Munnleg spørsmål fra Jon Georg Dale (FrP) til klima- og miljøministeren

Om statsråden kan bekrefte det som olje- og energiministeren seier, at iskantsona med den nye definisjonen frå regjeringa går stadvis lenger nord enn sona gjorde med bakgrunn i stortingsvedtaket frå 2011

Datert: 06.05.2020
Svart på: 06.05.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Jon Georg Dale (FrP)

Spørsmål

Jon Georg Dale (FrP): Hovudspørsmålet mitt går til klima- og miljøministeren:

Framstegspartiet er oppteke av iskanten fordi vi vil tryggje tusenvis av arbeidsplassar i oljeindustrien. Vi vil leggje grunnlaget for framtidig velferd, og vi vil skape nye lønsame bedrifter.

Når regjeringa no la fram forslag til forvaltningsplan og definisjon av ny iskantsone, feira Venstre det som er oppgitt å vere gjennomslaget deira for å innskrenke desse moglegheitene til ein lønsam olje- og gassproduksjon i nord. Statsråden sa sjølv på pressekonferansen til regjeringa, på spørsmål om kor langt sør ho går i forhold til den gamle iskantsona, at ho går 134 km sør for den på det meste og ca. 49 km lenger sør ved Bjørnøya.

Stortinget vedtok i 2011 ein definisjon av iskanten etter forslag frå dåverande regjering. Samanlikna med dette er spørsmålet korleis dagens forslag frå regjeringa ser ut. For å finne ut det kan vi for eksempel sjå på kva olje- og energiministeren svarar når departementet får spørsmål om det: Denne iskantsona, med andre ord forslaget frå regjeringa, ligg stadvis nord og stadvis sør for iskanten, slik det vart lagt fram i Meld. St. 10 for 20102011.

Spørsmålet er difor veldig enkelt: Kan statsråden bekrefte det som olje- og energiministeren seier, at iskantsona med den nye definisjonen frå regjeringa går stadvis lenger nord enn sona gjorde med bakgrunn i stortingsvedtaket frå 2011?


Les heile debatten