Munnleg spørsmål fra Lene Vågslid (A) til justis- og beredskapsministeren

Om behov for ein sterkare innsats mot gjengkriminalitet og kriminelle nettverk, bl.a. gjere det enklare å beslagleggje verdiar og pengar, og kva som er grunnen til regjeringas sommel og konstant motstand mot alle forslag, uansett om dei er gode eller ikkje, frå opposisjonen

Datert: 11.11.2020
Svart på: 11.11.2020 av justis- og beredskapsminister Monica Mæland

Lene Vågslid (A)

Spørsmål

Lene Vågslid (A): Spørsmålet mitt går til justisministeren.

For Arbeidarpartiet er det viktig at kriminelle gjengar og nettverk ikkje får utvikle seg og skape utryggleik i nærmiljøa til folk, og framstå som kriminelle førebilete med masse pengar. Då er det heilt avgjerande å gå etter pengane og verdiane. Kriminalitet skal ikkje løne seg, og her har høgreregjeringa, òg med Framstegspartiet, føreteke seg fint lite. Få gjengleiarar er tekne, verdiar blir inndregne i liten grad, få saker blir førte for retten, noko som seinast i fjor blei peikt på av Riksadvokaten, Oslo politidistrikt, Øst politidistrikt og Politidirektoratet.

Arbeidarpartiet har lenge meint at det er behov for ein sterkare innsats mot gjengkriminalitet og kriminelle nettverk, og me har derfor fremja ei rekkje forslag dei siste åra som har blitt stemte ned, alle saman, av høgreparti og av Framstegspartiet. Me meiner det skal hardare lut til enn det som kan framstå som kosmetiske grep, som justisministeren snakka om i Aftenposten på måndag. Eg stussar litt over at statsråden ikkje viser til at det i straffeloven i dag er ein utvida åtgang til inndraging, som Arbeidarpartiet har etterlyst auka bruk av i fleire år. Dette, i tillegg til å få på plass mekanismar for sivilrettsleg inndraging, veit me vil gjere det enklare å beslagleggje verdiar og pengar.

Spørsmåla mine er: Kva er grunnen til regjeringas sommel i desse sakene, ein konstant motstand mot alle forslag, uansett om dei er gode eller ikkje, frå opposisjonen? Og trur statsråden at kosmetiske presiseringar i straffeloven, som understrekar dagens rettstilstand, er det som skal til?


Les heile debatten