Munnleg spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til utenriksministeren

Om kvifor regjeringa sørgjer for den største befolkningsnedgangen sidan førre tusenår viss det er av "nasjonal sikkerhetspolitisk betydning at det bor folk i nord"

Datert: 24.02.2021
Svart på: 24.02.2021 av utenriksminister Ine Eriksen Søreide

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Mitt spørsmål går til utanriksministeren. Befolkningsutviklinga i Nord-Norge er alarmerande. Ifølgje ferske tal frå SSB er Troms, Finnmark og Nordland dei fylka som har hatt størst befolkningsnedgang, og aller verst er det i det høge nord.

«Kommunane som har utgjort dagens Troms og Finnmark har ikkje hatt ein større samla nedgang sidan 1997», skriv SSB. Det kom ut 23. februar i år. Dette skjer samtidig som regjeringa i både Sundvolden-plattforma og Granavolden-plattforma slår fast at nordområda er Noregs viktigaste utanrikspolitiske og strategiske ansvarsområde.

I nordområdemeldinga vi har til behandling i Stortinget no, skriv regjeringa:

Likevel skjer det altså ein kraftig befolkningsnedgang som ikkje har vore større sidan 1997, og som beviseleg har akselerert under denne regjeringa. I dette perspektivet er det nedslåande å lese nordområdemeldinga, for ho beskriv utfordringane i Nord-Noreg i detalj, ope og ærleg, men så er ho nærmast ribba for verkemiddel for korleis ein skal kunne betre livsgrunnlaget til folk i nord. Dette vert påpeikt ikkje berre av SV; det er sjølve gjennomgangstonen i alle svara frå høyringsinstansane til regjeringa. Her er det mykje beskriving og lite handling.

Mitt spørsmål til utanriksministeren er rett og slett: Viss det er av «nasjonal, sikkerhetspolitisk betydning at det bor folk i nord», kvifor sørgjer da regjeringa for den største befolkningsnedgangen sidan førre tusenår?


Les heile debatten