Munnleg spørsmål fra Hadia Tajik (A) til finansministeren

Om at det dei siste vekene har vore mykje debatt om forskjellane i Noreg har auka, og kva finansministeren har tenkt å gjera med at dei rikaste har vorte rikare

Datert: 21.10.2020
Svart på: 21.10.2020 av finansminister Jan Tore Sanner

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Dei siste vekene har det vore mykje debatt om forskjellane i Noreg har auka. Det har enda med å verta ein debatt om kva som eigentleg er fakta, og ikkje om kva me burde gjera for å få forskjellane mellom folk ned.

Eg har registrert at Høgre har avfeia rapporten om formuesskatt frå Frischsenteret og NMBU, som regjeringa sjølv har bedt om, og når SSB har laga ein rapport om at ulikskapane er større enn me hadde trudd, svarar Høgre at rapporten er litt pussig. Det er noko litt amerikansk over måten å nærma seg fakta på, og ikkje på den gode måten. Folk bør kunna stola på at ansvarlege parti ikkje dyrkar sine eigne alternative fakta.

Eg har tenkt å gjera oss begge ei teneste. Alle dei fakta eg no kjem til å referera til i spørsmål til finansministeren, har Finansdepartementet som kjelde. Så lat oss no ta ein diskusjon om ulikskap.

Ifølgje Finansdepartementet har kapitalinntektene «blitt mer konsentrert blant de rikeste». Det står på side 43 i nasjonalbudsjettet. Ein enklare måte å seia det på, er at dei rikaste har vorte rikare. Kva har finansministeren tenkt å gjera med det?


Les heile debatten