10. Skattebetalingslova § 11 nr. 4 - utviding i reglane om kva for føretak som kan stille garanti for arbeidsgjevar sitt trekkansvar

10.1 Sammendrag

Det følgjer av lov 21. november 1952 nr. 2 om betaling og innkreving av skatt § 11 nr. 1 at arbeidsgjevaren har plikt til å foreta forskotstrekk i arbeidstakaren si lønn. Det trekte beløpet skal arbeidsgjevaren setje inn på ein eigen skattetrekkonto etter § 11 nr. 4. I staden for skattetrekkonto kan det stillast "bankgaranti" for trekkansvar.

I og med at skattebetalingslova § 11 nr. 1 nyttar omgrepet "bankgaranti" taler dette for at garantien må vere stilt av ei verksemd som har godkjenning til å drive bankverksemd. Denne tydinga er òg lagt til grunn i kommentarutgåva til skattebetalingslova kor det står: "og garantisten må være en bank, ikke en annen kredittinstitusjon eller lignende." I SK-melding nr. 12-1992 har Skattedirektoratet gått ut i frå at garantisten må vere ein bank, då lova klårt og eintydig opererer med bank som garantist. Direktoratet uttaler vidare at garantisten må vere ein bank som har godkjenning til å drive bankverksemd i Noreg.

Departementet har blitt oppmerksam på at andre føretak enn bankar tilbyr garantiar for arbeidsgjevarar sitt trekkansvar, og at slike garantiar har vore akseptert av nokre skatteoppkrevjarar, men ikkje av and­re.

Departementet kan ikkje sjå at dei omsyn som gjer seg gjeldande ved val av garantist tilseier at berre bankar bør kunne stille garanti for trekkansvar. Det sentrale er at skatteoppkrevjaren på ein enkel måte kan gjere garantien gjeldande ovanfor ein betalingsdyktig garantist, og at det er minimal risiko for at garantisten ikkje kan eller vil innfri garantien når det er naudsynt. Det er praksis for at garantien skal stillast i form av ein vilkårslaus sjølvskuldnarkausjon.

Ved å tillate garanti frå føretak som nemnt i § 1-4 i lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finasinstitusjoner sikrar ein at desse omsyna blir ivaretatt, og unngår samstundes diskriminering av ulike typar finansinstitusjonar. Etter forslaget vil òg utanlandske finansierings- og kredittinstitusjonar, som har rett til å drive finansieringsverksemd i Noreg etter den nemnde § 1-4 i finansieringsverksemdlova, kunne stille garanti for trekkansvar. Forslaget medfører at skatteoppkrevjaren kan tenkjast å komme i den situasjon at han må gjere ein garanti gjeldande ovanfor ein kredittinstitusjon med hovudsete i ein annan stat innanfor det europeiske økonomiske samarbeidsområdet. Dette fordi kredittinstitusjonar med hovudsete i ein annan stat innanfor EØS-området kan drive grenseoverskridande tenesteyting i medhald av finansieringsverksemdlova § 1-4 nr. 4 og forskrift 7. juli 1994 nr. 0717. For det tilfellet at kredittinstitusjonen då ikkje vil innfri garantien, kan det stillast spørsmål ved om innkrevjinga i desse tilfella blir vesentleg vanskeleggjort.

Departementet reknar med at ein slik situasjon berre heilt unntaksvis vil kunne oppstå. Det er òg slik at i medhald av tollova § 35 og tollovforskrifta punkt 5.5.3, kan toll- og avgiftsetaten krevje sikring i form av garanti ved søknad om kreditt for toll. Bankar, forsikringsselskap og andre føretak som nemnt i § 1-4 i lov om finansieringsverksemd kan tilby slik garanti. Etter det departementet er kjent med har toll- og avgiftsetaten ikkje opplevd nokre vanskar med å gjere garantiar gjeldande. Departementet kan ikkje sjå at det er grunn til å ha strengare reglar for garanti for trekkansvar.

Departementet viser til forslaget til endringar i skattebetalingslova § 11 nr. 4, som gir alle føretak som har rett til å drive finansverksemd etter finansieringsverksemdlova § 1-4 løyve til å stille garanti for trekkansvar.

Stortinget har vedteke ei ny skattebetalingslov som ikkje er sett i kraft, jf. lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav (skattebetalingsloven). Departementet foreslår ei tilsvarande endring i denne lova. Departementet viser til forslaget til endringar i § 5-12 andre og tredje ledd i den nye skattebetalingslova.

Departementet legg til grunn at dei økonomiske konsekvensane av forslaget er små, og det same vil gjelde dei administrative konsekvensane.

Departementet foreslår at lovendringa tek til å gjelde straks.

10.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til endring i skattebetalingsloven 1952 § 11 nr. 4 og skattebetalingsloven 2005 § 5-12 andre og tredje ledd.