Munnleg spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til fiskeri- og havministeren

Om kva som blir hovudlinjene i fiskeripolitikken, for det er vanskeleg å sjå ut frå plattforma at dette er ein ny kurs i eit uroleg hav

Datert: 24.11.2021
Svart på: 24.11.2021 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Vi er i ein situasjon med eit budsjett i uroleg sjø, og i den situasjonen vil eg be den nye fiskeri- og havministeren om å segle inn i méda.

Vi har vore gjennom ein valkamp der fiskeri absolutt har vore høgt på dagsordenen, der den samla opposisjonen har vore kritisk til fiskeripolitikken til den gamle regjeringa. I fjor kom det ein rapport frå Riksrevisjonen som slo ned som ei bombe i norsk fiskeripolitikk. Rapporten slo fast at den rådande fiskeripolitikken har vore øydeleggjande for kystsamfunn, har brote med sentrale prinsipp i fiskeripolitikken, har ført til konsentrasjon av fiskerettar og har sørgt for at store aktørar er blitt enda større – han har rett og slett stengt vegen til å kome seg ut i fiskeria for ungdom. Det er altså på rad og rekkje ei negativ utvikling for kystnasjonen Noreg, som er bygd på fiskeri. Mange kystsamfunn står no, effektivt, utanfor det lukka fisket.

Regjeringa har – og velkomen til statsråden – danna ei plattform der riksrevisjonsrapporten ikkje er nemnd med eit ord, samtidig som representantar frå Arbeidarpartiet, bl.a. statsråden da han var kandidat, har brukt mykje av tida si i fiskeripolitiske samanhengar til å referere til riksrevisjonsrapporten og til at dette må ein gjere noko med. Så eg ønskjer at statsråden rett og slett trekkjer opp kva som blir hovudlinjene, for det er vanskeleg å sjå ut frå plattforma at dette er ein ny kurs i eit uroleg hav.


Les heile debatten