Spørjetimespørsmål fra Hans Inge Myrvold (Sp) til samferdselsministeren

Om på kva måte statsråden vil sikra at ferjereisande og fylkeskommunen ikkje står aleine med den store meirkostnaden som er påført med omlegginga til låg- og nullutsleppsteknologi, med bakgrunn i auka ferjebillettprisar

Datert: 30.01.2020
Svart på: 05.02.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Hans Inge Myrvold (Sp)

Spørsmål

Hans Inge Myrvold (Sp): Ferjereisande i Hordaland og langs heile kysten står i ein uhaldbar situasjon. Frå nyttår har ferjebillettprisane auka i størrelsesorden 35–40 pst. Denne meirkostnaden er så stor at innbyggjarane i distrikta no anten må flytte eller bytte jobb for å få den økonomiske kabalen til å gå opp.
På kva måte vil statsråden sikra at ferjereisande og fylkeskommunen ikkje står aleine med den store meirkostnaden som er påført med omlegginga til låg- og nullutsleppsteknologi?


Les heile debatten