Brev fra Samferdselsdepartementet v/statsråden til Stortingets presidentskap, datert 2. november 2009

Statsbudsjettet 2010 - Prop. 1 S (2009-2010) for Samferdselsdepartementet - rettingar

I Prop. 1 S (2009-2010) for Samferdselsdepartementet er oppdaga nokre (mindre) feil. Rettingane i dette brevet påverkar ikkje framlegget frå regjeringa til vedtak fremma i proposisjonen.

Programkategori 21.10 Administrasjon m.m.

På side 27 under omtale av Kap. 1300 Samferdselsdepartementet, post 70 Tilskudd til internasjonale organisasjoner, i første spalte, første avsnitt, går det fram at det er budsjettert med medlemskapskontingent til EU-programmet IDABC i 2010.

Dette er ikkje tilfelle. Ved en feil er EU-programmet kome med i tekstomtalen. Løyvingsframlegget på posten står ved lag.

Programkategori 21.30 Vegformål m.m.

Rett plassering av fotnote nr. 2 i tabellen på side 51 er i kolonnen "Justert saldert budsjett 2009", dvs. på same plass som fotnote nr. 3.

I tabellen på side 52 skal rett summering for "Sum kap. 1320" i kolonnen "Jevnt pr. år Stortingets NTP-vedtak 2010-13" vere 14 806,1 mill. kr i staden for 14 839,8 mill. kr. Vidare blir summen i same kolonne under "Totalt" 22 106,1 mill. kr i staden for 22 139,8 mill. kr. I kolonnen "Oppfølging av NTP i pst. etter ett år" skal prosentdelen i raden "Totalt" vere 21,4 i staden for 21,3.

I tabellen på side 56 er rett summering for "Sum post 30" i kolonnen "Handlingsprogram2010-2013" 24 160 mill. kr i staden for 24 130 mill kr. Tala i dei tre første talkolonnane er i mill. kr.

I siste avsnitt i første spalte på side 58 skal det stå: "Arbeidet med å bygge midtrekkverk på følgende strekninger skal bli videreført:

  • i kurver på riksveg 7 i Flå og Nes kommuner i Buskerud

  • på strekninger av E16 mellom Sollihøgda og Skaret i Buskerud."

På side 64, under omtale av kap. 1320, post 72 Kjøp av riksvegferjetenester i første spalte, andre avsnitt, går det fram: "Sambandet Svolvær - Skutvik er fra 1. januar 2009 omklassifisert til fylkeskommunalt samband, men i dette sambandet vil staten være ansvarlig for materiell og kaier." I fylkesfordelinga knytte til dei nye fylkesvegferjene frå 1. januar 2010 som følgje av forvaltningsreforma, inngår 2,7 mill. kr i kompensasjon til Nordland fylkeskommune til å dekkje leigekostnader ved å setje inn ekstraferje om sommaren. Dette inneber at frå 2010 er Nordland fylkeskommune ansvarleg for materiell til sambandet Svolvær - Skutvik.

I tabellen på side 64 er tal for km med gul midtstripe i kolonnen "Handlingsprogram 2010-2013" 140 km i staden for 80 km. Oppfølgingsgraden i pst. etter eitt år blir da 16 og ikkje 28.

Rett tal i tabellen på side 91 for "E6 Øyer-Tretten, ekskl. rv 254" i kolonnen "restbehovet pr. 1. januar 2011", er 445 mill. kr i staden for 475 mill. kr.

Del III Omtale av viktige oppfølgingsområde

6.5 Samferdsel og miljø

I tabellen på side 172 er talet "for personar utsette for over 38 dB innandørs støy" i høgre kolonne verknaden for perioden 2010-2019 og ikkje perioden 2010-2013.

6.8 Kollektivtransport

Det er ein summeringsfeil i tabellen på side 179 som viser løyvingar til kollektivtiltak. I summeringa av dei to kolonnane er raden " – av dette belønningsordningen" teken med. Summen i kolonnen "Justert saldert budsjett 2009"skal vere 10 518 500 i staden for 10 841 900 kr og i kolonnen "Forslag 2010" 11 977 800 i staden for 12 310 600. Den prosentvise endringa frå 2009 til 2010 skal vere 13,9 i staden for 13,5.