Statens alminnelege lånebehov følgjer av forslaget
til statsbudsjett for 2011. Det vert lagt opp til at finansieringsbehovet
i 2011 i hovudsak vert dekt ved opptak av nye langsiktige lån innanlands.
Av omsyn til marknaden for statspapir legg ein normalt opp til å
glatte ut den langsiktige opplåninga over fleire år. Den kortsiktige opplåninga
skal sikre at staten har tilstrekkeleg likviditetsreserve slik at
ein kan dekkje daglege betalingar. Grunna ønsket om å jamne ut opptaka av
langsiktige lån ber ein om fullmakt til å ta opp langsiktige innanlandske
lån som kan avvike frå finansieringsbehovet i det enkelte året.
For 2011 fremjar ein forslag om fullmakt på 50 mrd. kroner for opptak
av nye langsiktige lån. Lån som inngår i staten si eigenbehaldning
av statspapir for marknadspleieformål, er omfatta av desse fullmaktene.
Uteståande i statskassevekslar varierer normalt gjennom året. Som
følgje av byteordninga har uteståande i statskassevekslar auka kraftig,
jf. kap. 1.3. Ein ber difor om romslege fullmakter for samla uteståande
i kortsiktige lån i 2011, og fremjar difor forslag om ei ramme på 300
mrd. kroner. For andre kortsiktige lån ber ein om ei fullmakt der
det ikkje vert sett ei særskild beløpsgrense. Ein ber i tillegg
om at den generelle fullmakta til å inngå rentebyteavtalar og tilsvarande
derivatavtalar vert vidareførd. For nærare omtale viser ein til
kapittel 2.2 i proposisjonen.
Komiteen slutter seg
til regjeringens forslag.