I Stortingets møte 11. juni 2015 ble det gjort
slikt
I lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn blir det gjort
følgjande endringar:
Tittelen på lova skal lyde:
Lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn (
stadnamnlova)
§ 1 første ledd skal lyde:
Formålet med denne lova er å ta vare på stadnamn som språklege
kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk, og som
ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet, og medverke
til kjennskap til og aktiv bruk av namna.
§ 2 skal lyde:
§ 2 Definisjonar
I denne lova tyder:
a) stadnamn: namn på terrengformasjonar
som fjell og vatn, kulturformasjonar som gardsområde, gardsbruk,
vegar og bruer, administrative område som kommunar og sokn, institusjonar
og adresser
b) gardsnamn: namnet på heile det gardsområdet som eitt
eller fleire gardsnummer er knytte til
c) bruksnamn: namn på gardsbruk eller annan eigedom
med eitt eller fleire bruksnummer eller festenummer under eit gardsnummer
d) nedervd stadnamn: stadnamn som munnleg eller skriftleg
er overlevert frå tidlegare generasjonar
e) nedervd lokal uttale: uttale som er overlevert
frå tidlegare generasjonar, som har vore vanleg på staden, og som
framleis er i levande bruk
f) rettskrivingsprinsipp: allmenne reglar for korleis lydar
og lydkombinasjonar skal givast att i skrift
§ 3 skal lyde:
§ 3 Namnevern
Eit stadnamn kan berre takast i bruk på ein stad der
det tradisjonelt ikkje høyrer heime dersom det ikkje er i bruk som
verna etternamn, ikkje er eit særeige namn og heller ikkje må vernast
av andre grunnar.
Eit nedervd stadnamn kan berre bytast ut med eit anna
namn som har tradisjon som namn på det same namneobjektet. Unntak
kan gjerast dersom særlege grunnar talar for det.
§ 4 skal lyde:
§ 4 Reglar om skrivemåten
Dersom ikkje anna er fastsett i denne lova, skal det ved
fastsetjing av skrivemåten av stadnamn takast utgangspunkt i den
nedervde lokale uttalen. Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp
for norsk og samisk. For kvenske stadnamn skal skrivemåten følgje
gjeldande rettskrivingsprinsipp for kvensk. Skogfinske stadnamn
på Austlandet følgjer norske rettskrivingsprinsipp.
Når det same namnet er brukt om ulike
namneobjekt på den same staden, skal den skrivemåten som
er brukt for det namneobjektet namnet opphavleg vart brukt om, som
hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten for dei
andre namneobjekta. Dette gjeld ikkje i dei tilfella der det opphavlege
namnet på namneobjektet er eit bruksnamn med ein skrivemåte som er
fastsett av grunneigaren. To eller fleire skriftformer
av same namn på det same namneobjektet kan fastsetjast
som sidestilte dersom eitt eller fleire av desse vilkåra er oppfylte:
a) det finst fleire uttalevariantar av namnet
fordi lokaliteten har stor geografisk utbreiing, eller ligg i eit
dialektalt eller administrativt grenseområde
b) to eller fleire skriftformer av namnet er vel innarbeidde
c) det er sterk lokal interesse for to eller fleire av formene
§ 5 skal lyde:
§ 5 Fastsetjing av skrivemåten
Saker om skrivemåten av stadnamn kan takast opp av
a) eit offentleg organ og andre
som er nemnde i § 1 tredje ledd
b) eigaren eller festaren i
saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom
c) ein lokal organisasjon med særleg
tilknyting til eit stadnamn
d) stadnamnkonsulentane når det gjeld stadnamn i deira område
Kommunen vedtek skrivemåten av offisiell
adresse og av namn på tettstader, grender, kommunale gater, vegar,
torg, bydelar, bustadfelt, anlegg o.l. Fylkeskommunen vedtek skrivemåten
av namn på fylkeskommunale anlegg o.l.
Statens kartverk vedtek skrivemåten
av gardsnamn, bruksnamn, seternamn, naturnamn, namn på
statlege anlegg o.l. dersom ikkje anna er fastsett i lov
eller forskrift. Det kan gjerast samlevedtak for skriftforma av
eit namneledd innanfor det same administrative
området.
Er det tvil om kven som etter desse reglane skal fastsetje
skrivemåten av eit stadnamn, kan spørsmålet leggjast fram for departementet
til avgjerd.
§ 6 første ledd skal lyde:
Når ei namnesak er teken opp med vedtaksorganet, skal saka
gjerast kjend for dei som har rett til å uttale seg. Eigaren eller festaren har
rett til å uttale seg i saker som gjeld skrivemåten av bruksnamn. Eigaren eller festaren har
òg rett til å uttale seg i saker som gjeld gardsnamn når skrivemåten
av gardsnamnet skal vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamnet. Kommunane har
rett til å uttale seg når vedtaket skal gjerast av andre organ enn
kommunen sjølv. Fylkeskommunane har rett til å uttale seg i saker
som gjeld område som femner om meir enn ein kommune. Lokale organisasjonar
har rett til å uttale seg i saker som gjeld stadnamn organisasjonen
har ei særleg tilknyting til. Før det blir gjort vedtak
om skrivemåten, skal namnekonsulentane gi tilråding. Grunneigaren kan
be om å få tilråding frå namnekonsulentane i saker som gjeld namn
på eige gardsbruk eller eigedom.
§ 6 andre ledd skal lyde:
I saker om skrivemåten av nedervde bruksnamn har
eigaren rett til å fastsetje skrivemåten dersom han kan dokumentere
at den ønskte skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn.
Skrivemåten av bruksnamnet kan i desse tilfella vedtakast utan høyring
etter første ledd. Vedtak om skrivemåten av gardsnamn skal i alle
andre tilfelle vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamn
som er identisk med gardsnamnet.
§ 8 skal lyde:
§ 8 Særskilde reglar om gardsnamn og bruksnamn
Skrivemåten av gardsnamn og bruksnamn som språkleg og geografisk
fell saman med nedervde stadnamn, eller med andre stadnamn som etter
reglane i denne lova eller i andre lover og forskrifter skal brukast
av det offentlege, skal fastsetjast etter reglane i §§ 4 til 6.
Vedtak om skrivemåten av gardsnamn skal som hovudregel
vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamn som er identisk
med gardsnamnet eller der gardsnamnet går inn som ein del av bruksnamnet.
Eigaren eller festaren kan, med dei avgrensingane
som følgjer av § 3, sjølv velje namn og fastsetje skrivemåten av
namnet på eit nyoppretta bruk eller eit bruk som ikkje har eit nedervd
namn.
§ 10 første ledd nytt andre punktum skal lyde:
Tilsvarande gjeld for vedtak om namnsetjing etter anna
lov, dersom vedtaket er i strid med § 3 i lova her.
§ 10 første ledd nåværende andre til sjuende punktum blir
tredje til åttende punktum.
§ 10 andre ledd andre punktum skal lyde:
I klagesaker av prinsipiell karakter kan klagenemnda gi Språkrådet,
Sametinget og departementet høve til å uttale seg.
Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.
Olemic Thommessen |
president |