Utgifter fordelte på kapittel:
| | | | | (i 1 000 kr) |
Kap. | Nemning | Rekneskap
2008 | Saldert budsjett
2009 | Forslag
2010 | Pst. endr.
09/10 |
1 | H.M. Kongen og
H.M. Dronninga | 149 346 | 152 212 | 151 540 | -0,4 |
2 | H.K.H. Kronprinsen og H.K.H. Kronprinsessa | 20 287 | 21 289 | 23 243 | 9,2 |
| Sum kategori 00.10 | 169 633 | 173 501 | 174 783 | 0,7 |
Fornyings- og administrasjonsdepartementet har ansvaret
for løyvingane til kongehuset. I tillegg til løyvingane under kap.
1 H.M. Kongen og H.M. Dronninga og kap. 2 H.K.H. Kronprinsen og
H.K.H. Kronprinsessa vert det løyva midlar til kongelege føremål
også under Utanriksdepartementet, Forsvarsdepartementet, Justisdepartementet
og Fornyings- og administrasjonsdepartementet (Eigedomar til kongelege
føremål).
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag
2010 |
1 | Apanasje | 8 256 | 8 751 | 9 031 |
50 | Det kongelege
hoff | 125 715 | 127 778 | 142 509 |
51 | Særskilde prosjekt ved Det
kongelege hoff | 15 375 | 15 683 | |
| Sum kap. 1 | 149 346 | 152 212 | 151 540 |
Løyvinga vert nytta til personlege utgifter
for H.M. Kongen og H.M. Dronninga, medrekna utgifter i samband med
diverse offisielle oppgåver, og til drift og vedlikehald av eigne
eigedomar.
Løyvinga vert nytta til kongehuset sine utgifter til
offisielle oppgåver, drift av organisasjonen, infrastruktur og mindre
investeringar til vedlikehald.
Løyvinga skal òg dekkje utgifter til jamleg
indre vedlikehald og utvikling av dei statlege kongelege eigedomane,
Det Kgl. Slott, Bygdøy Kongsgard (hovudhuset m/sidebygning og park) og
Oscarshall.
Den foreslåtte auken i løyvinga på posten kjem
i hovudsak av at det er utarbeidd nye kalkylar for utgifter knytte
til forvaltning, drift og vedlikehald av dei nemnde eigedommane,
samstundes med at det er utført rehabiliteringsarbeid ved Bygdøy
Kongsgard og Oscarshall som inneber eit høgare vedlikehaldsnivå.
Rehabiliteringa av Oscarshall vert sluttført
i 2009. Det vert difor ikkje gjort framlegg om løyving på denne
posten i 2010.
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag
2010 |
1 | Apanasje | 6 166 | 6 536 | 7 515 |
50 | H.K.H. Kronprinsen og H.K.H.
Kronprinsessa sin stab mv. | 14 121 | 14 753 | 15 728 |
| Sum kap. 2 | 20 287 | 21 289 | 23 243 |
Løyvinga skal dekkje kronprinsparet sine personlege
utgifter, medrekna utgifter til drift og vedlikehald av eigne eigedomar.
Det vert foreslått å auke løyvinga på posten grunna
nye kalkylar for vedlikehald av Skaugum.
Løyvinga skal dekkje utgifter til kronprinsparet sin
stab på Det Kgl. Slott og betening på Skaugum, og utgifter i samband
med kronprinsparet sine offisielle oppgåver.
Løyvinga vert foreslått auka grunna behov for
å styrkje staben ved Skaugum.
Komiteen registrerer
at forslag til budsjett for programkategori 00.10 Det kongelige
hus er på totalt 174 783 000 kroner, fordelt med 151 540 000 kroner
til H.M. Kongen og H.M. Dronningen og 23 243 000 kroner til H.K.H. Kronprinsen
og H.K.H. Kronprinsessen. Dette er en samlet økning på 0,7 pst.
sammenliknet med saldert budsjett for 2009.
Komiteen har videre merket seg
de foreslåtte bevilgningene på til sammen 86 750 000 kroner til
de kongelige eiendommer under Fornyings- og administrasjonsdepartementet,
til kongefamiliens offisielle reiser i utlandet under Utenriksdepartementet,
samt midler til adjutantstab, kongeskip m.m. under Forsvarsdepartementet.
I tillegg kommer midler under kap. 441 Oslo politidistrikt (eskortetjeneste)
som ikke er beløpsfestet.
Komiteen slutter seg til forslaget
til budsjett for Det kongelige hus for 2010.