9.1 Sammendrag av Prop. 33 S (2009–2010)

Finansdepartementet legg fram forslag til ny fullmakt for statleg opplåning i 2010.

Statens alminnelege lånebehov følgjer av forslaget til statsbudsjett for 2010. Staten har ut frå forslaget i Prop. 1 S (2009–2010) eit brutto finansieringsbehov på 44 mrd. kroner i 2010, jf. tabell 2.1 i Prop. 33 S (2009–2010).

Det blir lagt opp til at finansieringsbehovet i 2010 i hovudsak blir dekt ved opptak av nye langsiktige lån innanlands. Den kortsiktige opplåninga skal sikre at staten har tilstrekkeleg likviditetsreserve slik at ein skal kunne dekke daglege betalingar.

I tråd med tidlegare praksis legg ein opp til å jamne ut opptaka av langsiktige lån over fleire år, av omsyn til marknaden for statspapir. Ein ber derfor om fullmakt til å ta opp langsiktige innanlandske lån som er større enn finansieringsbehovet i 2010. Fullmakta for opptak av nye langsiktige lån blir foreslått sett til 50 mrd. kroner. Lån som inngår i staten si eigenbehaldning av statspapir for marknadspleieformål er omfatta av desse fullmaktene.

Fullmakta under kortsiktige marknadslån er utforma som ei ramme for maksimalt uteståande beløp, og ikkje som ei ramme for nye låneopptak. Som følgje av ordninga med byte av statspapir mot OMF, jf. pkt. 2.2.4 i proposisjonen, har uteståande volum i statskassevekslar auka mykje gjennom 2009. Gitt auksjonskalenderen for 2009, kan maksimalt uteståande i vekslar bli om lag 310 mrd. kroner. Ein ber derfor om at fullmakta til å ha uteståande kortsiktige marknadslån blir sett til 350 mrd. kroner i 2010.

For andre kortsiktige lån ber ein om ei fullmakt der det ikkje blir sett ei særskild beløpsgrense. Fullmakta for andre kortsiktige lån omfattar alminnelege kontolån frå statsinstitusjonar og statlege fond, og eventuelle kontolån frå institusjonar som ved særlege høve kan bli pålagde å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten. Fullmakta omfattar også eventuelle plasseringar gitt som trygd frå motpartar i rentebytteavtalar. Størstedelen av andre kortsiktige lån er innskot frå operatørbanken for skattebetalingsordninga.

Ein ber i tillegg om at fullmakta til å inngå rentebyteavtalar og tilsvarande derivatavtalar blir vidareførd.

9.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag. Forslag til vedtak er ført opp under kapittel 11 Komiteens tilråding, pkt. C.