Munnleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til statsministeren

Om statsministeren kan gjere greie for kva fakta og råd regjeringa la til grunn når ein fyrst vedtok nasjonalt raudt nivå i vidaregåande skule før jul, og så etter jul tviheld på dette også etter at ein ved skulestart kan dokumentere minimalt smittetrykk i mange kommunar

Datert: 12.01.2022
Svart på: 12.01.2022 av statsminister Jonas Gahr Støre

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Gjennom pandemien har det til no vore ei tydeleg felles politisk prioritering å skjerme barn og unge og halde skular, fritidstilbod og kulturtilbod for born opne så langt råd er. Då grunnskulane i Noreg opna igjen no etter jul, gjennomførte mange kommunar massetesting. Det synte i mange kommunar og regionar minimalt med koronasmitte blant born, unge og tilsette i skulen. Til dømes er det i min valkrins, Sogn og Fjordane, kommunar som har gjort tusenvis av testar utan ei einaste positiv prøve.

I siste runde med covid-tiltak valde regjeringa å leggje dei vidaregåande skulane i heile Noreg på raudt nivå. Det betyr stor grad av heimeundervisning, ein dårlegare kvardag for svært mange ungdomar og eit svekt pedagogisk tilbod. Raudt nivå blei innført og er framleis, på tvers av dei faglege tilrådingane frå skule- og helsestyresmaktene og til sterke protestar og åtvaringar frå både elevorganisasjonane og Barneombodet. Det skjedde trass i at fylkeskommunar over heile landet åtvara mot problema med raudt nivå og endå meir digital undervisning.

Vi veit at dei negative sidene ved å vere borte frå ein normal skulekvardag over lang tid for mange ungdomar er store. Ungdomsåra er ei tid ein skal ha med seg heile livet. Kvar dag med tapt ungdomstid utan solid fagleg grunnlag er ein dag for mykje. Som Barneombodet seier det: Det må vere faglege råd, ikkje frykt som styrer smitteverntiltaka.

Det å innføre nasjonalt raudt nivå for vidaregåande skule no i denne fasen av pandemien er etter Venstres syn feil og uhaldbart. Kan statsministeren gjere greie for kva fakta og råd regjeringa la til grunn då ein fyrst vedtok nasjonalt raudt nivå i vidaregåande skule før jul, på tvers av faglege råd, og så etter jul tviheld på dette også etter at ein ved skulestart kan dokumentere minimalt smittetrykk i mange kommunar? Korleis heng dette saman med alle fine ord og fagre løfte om å prioritere born og unge i koronapandemien?


Les heile debatten