Søk

Bakgrunn

Noregs Bank vart skipa i 1816 og er ein av dei eldste sentralbankane i verda. Alt i novembergrunnlova frå 1814 slo paragraf 110 fast at «Norge beholder sin egen Bank og sit eget Penge- og Myntvæsen». Med denne føresegna skulle Noreg sikrast eit sjølvstendig pengestell i personalunionen med Sverige. Ordlyden låg fast heilt fram til 1911. Då vart paragrafen nytta til grunnlovfesting av Statens Reservefond (fondet vart avvikla i 1925).

Etter initiativ frå dåverande statssekretær i Finansdepartementet, Morten Søberg, skreiv professor Eivind Smith hausten 2011 ei grundig statsrettsleg utgreiing om grunnlovfesting av Noregs Bank. Utgreiinga vart levert til Finansdepartementet 22. desember og seinare vedlagd Dokument 12:29 (2011–2012) Forslag om ny § 33 i Grunnlova (grunnlovfesting av Noregs Bank). Framlegget om å grunnlovfesta Noregs Bank i Grunnlova på nytt vart vedteke med 158 mot 8 røyster 24. mai 2016. I 2020 vart paragrafen om Noregs Bank flytta til § 120 a.

Noregs Bank har heilt sidan 1816 hatt eit representantskap med 15 medlemer, som er valde av Stortinget. (Unntaket er okkupasjonstida 1940–45.) Skipnaden har lege fast medan rolla til organet har endra seg i samhøve med endringar i lov om Noregs Bank.

Ei ny sentralbanklov vart samrøystes vedteken 12. juni 2019 og tok til å gjelda 1. januar 2020. Noregs Bank skulle framleis ha eit stortingsvalt representantskap. Lovproposisjonen understreka «[R]epresentantskapets plikt til å rapportere til Stortinget om tilsynet med banken» (Prop. 97 L (2018–2019) kap. 1). Representantskapet er såleis både eit organ i Noregs Bank og ein del av den samla tilsynsfunksjonen til Stortinget.

Paragraf 75 c i Grunnlova slår fast at «[d]et høyrer Stortinget til å føre oppsyn med pengestellet i riket». Føresegna har vore den same sidan 1814, medan pengestellet har endra seg i samsvar med tida og tilhøva. No utgjer setel og mynt utferda og prega av Noregs Bank ein stadig mindre del av pengemengda. Dei fleste pengar er no elektroniske pengar på innskotskonti i bankar og sparebankar. Sentralbanklova slår fast at Noregs Bank pliktar å «opprettholde en stabil pengeverdi», same kva type norske pengar det er tale om.

Eit anna viktig trekk i utviklinga av verksemda i Norges Bank er den aukande rolla forvaltninga av Statens pensjonsfond utland har fått etter at det fyrste innskotet vart gjort i 1996. Fondet vert forvalta under leiing av Kongen og departementet. Etter vedtak i Stortinget vert underskot på statsbudsjettet dekt med overføringar frå fondet i samsvar med lov om Statens pensjonsfond.

Forslagsstillarane meiner at det stortingsvalde representantskapet er ein viktig del av det samla tilsynet med pengestellet i riket og med verksemda i Noregs Bank. Vidareføringa av institusjonen sitt representantskap i den nye sentralbanklova har no gjort det høgst aktuelt å få vedteke ein grunnlovsparagraf som er dekkjande for dette tilsynet i dag.

Ei grunnlovfesting vil dessutan stengja for seinare lovendringar eller praksisar som hindrar at representantskapet kan føra effektivt tilsyn med Noregs Bank. Dette er særskilt viktig med tanke på at det under førebuingane til den noverande sentralbanklova vart sett spørjeteikn ved heile framtida for representantskapet.

Sidan representantskapet er valt av og fører kontroll på vegner av Stortinget, har representantskapet mykje sams med dei eksterne kontrollorgana til Stortinget. Av desse kontrollorgana er det berre Riksrevisjonen som har eksistert like lenge som representantskapet. Riksrevisjonen og Sivilombodsmannen er grunnlovfesta i § 75 bokstav k og l.

Så langt tilsynsfunksjonen til representantskapet gjeld forvaltninga av Statens pensjonsfond utland, inngår tilsynet i Stortingets rådvelde over statseigedomane etter § 19 i Grunnlova.

Forslagsstillarane føreslår at grunnlovfestinga av det stortingsvalde representantskapet anten skjer i form av eit tillegg til § 75 c om Stortingets kontroll med pengestellet, eller som eit nytt andre ledd i § 120 a om Noregs Bank.

Forslagsstillarane legg fram to alternativ til ein oppdatert § 75 c (alternativ 1 og 2) og to alternative forslag til eit nytt andre ledd i § 120 a (alternativ 3 og 4). Innhaldet er det same, spørsmålet er berre kvar det høver best å synleggjera representantskapet og dei tilsynsfunksjonane som høyrer med.

Plassering i § 75 c framhevar tilknytinga til Stortingets tilsyn med pengestellet. Både historisk og aktuelt er dette kjernen i sentralbanken sine oppgåver.

Plassering i § 120 a framhevar tilknytinga til institusjonen Noregs Bank. Tilsynet på vegner av Stortinget bør omfatta alle viktige funksjonar som til kvar tid ligg til banken, utan omsyn til om dei i teknisk forstand kan reknast inn under omgrepet pengestellet slik det vert forstått etter § 75 c. I dag er tilsynet med bankens forvaltning av Statens pensjonsfond utland særskilt viktig.

Begge alternativa får fram det sentrale, som er at representantskapet skal veljast av Stortinget for å føra tilsyn med sentralbanken.

Alternativ 1 i framlegget til oppdatering av § 75 c er henta frå professor Eivind Smiths utgreiing, datert 22. desember 2011. Det går fram av utgreiinga at framlegget ikkje inneber noka endring i fullmaktene, rolla eller funksjonen til Noregs Banks representantskap. Dette er og skal vera regulert i lov om Noregs Bank.