Vedtak til lov om endringer i yrkestransportlova (oppheving av behovsprøvingen for drosje mv.)

I Stortingets møte 4. juni 2019 ble det gjort følgende

vedtak til lov

om endringer i yrkestransportlova (oppheving av behovsprøvingen for drosje mv.)

I

I lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy gjøres følgende endringer:

§ 4 første ledd skal lyde:

(1) Den som mot vederlag vil drive nasjonal eller internasjonal persontransport med motorvogn, må ha løyve. Det same gjeld den som utfører persontransport mot vederlag på liknande måte som drosje når tilbod om transport vert retta til ålmenta på offentleg plass eller via digitale plattformer.

§ 9 skal lyde:
§ 9. Løyve for persontransport med motorvogn utanfor rute

(1) Den som mot vederlag vil drive persontransport utanfor rute med motorvogn registrert for inntil 9 personar, må ha særskilt drosjeløyve. § 4 andre ledd bokstav a til c gjeld tilsvarande.

(2) Løyvestyresmakta kan gje påbod om at drosjekøyring innanfor ein kommune skal drivast med motorvogn som har ei øvre grense for miljøskadeleg utslepp. Det skal setjast ein frist på minst fire år for å oppfylle krava. Løyvestyresmakta fastset forskrift om den øvre grensa for miljøskadeleg utslepp.

(3) Den som har løyve etter denne føresegna, skal loggføre kvar drosjetur med start og sluttpunkt med ein modul med satellittbasert kommunikasjonssystem (GNSS) til løpande registrering og logging av den geografiske posisjonen til drosja. Opplysningane skal lagrast i 60 dagar. Departmentet kan gje nærare reglar om loggføring i forskrift.

(4) Departementet kan gje forskrifter om korleis ei motorvogn skal vere utstyrt, herunder krav til taksameter eller andre kontrollutrustningar, når ho vert nytta til løyvepliktig transport etter denne paragrafen.

Ny § 9 a skal lyde:
§ 9 a. Einerettar for drosjetransport

(1) Fylkeskommunen kan tildele einerett eller godtgjersle til ein eller fleire løyvehavarar for å tilby drosjetenester innanfor ein eller fleire kommunar. Grensene for eit einerettsområde følgjer kommunegrensene. Fylkeskommunane fastset avgjerda om bruk av einerett i forskrift.

(2) Fylkeskommunen kan berre tildele einerett i kommunar der det er nødvendig.

(3) Departementet fastset ut frå innbyggjartal og innbyggjartettleik i forskrift dei kommunane det kan tildelast einerett i.

(4) Ved tildeling av einerett skal det nyttast konkurranse så langt det følgjer av lov 17. juni 2016 nr. 73 om offentlige anskaffelser og forskrifter gjevne med heimel i lova. Einerett kan tildelast for ein periode på inntil fem år.

(5) Ein drosjeløyvehavar som har einerett, kan utføre oppdrag frå einerettsområdet til ein kvar stad i eller utanfor einerettsområdet.

(6) Drosjeløyvehavarar som ikkje har einerett, kan ikkje utføre drosjetransport innanfor kommunar der fylkeskommunen har tildelt einerett.

(7) Ein drosjeløyvehavar som ikkje har einerett, kan transportere passasjerar inn i einerettsområdet. Ein drosjeløyvehavar som ikkje har einerett, kan òg transportere passasjerar frå eit einerettsområde til ein stad utanfor einerettsområdet dersom transporten er bestilt på førehand.

(8) Fylkeskommunen kan i einskildvedtak eller forskrift gje andre drosjeløyvehavarar enn einerettshavaren løyve til køyring i einerettsområdet.

(9) Departementet kan i forskrift fastsetje nærare reglar for einerettar.

§ 27 første ledd skal lyde:

(1) Løyve etter §§ 4, 5 og 9 gjeld i ti år.

§ 27 andre ledd oppheves. Nåværende tredje og fjerde ledd blir annet og tredje ledd.

§ 31 første ledd bokstav b skal lyde:
  • b) avvikling av løyveeksamen, førareksamen og utferding av kompetansebevis.

§ 37 a første ledd skal lyde:

Førar av drosje, turvogn og rutevogn må under persontransport mot vederlag ha kjøresetel i tillegg til førarkort.

§ 37 b første ledd skal lyde:

Søknad om kjøresetel skal gjerast på fastsett blankett. Legeattest og bevis for tilstrekkeleg fagleg kompetanse skal leggjast ved søknad om kjøresetel og søknad om fornying av kjøresetel. Bevis for tilstrekkeleg fagleg kompetanse etter første punktum gjeld ikkje ved fornying av kjøresetel utferda før 1. juli 2020. Dersom fornying av kjøresetel utferda før 1. juli 2020 ikkje skjer innan eit år etter at den gamle kjøresetelen går ut, må søknaden om ny kjøresetel leggjast ved bevis for fagkompetanse for førar.

§ 37 b andre ledd første punktum oppheves.

§ 37 c første ledd skal lyde:

Den som skal få kjøresetel, må vere fylt 20 år, ha slik vandel at politiet ikkje finn vedkommande uskikka til å virke som førar og oppfylle dei same krava til helse som for førarkort klasse D og DE. Førar av drosje må i tillegg ha tilstrekkeleg fagleg kompetanse og ha hatt førarkort klasse B utan avbrot i minst to år.

§ 37 c fjerde ledd oppheves.

§ 37 f første ledd skal lyde:

Politimeisteren eller den han gir myndigheit, kan treffe vedtak om å kalle retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag tilbake, dersom vedkommande ikkje lenger fyller krava etter § 37 c.

§ 40 a første ledd skal lyde:

(1) Den som med vilje eller aktløyse bryt § 38, kan påleggjast lovbrotsgebyr. Den øvre grensa for eit slikt gebyr er kr 5 000. Når slikt lovbrot er gjort av nokon som har handla på vegne av eit føretak, kan lovbrotsgebyr påleggjast føretaket. Dette gjeld sjølv om lovbrotsgebyr ikkje kan bli pålagd nokon einskild person. Med føretak er her meint selskap, enkeltmannsføretak, stifting, foreining eller anna samanslutning, bu eller offentleg verksemd. Lovbrotsgebyr kan påleggjast av tenestemann frå politiet og Statens vegvesen, eller av annan offentleg tenestemann som departementet har gjeve rett til å føre kontroll etter denne lova.

II

  • 1. Lova trer i kraft 1. juli 2020, med unnatak av §§ 4 første ledd og 40 a første ledd, som trer i kraft 1. juli 2019.

  • 2. Drosjeløyve som er gyldige på det tidspunktet denne lova trer i kraft, gjeld fram til 1. juli 2030 så lenge drosjeløyvehavar oppfyller dei krava som til ei kvar tid gjeld for å ha drosjeløyve.

Tone Wilhelmsen Trøen

president