Grunnlovsframlegg frå Nils T. Bjørke, Marit Knutsdatter Strand, Geir Pollestad, Arne Nævra, Karin Andersen og Lars Haltbrekken om endring i § 112 (vern av dyrka og dyrkande mark)

Til Stortinget

Bakgrunn

Forslagsstillarane viser til Stortinget si handsaming av Innst. 131 S (2018–2019), jf. Dokument 12:24 (2015–2016). Ved Stortinget si handsaming fekk ikkje forslaget om å grunnlovfesta vern av matjordressursane det naudsynte talet på røyster for å verta vedteke.

Forslagsstillarane meiner at god forvaltning av dyrka og dyrkande mark er grunnleggjande for matproduksjon og dermed for menneska sin eksistens. Desse areala utgjer ein knapp ressurs som treng sterkt vern. Jordbruksarealet utgjer berre 3,7 prosent av landarealet i Noreg. Den langsiktige og eksistensielle karakteren gjer at dyrka og dyrkande mark må verta nemde uttrykkeleg i Grunnlova. Forslagsstillarane gjer difor framlegg om eit tillegg i Grunnlova § 112 første ledd andre punktum om dette.

Matjorda her til lands er ein sårbar, men særs naudsynt ressurs. Store areal med matjord som det tek nokre timar å skubbe vekk med maskiner, tek fleire tusen år å opparbeide. Matjorda Noreg har, legg til rette for matproduksjon, busetjing og sysselsetjing over heile landet. Med andre ord; matjorda har ei særstilling fordi ho i tillegg til å styrkja mattryggleiken óg er avgjerande for anna samfunnsutvikling. Samanliknar ein Noreg med grannelanda, har Noreg klart mindre areal med dyrka jord.

Etter den andre verdskrigen har omdisponeringa av dyrka og dyrkbar jord vore på om lag 1,2 millionar dekar totalt. Det meste av dette er areal som har vore eigna til matkornproduksjon.

Omdisponeringa av matjord til utbyggingsformål og anna har minka dei seinare åra i tråd med auka bevisstgjering rundt vern av denne ressursen. Endelege tal frå SSB viser at det i 2019 vart omdisponert 3 617 dekar dyrka jord. I tillegg kjem omdisponeringa av 4 540 dekar dyrkbar jord i 2019.

Dei fleste byar og tettstadar i Noreg med befolkningsvekst er omkransa av dyrka jord. Mykje av den beste jorda ligg difor der utbyggingspresset er størst. Over halvparten av nedbygginga skjer i og omkring tettstadar. Kombinert med ynske om ei mest mogeleg samla utbygging rundt eksisterande byar og tettstadar skaper dette utfordringar i arbeidet med å ta vare på jordressursane for framtida. Det er om lag 10 millionar dekar jordbruksareal (fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite) i drift i Noreg i dag. I tillegg har Noreg om lag 12,5 millionar dekar dyrkbar jord eigna for nydyrking. Produksjonspotensialet til den dyrkande jorda er i sum monaleg mindre enn for dagens jordbruksareal. Det er difor viktig at formuleringa i grunnlovsteksten har med seg både dyrka og dyrkande mark.

Stortinget vedtok den 8. desember 2015 at det årlege målet for omdisponering av dyrka mark skulle settast til 4 000 dekar. Dette vart på nytt stadfesta ved handsaminga av eit representantforslag om strengare jordvernmål i Stortinget 4. juni 2020. Mange meiner at dette målet er altfor høgt og ynskjer seg ein nullvisjon for tap av dyrka mark.

Forslagsstillarane meiner matjorda er ein så viktig ressurs at den bør verta omtala særskilt i Grunnlova si føresegn i § 112 første ledd andre punktum om naturressursane.

Framlegg

På dette grunnlaget gjer ein følgjande

framlegg:
§ 112 første ledd andre punktum skal lyda:

Naturens ressurser, herunder dyrket og dyrkbar mark, skal disponeres ut fra en langsiktig og allsidig betraktning som ivaretar denne rett også for etterslekten.

Naturressursane, medrekna dyrka og dyrkande mark, skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.

Referert

Referert i Stortingets møte 30. september 2020.

«Forslaget blir under presidentens ansvar å bekjentgjøre ved trykken for å komme til avgjørelse på første, annet eller tredje storting etter neste valg.»

Tone Wilhelmsen Trøen

president

30. september 2020

Nils T. Bjørke

Marit Knutsdatter Strand

Geir Pollestad

Arne Nævra

Karin Andersen

Lars Haltbrekken