Spørjetimespørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Om kva statsråden meiner om funna frå Befalets Fellesorganisasjon (BFO) si undersøking som viser dårleg trivselen blant tilsette i Forsvaret, og kva vil han gjere med situasjonen så Forsvaret ikkje både miste viktig kompetanse og verte mindre attraktivt som arbeidsplass

Datert: 14.01.2021
Svart på: 20.01.2021 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Det vart nyleg publisert funn frå Befalets Fellesorganisasjon (BFO) si undersøking om trivselen blant tilsette i Forsvaret. Ifølgje undersøkinga vil berre kring åtte prosent av dei tilsette i Forsvaret i dag tilrå Forsvaret som arbeidsplass. Tilstanden innan eigedom, bygg og anlegg er kritisk dårleg fleire stader. Dersom tilhøva ikkje vert betra snarleg vil Forsvaret både miste viktig kompetanse og verte mindre attraktivt som arbeidsplass.
Kva meiner statsråden om funna frå BFO si undersøking, og kva vil han gjere med situasjonen?


Les heile debatten