Spørjetimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Om kva statsråden gjer for å sikre kvalitet, ro og tillit i Helgelandssjukehuset, med bakgrunn i omfattande kritikk mot leiinga og den plutselege stenginga av kreftkirurgien

Datert: 15.10.2020
Svart på: 21.10.2020 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Statens helsetilsyn har komme med omfattande kritikk mot leiinga i Helgelandssjukehuset. Den plutseleige stenginga av kreftkirurgien har skada HMS for medarbeidarar og leiarar, skada føretaket sitt omdømme og ført til at risikoen for skadar og dødsfall hos pasientane kan ha auka. Samtidig er helseføretaket kritisert for kjøp av tenester frå eit eksternt PR-byrå, som også hadde fått tilsendt tre hemmeleigstempla kreftrapportar med sensitiv og teiepliktig informasjon.
Kva gjer statsråden for å sikre kvalitet, ro og tillit i Helgelandssjukehuset?


Les heile debatten