Munnleg spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til helse- og omsorgsministeren

Om statsråden er einig i at vi no står i ei nasjonal bemanningskrise i helsesektoren

Datert: 12.05.2021
Svart på: 12.05.2021 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Pandemien vi står midt oppe i, har sett helsepersonell i heile landet i ein utruleg krevjande situasjon. Det er kolossalt mykje jobbing, arbeid til alle døgnets tider, noko som er veldig ukurant og gir eit utruleg arbeidspress på dei tilsette. Dette skjer på toppen av at vi er midt inne i ei bemanningskrise i helsesektoren, og tal frå SSB viser at den krisa kjem til å bli enda verre i tida som kjem, viss ikkje noko blir gjort. SSB anslår at vi vil mangle 28 000 sjukepleiarar og 18 000 helsefagarbeidarar i 2035.

Riksrevisjonsrapporten frå 2019 viste store problem på sjukehus med å rekruttere og ikkje minst behalde sjukepleiarar, jordmødrer og spesialsjukepleiarar. To av tre jobbar i tillegg deltid. Ei undersøking NRK nyleg gjorde blant toppleiarar i norske kommunar, viser at éin av tre kommunar tviler på om dei er i stand til å gi heimebasert omsorg til dei som treng det i framtida.

Dette var altså situasjonen og undersøkingar som skjedde før pandemien. Så har pandemien kome i tillegg, midt oppe i ei bemanningskrise. Det er grunn til å stille spørsmål om situasjonen er verre no, om den låge bemanninga, så mykje deltid og utfordringar som pandemien i tillegg fører til, vil føre til at enda fleire vil slutte.

Da er spørsmålet: Er statsråden einig i at vi no står i ei nasjonal bemanningskrise i helsesektoren?


Les heile debatten