Munnleg spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og moderniseringsministeren

Om det er ei kursendring med Framstegspartiet ute av regjering, der fylkesmennene no får bestemma meir i plan- og byggjesaker og lokaldemokratiet mindre

Datert: 26.02.2020
Svart på: 26.02.2020 av kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Spørsmålet mitt går òg til kommunalministeren.

Det er mange som blir politikarar etter at dei har møtt byråkratiet i plan- og byggjesaker. Påbygg av eit hus, frådeling av ei tomt eller bygging av ein garasje eller eit naust er ofte saker som folk trur skal gå greitt, men det er før dei møter byråkratiet og vanskane med miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen eller fylkeskommunen – i fyrste rekkje. Difor vender mange av dei seg til oss i Framstegspartiet, som er eit ombodsparti for folk flest, og som vil at me skal ha ja-kommunar som leitar etter ein grunn til å seia ja framfor ein grunn til å seia nei.

For oss er det eit viktig prinsipp at ein legg stor vekt på lokaldemokratiet i plan- og byggjesaker. Eigedomsretten er eit anna viktig prinsipp. Me ynskjer å forenkla planbehandlinga, redusera planleggingstida og sikra at planar ikkje blir verdilause for utbyggjarar.

I tida då Framstegspartiet var i regjering, fekk me gjort ein god del, men me er langt frå i mål. Kommunaldepartementet har avgjort over 150 saker sidan regjeringsskiftet i 2013, og kommunane har fått medhald i litt over 80 pst. av dei. Til samanlikning var det litt under 40 pst. under den raud-grøne regjeringa. Men etter at Framstegspartiet gjekk ut av regjeringa og Astrup vart kommunalminister, har departementet avgjort tre saker, og no er statistikken dårlegare enn han var under dei raud-grøne, for no har fylkesmennene fått medhald i alle sakene og lokaldemokratiet i ingen. Kommunaldepartementet har ikkje godkjent ein plan i Oslo kommune på Huseby, Kommunaldepartementet har ikkje godkjent ein plan i Vestby kommune, og Kommunaldepartementet har heller ikkje godkjent ein plan i Ulstein kommune.

Så spørsmålet mitt er: Er det ei kursendring med Framstegspartiet ute av regjering, der fylkesmennene no får bestemma meir og lokaldemokratiet mindre?


Les heile debatten