Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2010 under Justisdepartementet

Dette dokument

  • Innst. 111 S (2010–2011)
  • Kjeldedokument: Prop. 21 S (2010–2011) kap. 456 og 3456
  • Dato: 01.12.2010
  • Utgjevar: transport- og kommunikasjonskomiteen
  • Sidetal: 2

Til Stortinget

Sammendrag

Kap. 456 Direktoratet for nødkommunikasjon

Med bakgrunn i framdrifta i Nødnettprosjektet og kontraktsoppfølginga med leverandøren, er det bl.a. avtalt endringar på tidspunkt for leverings- og betalingsmilepælar. For at staten skal overhalde kontrakten er det behov for å foreslå å redusere løyvinga under kap. 456 og kap. 3456 i 2010, mot ein tilsvarande auke av løyvinga i 2011. Samla ramme for fyrste utbyggingsområde vert ikkje endra som følgje av dette. Regjeringa tar sikte på å kome attende til Stortinget med forslag om tilleggsløyving i 2011.

Det vert foreslått å redusere løyvinga under kap. 456, post 1 Driftsutgifter med 101,1 mill. kroner i 2010. Hovuddelen av behovet for redusert løyving i 2010 utgjer akkumulerte driftsutgifter for radionettverket attende til 2008 og fram til no samt operatør- og vedlikehaldskostnader som fyrst forfell til betaling for staten når leverandøren formelt har oppnådd milepælar for radionettverket og i kommunikasjonssentralleveransen til naudetatane.

Det vert foreslått å redusere løyvinga under kap. 456, post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, med 88,8 mill. kroner. Forslaget om redusert løyving knyter seg i hovudsak til investeringar i radionettstrukturen som forfell på kontraktuelle milepælar ved årsskiftet 2010/2011. Den foreslegne reduksjonen av løyvinga under kap. 456 post 45 fører også med seg forslag om å redusere løyvinga under kap. 3456, post 2 Refusjonar, jf. omtale nedanfor.

Kap. 3456 Direktoratet for nødkommunikasjon

Løyvinga på post 2 Refusjonar gjeld refusjon av driftsutgifter som er vidarefakturert naudetatane. Det vert foreslått å redusere løyvinga under posten med 16,3 mill. kroner i 2010, jf. omtale under kap. 456 post 45.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Anne Marit Bjørnflaten, Susanne Bratli, Freddy de Ruiter, Gorm Kjernli, Magne Rommetveit og Tone Merete Sønsterud, fra Fremskrittspartiet, Jan-Henrik Fredriksen, Ingebjørg Godskesen, Bård Hoksrud og Arne Sortevik, fra Høyre, Elin Rodum Agdestein, Øyvind Halleraker og Ingjerd Schou, fra Sosialistisk Venstreparti, Lasse Kinden Endresen, fra Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, og fra Kristelig Folkeparti, lederen Knut Arild Hareide, viser til proposisjonen og støtter regjeringens forslag.

Komiteens tilråding

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

I statsbudsjettet for 2010 vert det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

456

Direktoratet for nødkommunikasjon

1

Driftsutgifter, vert redusert med

101 100 000

frå kr 274 139 000 til kr 173 039 000

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast,vert redusert med

88 800 000

frå kr 331 626 000 til kr 242 826 000

Inntekter

3456

Direktoratet for nødkommunikasjon

2

Refusjonar, vert redusert med

16 300 000

frå kr 23 496 000 til kr 7 196 000

Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 1. desember 2010

Knut Arild Hareide

leder og ordfører