Munnleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Om at regjeringa køyrer hardt på vidare trass all motstand mot å skrota Ullevål sjukehus, ei sjukehusinvestering som vil ha ein prislapp på mellom 50 og 60 mrd. kr og som vil belasta Noregs sjukehusbudsjett i ei årrekkje

Datert: 12.05.2021
Svart på: 12.05.2021 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Mitt spørsmål går til helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Folk forstår ikkje kvifor regjeringa vil leggja ned, skrota og så selja Ullevål sjukehus. Fagmiljøa ved Oslo universitetssjukehus, anten det er helsefagarbeidarar i Fagforbundet, sjukepleiarar i Sykepleierforbundet, legar i Legeforeningen eller LO i Oslo, sluttar alle opp om parolen «Redd Ullevål Sykehus». Alle folkevalde i Oslo bystyre, unntatt representantane frå Høgre og Arbeidarpartiet, slår ring om Ullevål. Sju av ti innbyggjarar i Oslo vil bevara Ullevål sjukehus, viser ei meiningsmåling.

Årsaka til denne massive støtta er at fagmiljøa ser at det medisinske tilbodet vert dårlegare og meir fragmentert, mens samfunnsøkonomane ser at skroting av Ullevål er ei sløsing med ein bygningskapital som representerer ein verdi på langt over 10 mrd. kr. På Stortinget er også støtta frå regjeringa sine eigne representantar sviktande. Venstre er imot. Sentrale Høgre-representantar er ueinige, og Kristeleg Folkeparti seier ingen ting. Men prestisjeprosjektet til statsminister Solberg og helseminister Høie har framleis støtte frå leiinga i Arbeidarpartiet, og det er det.

Denne sjukehusinvesteringa vil ha ein prislapp på mellom 50 og 60 mrd. kr og vil difor belasta Noregs sjukehusbudsjett i ei årrekkje. For trass all motstand mot å skrota Ullevål sjukehus køyrer regjeringa hardt på vidare. Kva er det statsråden har forstått, som folk ikkje har oppdaga?


Les heile debatten