene
frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet,
viser til at det ikkje er sentrale føringar som hindrar gjennomføringa av
ein eksamen i til dømes engelsk på slutten av sommerferien. Hindringane
er først og fremst praktiske; som eksempel kan ein nemne utforming
av eksamensoppgaver og å få gjennomført sensurering om sommeren.
Sjølv om eksamen vert gjennomført på slutten av sommerferien, ser fleirtalet at
det ikkje vil vere praktisk mogleg å få resultat frå eksamen før
i september/oktober. Slik fleirtalet ser det, kan
elevane like gjerne delta i den ordinære høsteksamenen i september som
er for elevar som har fått karakteren 1 i standpunkt, som har stroke
til eksamen eller har vore sjuke til eksamen. Desse elevkategoriane har
rett til å gå opp til den første påfølgjande eksamenen i faget.
Komiteen sine medlemer frå
Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre meiner
det er naturleg at det er opp til skuleeigar å avgjere korleis eit
tilbod som nemnd ovanfor skal organiserast, men er opptekne av at
det ikkje må liggje sentrale føringar til hinder for ein slik praksis
som representantforslaget tek til orde for.
Fleirtalet i komiteen, medlemene
frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet,
viser til at forslagsstillarane meiner at ein bør halde ein ekstra
eksamen i faga norsk og engelsk på slutten av elevane sin sommerferie. Fleirtalet viser
til at eksamenar som er gjeve sentralt, vert gjennomførde to gongar
i året i dag, og elevar som får karakteren 1, har rett til ny eksamen
ved første etterfølgjande eksamen.
Fleirtalet viser til at forslaget
ikkje skisserer korleis elevar som ikkje fekk bestått på vitnemålet
sitt, skal rekke å ta ny eksamen innan fristen for opptak til høgare
utdanning. Elevane som tek engelsk fellesfag på Vg1 og Vg2, skal
halde fram med videregåande opplæring ei stund til og kan ta eksamenen
på nytt ved neste ordinære eksamen.
Fleirtalet meiner at dei administrative
og økonomiske konsekvensane ved å innføre ein tredje moglegheit
til eksamen i alle fellesfagane er for store og argumentane for
svake til at det er forsvarleg.
Komiteen sine medlemer frå
Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre viser
til brev frå departementet der det vert peika på utfordringa for
å avvikle eksamen innan fristen for opptak til vidaregåande utdanning.
Desse medlemene meiner dette
er eit spørsmål som departementet må avklare i prosessen med å legge
til rette for ekstra eksamen. Det må etter desse medlemene sitt
syn vere mogleg å finne gode løysingar som ivaretek intensjonen
i forslaget, og desse medlemene har tiltru til at
regjeringa greier å løyse dette på ein føremålstenleg måte.
Desse medlemene viser til resultata
frå fleire fylke knytta til ein slik praksis på fag som har eksamen
fastsett lokalt, og meiner det er naturleg at det også vert opna
for at dette vert utvida i tråd med representantforslaget.
Desse medlemene fremjer dette
forslaget:
«Stortinget ber regjeringen legge til rette
for at det arrangeres eksamen i norsk og engelsk på slutten av elevenes
sommerferie.»
Forslag frå Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti
og Venstre:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringen legge til rette for
at det arrangeres eksamen i norsk og engelsk på slutten av elevenes
sommerferie.
Komiteen har elles
ingen merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget
til å gjere slikt
vedtak:
Dokument 8:105 S (2010–2011) – representantforslag
fra stortingsrepresentantene Kjell Ingolf Ropstad, Dagrun Eriksen
og Geir Jørgen Bekkevold om å avholde ekstra eksamen i fagene norsk
og engelsk for å hindre bortvalg og sikre at flere får studiekompetanse
– vert lagt ved møteboka.
Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 10. mai 2011
Marianne Aasen |
Jon Georg Dale |
leiar |
ordførar |